Overlegen nr. 1 - 2013

OVERLEGEN 1-2013 48 Norsk Dermatologisk Forening vart skipa 27. januar 1915. Namnet vart seinare endra til Norsk Dermatologisk Selskap. I 2011 vedtok generalforsamlinga å endre namnet til Norsk forening for dermatologi og venerologi (NFDV) for å markere at venerologien er ein integrert del av spesialiteten. Det var med venerolgien det heile starta. Frå tidleg på 1500-talet spreidde syfilis seg i landet, men det var først 200 år seinare det vart eit stort problem. På 1700-tallet spreidde ei vondarta form av syfilis seg over hele Noreg, spesielt på landsbygda, den såkalla «radesyken». Saman med eit oppbluss av lepra, særleg på Vestlandet, var dei dermatologiske sjukdomane rekna for å vere dei vanlegaste i landet. Ved grunnlegginga av Noreg sitt første universitet i Christiania i 1811, vart det frå 1817 gjeve medisinsk undervisning i dermatologi - først ved Agers Amtssygehus (eit tidlegare radesjukehus) på Galgeberg under Eikaberg, seinare som del av Rikshospitalet (RH). Frå 1841 var det ein eiga hudavdeling ved RH, den første spesialavdelinga innan medisin i Noreg. Dermatovenerologien har gått gjennom store endringar sidan foreininga vart skipa for nesten 100 år sidan. Syfilis og lepra er ikkje lenger dei sjukdomane som dominerer faget i vår del av verda. Likevel er det viktig ikkje å gløyme at dei seksuelt overførbare infeksjonane (SOI) framleis er svært utbreidde i alle land og verdsdelar, også i Noreg. Syfilis er ikkje utrydda! I Noreg vart det i 2011 meldt 130 tilfelle av primær, sekundær og tidleg latent syfilis, altså dei smittsame stadiene av syfilis. Dei siste 10 åra har det globalt vore ein pågåande syfilisepidemi blant menn som har sex med menn. I den same gruppa er det også størst risiko for HIV-smitte. Den sjeldne sjukdomen lymfogranuloma venereum har dukka opp att. Gonoré har vorte ein utfordring å behandle p.g.a. multiresistens. Fokus må haldast oppe også på dei veneriske sjukdomane. Det er difor svært gledeleg at Olafiaklinikken har fått status som nasjonalt kompetansesenter for seksuelt overførbare infeksjonar. Primo januar 2013 var det 169 godkjende spesialistar i hud- og veneriske sjukdomar som var medlemer i NFDV. Førtisju medlemer var under spesialistutdanning. Rundt halvparten av dei godkjende spesialistane arbeider utanfor sjukehus, anten i avtalepraksis eller i privatpraksis utan driftstilskot. Talet på avtalespesialistar og privatpraktiserande spesialistar varierer betydeleg i dei ulike helseføretaka. Ei stor utfordring i åra framover, blir å få ferdige spesialistar til å flytte ut frå sentrale strok og overta avtalepraksisar og overlegestillingar ved poliklinikkar på mindre sjukehus, når kollegaer går av med pensjon. Nesten 1/3 av dei noverande spesialistane er i aldersgruppa 60-69 år. Dei sjukaste hudpasientane blir framleis behandla på døgnpostar på hudavdelingane på regionsjukehusa, men sengetalet her har vorte redusert til eit minimum. Mykje av behandlinga har vorte overført til dagavdelingar og poliklinikkar. Mange hudsjukdomar er kroniske og pasientane må leve med sjukdomen sin livet ut. Tidlegare bestod behandlinga stort sett i smørjing, bad, lysbehandling, og for dei verst stilte, tablettbehandling. Spesielt kunnskapen om og behandlinga av alvorleg psoriasis har endra seg radikalt i løpet av dei siste 10-15 åra. Forsking og epidemiologiske studiar har vist at psoriasis er ein autoimmun sjukdom med auka risiko for hjarte-/ karsjukdom, diabetes og overvekt. Dei nye, såkalla biologiske legemidla, har vist seg å ha god effekt også på psoriasis. Stadig fleire pasientar med alvorleg psoriasis blir behandla med medisinar som held dei symptomfrie. Medikamenta er relativt dyre, og det er utarbeidd nasjonale retningslinjer for kven som skal få tilbod om denne type behandling. Mange spørsmål om både sjukdomsårsak og behandling kjenner vi framleis ikkje svara på. Nasjonale kvalitetsregistre har vist seg å vere nyttige hjelpemiddel for å overvake effekt og biverknader av ulike behandlingstiltak. Arbeidet med å opprette eit fagspesifikt nasjonalt register for biologisk behandling innan dermatologi er godt i gang. Vi reknar med at eit slikt FaMe Innlegg fra Turid Jorunn Thune, seksjonsoverlækjar Hudavdelinga, Haukeland universitetssjukehus. Leiar i Norsk forening for dermatologi og venerologi ›› Hud- og veneriske sjukdomar: Gammal spesialitet med nye utfordringar

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy