Overlegen nr. 1 - 2015

OVERLEGEN 1-2015 9 Derfor er det etter mitt syn gledeleg når kirurgar i dag stiller spørsmål om dei skal bruke kompetansen sin til å gjere rituell omskjæring på spebarn når eldre kreftpasientar må vente. Det er ein annan grunn til å framheve helsegevinstkriteriet som eit krav som må stillast til all intervensjon. §12 i kapittel 1 i Etiske regler for legar framhevar at legar har eit etisk ansvar for forvalting av samfunnet sine ressursar. Ein sjølvsagt stad å byrje er berre å tilby tenester som gir helsegevinst. Det er ei kjent sak at område utanfor helsevesenet som gode skular og barnehagar, gode bumiljø, trygge vegar og gode velferdsordningar for dei som fell utanfor har store verknader på folkehelsa, kanskje større enn mange helsetenester. Når helsegevinst og ressursbehov er vurdert, kjem helsetapskriteriet inn. Alle skal få behandling som dei treng og som dei har nytte av, uavhengig av alder. Det er særleg der ressursbruken er stor (eller der det er mangel på organ) at helsetapet blir relevant. Der tilstanden reduserer livslengde og livskvalitet og rammar tidleg i livet, er høg ressursbruk meir akseptabel. Dette er heilt i tråd med grunnleggande profesjonsetiske verdiar, vi er villige til å gi meir for å hjelpe dei sjukaste når helsehjelpa har effekt og akseptabel risiko. Helsegevinst og helsetap på eit overordna nivå Den nye prioriteringsmeldinga legg stor vekt på at ressursbruk skal kunne forsvarast etisk og fagleg. I løpet av dei seinare åra er det både i inn- og utland sett søkelys på at det går føre seg overdiagnostikk og unødvendig behandling i mange deler av helsetenesta. Dette er problematisk, ikkje berre fordi det går med ressursar som kunne blitt brukt på andre som treng det meir, men også fordi overdiagnostikk og unødvendig behandling skadar pasientar. Å løfte fram unødvendige helsetenester er derfor ein etisk og fagleg utfordring. Her er igjen kritisk og etisk bevisste fagfolk heilt nødvendige. Prioriteringsutvalet har gjennom eit samarbeid med Lege- foreningen oppfordra dei fagmedisinske foreningane til å identifisere tre område innan eige fagfelt der det går føre seg overdiagnostikk og overbehandling, og tre område der det trengst meir ressursar. Dei svara vi fekk, er til å bli klok av. Tilbakemeldingane som ligg i kortversjon som vedlegg i NOUen, bør vere utgangspunkt for viktig arbeid blant fagfolka. Her kan nemnast mykje unødvendig diagnostikk, unødvendig mange svangerskapskontrollar, og kirurgi på tynne indikasjonar på pasientar med stor risiko for komplikasjonar og redusert livskvalitet. Eit anna fenomen som utvalet har løfta fram og som er knytt til dette, er dei store geografiske variasjonane vi ser på ulike behandlingsformer i dette landet, variasjonar som ikkje let seg forklare ut frå pasientbehov, men som nokså sikkert skriv seg frå ulike kulturar og ulike vurderingar fagfolk i mellom. Registrering av geografiske variasjonar i helsetenesta er viktig også for å identifisere underprioriterte område, i tillegg til å vere reiskap for kritisk gransking av ressursbruk som ikkje er drive av sjuklegheit. Eit anna virkemiddel som utvalet tek til orde for, er at kunnskapar om ressursbruk og prioritering må komme inn i all grunn-vidare og etterutdanning. Enno eit verkemiddel for å støtte opp rundt vanskelege prioriteringsdilemma er at kliniske etikk-komitear får nødvendig kompetanse til å kunne vere drøfting og rådgivingsfora også i desse spørsmåla, slik fleire komitear allereide har vore i det siste. Det er mi faste overtyding at prioriteringsarbeidet aldri blir rettferdig og godt dersom arbeidet ikkje er forankra i fagmiljøa. Arbeidet kan aldri bli godt dersom det blir styrt av byråkratar og pålegg utanfrå. Prioriteringsarbeidet er eit profesjonsetisk ansvar for legar. • Universitetet i Bergen tilbyr ei skreddarsydd leiar- utdanning på deltid for deg som jobbar i helsesektoren og vil kvalifisere deg for leiaroppgåver. Masterprogrammet består av tre frittståande emne, kvart på 20 studiepoeng, i tillegg til ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Du kan velje om du vil ta enkelt- emne eller full mastergrad. • Helseleiing • Kvalitetsforbetring i helsetenesten • Helseøkonomi For meir informasjon: uib.no/evu MASTER I HELSELEIING, KVALITETS- FORBETRING OG HELSEØKONOMI ETTER- OGVIDEREUTDANNING VED UNIVERSITETET I BERGEN Søknadsfrist: 1. juni 2015 Prioriteringsarbeidet kan aldri bli godt dersom det blir styrt av byråkratar og pålegg utanfrå. Prioriterings arbeidet er eit profesjonsetisk ansvar for legar

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy