Overlegen nr. 1 - 2013

OVERLEGEN 1-2013 49 register etter nokre år vil kunne bidra til å gje oss ein del av svara vi søkjer. Hudkreft, som blir delt inn i melanom og non-melanom hudkreft, er diagnosar som krev mykje ressursar i dermatologien. Talmessig dominerer non-melanom hudkreft som består av basalcellecarcinom (BCC) og spinocellulære carcinom (SCC). UV-stråling, alder og immunsuppresjon er kjende risikofaktorar. Risikoen for å utvikle «non melanoma skin cancer» (NMSC), er mangedobla hjå organtransplanterte. Med eit aukande tal eldre, høgare levealder og fleire organtransplanterte, er det venta at talet på NMSC vil stige kraftig. Nye, effektive og lite traumatiserande behandlingar som PDT (fotodynamisk terapi) og Imiquimod krem vil kunne nyttast ved dei lettaste tilfella, men mange må framleis behandlast kirurgisk. Både hudlækjarar og plastikkirurgar må vere førebudde på å kvesse knivane. Malignt melanom er ei alvorleg kreftform der tidleg diagnose og behandling er heilt avgjerande for prognosen. Dermatologar er spesialistar i klinisk diagnostikk av føflekkreft og har plikt til å ta mot pasientar med reell mistanke om malignt melanom på kort varsel. Det er venta at behovet for kontroll- og behandlingskapasitet innan feltet hudkreft vil auke kraftig i åra framover. Prioritering av oppgåvene våre vil bli stadig viktigare. Ein pariakaste i medisinen er eldre med kroniske leggsår. Venøse leggsår fell inn under spesialiteten dermatovenerologi. Alle eldre med kroniske leggsår har rett til å få stilt ein diagnose. Lækjarar generelt har vist lita interesse for pasientar med kroniske leggsår, og behandlingsansvaret har ofte vorte lagt til sjukepleiarar i pleie- og omsorgstenesta. Når ein årsaksdiagnose blir stilt, og det er ei oppgåve for lækjaren, kan pasienten få korrekt behandling slik at såra kan gro og ev. nye sår kan førebyggjast. Fastlækjaren må engasjere seg. Finn ikkje han/ho ut av det, bør pasientar med kroniske leggsår visast til spesialist i dermatovenerologi. For å få kapasitet til å ta mot fleire nye pasientar, er det heilt naudsynt at kommunehelsetenesta tek ansvar for sårstell og bandasjeskift. Samhandlingsreforma har så langt dessverre ikkje fungert tilfredstillande på dette området. Dermatovenerologi har vore rekna som eit forskingsfattig fag. I 2008 vedtok generalforsamlinga, etter forslag frå styret i dåverande Norsk dermatologisk selskap, å opprette eit eige forskingsutval med representantar frå alle helseføretaka. I vårt fagmiljø er det no mykje større fokus på forsking. Kvart år arrangerer forskingsutvalet i samarbeid med styret eit forskingsseminar på Gardermoen der alle utgifter blir dekka av den fagmedisinske foreininga. NFDV deler kvart år ut forskingsstipend til medlemene, og i samarbeid med industrien, blir det delt ut både publikasjonsprisar og ulike andre prisar og stipend. Det spirer og gror i forskingsmiljøa. Fleire kollegaer har disputert i løpet av dei siste 2 - 3 åra, fleire stipendiatar ventar berre på datoen for diputas, og andre er godt i gang med ein PhD. Framtida ser relativt lys ut dersom universitetssjukehusa klarer å halde på den akademiske kompetansen. Universiteta og universitetssjukehusa kan ikkje konkurrere lønsmessig med lukrative avtalepraksisar. Universiteta må difor gjere seg meir attraktive på andre felt for å kunne vere konkurransedyktige. Uansett vil fagområdet i fleire år framover slite med at dei noverande professorane går av med pensjon før nye professorkompetente dermatovenerologar er på plass. Men vi skal ikkje klage, framtida har ein gong sett mørkare ut. • FaMe Ref.: 1. Ole Fyrand. Dermatologiens historie. April 1999, presentert på NFDV si nettside. 2. FHI. Gonoré og syfilis i Norge 2011 3. Hilal Maradit-Kremers et al. Risk and predictors of cardiovascular disease in psoriasis: a population-based study. Int J Dermatol 2013; 52 42-40. 4. Jensen AO, Svaerke C, Farkas D, Pedersen L, Kragballe K, Sørensen HT. Skin cancer risk among solid organ recipients: a nationwide cohort study in Denmark. Acta Derm Venereol 2010 Sep;90(5):474-479. 5. Etufugh CN, Phillips TJ. Venous ulcers. Clin Dermatol 2007 Jan-Feb;25(1):121-130. 6. Gjersvik P, Nylenna M, Jemec GB, Haraldstad AM. Dermatologic research in the Nordic countries 1989-2008 - a bibliometric study. Int J Dermatol 2010;Nov;49(11):1276-1281. 7. Rustad L. Dermatologi – en ikke-akademisk spesialitet? Masteravhandling. Oslo: Universitetet i Oslo, 2007.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy