Overlegen nr. 1 - 2017

OVERLEGEN 1-2017 32 ›› Mi oppleving er at vi er med på ei fantastisk reise. Samstundes veit eg at enkelte meiner prisen for reisa er høg, og at nokre betaler vel mykje av prisen. Eg veit at mange legar meiner dei har mista noko av den faglege autonomien og dermed mister dei noko av arbeidsgleda. Det er synd. Gode klinikarar og forskarar er alltid berebjelken i eit godt sjukehus. Innsatsen deira bringer oss stadig nye steg framover. Den gode klinikar nyt respekt på alle nivå i sjukehuset. Dei blir lytta til og drar de medisinske utviklinga framover til beste for pasientane. Nye rammer for arbeidet Har dei likevel mista den faglege fridomen sin? På dei aller fleste områder nei, på nokre områder ja. Det er framleis legane som driv den medisinske utviklinga, det er framleis legane som prioriterer mellom pasientar, det er framleis legane som vel behandling. Men det er sett nokre nye rammer for arbeidet gjennom standardisering av pasientforløp og prosessar. Dette sikrar at det blir mindre tilfeldig variasjon og at prosessane blir forutsigbare. Dette kjem dels samtidig med utvikling av tettare tverrfaglig samarbeid og brukarinvolvering. Det gir mindre autonomi for den tilsette og behov for å tilpasse seg andre på ein ny måte. Om denne utviklinga er negativ eller positiv er mykje opp til korleis ein vurderer det, men utviklinga går i retning av betre pasientbehandling med færre pasientskader og at fleire får behandling til rett tid. Sjå nytten I tider med endringar er det viktig å ha tett dialog og involvering av tilsette. Særleg gjeld dette i kompetanseorganisasjonar som sjukehus. Skal vi lukkast med implementering av ny teknologi og endra prosessar, må våre tilsette sjølv sjå nytten for pasientbehandlinga m.v. og får høve til å påverke utviklinga. Involvering i utvikling og endringsprosessar er eit område eg som leiar har ambisjonar for. Her kan vi ta nye steg og bli betre. Eg veit det vil ha mykje å bety for motivasjon og arbeidsmiljø. Nødvendig rapportering? Rapportering og kvalitetsindikatorar påverkar arbeidskvardagen for dei tilsette på ulik måte, og kan vere noko av grunnen til at enkelte kjenner på at dei ikkje har fridom til å styre kvardagen på same måte som tidlegare. Vi får stadig fleire og betre pasientrettar og vi får stadig fleire nye krav til betre og raskare behandling. Vi må vise at vi gjer det som pasientane har krav på. Andre rapportar gir oss verdifull innsikt om skilnader i til- gjenge og behandling ved dei ulike sjukehusa og regionane. Desse rapportane gir oss moglegheit til å rette opp unødvendig variasjon i pasienttilbodet og ressursbruken. Vi kjem ikkje forbi at det må rapporterast. Ikkje sikkert at alt er like nødvendig, men mykje er sjølve grunnlaget for viktige endringar som sikrar god og rettferdig pasient behandling. Det er derfor ikkje noko mål å kjempe mot rapportering. Målet må vere å finne betre måtar å rapportere Openheit, tillit og respekt – meir enn ord Av Eivind Hansen, administr. direktør, Haukeland universitetssjukehus Medisinen har aldri vore så langt framme og vår evne til å hjelpe eller behandle er kome utruleg langt. Det blir stadig utvikla nye metodar og ny teknologi som bidreg sterkt til forbetra resultat for pasientane. Openheit, tillit og respekt. Det er eit godt fundament for å bygge arbeidsmiljø der dei gode klinikarane kan trivast og yte sitt beste. Eivind Hansen

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy