Overlegen nr. 1 - 2017

OVERLEGEN 1-2017 33 på. Mi oppgåve som sjukehusleiar er å finne gode løysingar og god teknologi som gjer at det går minst mogleg tid med til rapportering. Uformell dialog I ei tid der diskusjonen har gått høgt om tillitsvalde og sentrale tilsette kan ha tillit til leiinga, har det vore viktig for meg å komme i nærare dialog med tillitsvalde. Det er mange formelle kanalar for kontakt mellom tillitsvalde og leiinga. Men eg har tru på dei uformelle kanalane som eit supplement der vi kan legge på bordet likt og ulikt og på den måten bygge eit fundament for ein god og trygg dialog. Det vil alltid komme tilfelle der det stormar og leiing og tillitsvalde står steilt mot kvarandre, men med eit fundament av grunnleggande tillit vil alle partar takle dei vanskelege sakene betre. Tillit kan berre byggast gjennom dialog og kjennskap til kvarandre. Vi spør legane Streiken i haust var vanskeleg for alle. For meg var det viktig å halde ved like og betre dialogen og tillitsforholdet med dei tillitsvalde. I etterkant av streiken har eg invitert til møter med Of og Ylf saman med toppleiinga ved sjukehuset, og vi har no månadlege møter. Vi er mellom anna samde om å kartlegge situasjon for legane på Haukeland universitetssjukehus gjennom ei «Åpenhetsundersøkelse». Saman vil i få vite meir om korleis kulturen er i heile sjukehuset og i ulike klinikkar. Etterpå vil vi sette oss saman og drøfte resultatet av undersøkinga og finne tiltak som vi kan bruke på ulike nivå. Møter 500 leiarar Gode leiarar har ein nøkkelfunksjon for å skape godt arbeidsmiljø og entusiastiske tilsette. Vi har lenge jobba målretta med leiarutvikling internt på sjukehuset. Vi har om lag 500 medarbeidarar som har leiaroppgåver på ulike nivå i sjukehuset, og det er ei utfordring å sikre at alle har nok kompetanse og innsikt til å utøve godt leiarskap. Kvar månad har eg møte med alle desse leiarane, fordelt på fire møter over to dagar. Her er også tillitsvalde og verneombod velkomne. Alle får same informasjon, og målet er at alle får eit felles bilde av situasjonen. Dette er med på å bidra til openheit om dei viktigaste sakene og moglegheit til å påverke. Må gå begge vegar Leiargruppa vår har tatt utfordringa om å betre tilhøvet til tilsette og tillitsvalde på alvor. Som ein berebjelke for leiarskapet vårt har vi vald tre verdiar: Openheit, tillit og respekt. Ikkje sjeldan tar eg fram desse orda og sjekkar ut om det vi gjer er farga av desse orda. Vi skal vere opne om alt vi gjer, vi skal vise tillit til våre tilsette, og vi skal respektere ulike syn og ulike menneske i organisasjonen. Men det må gå begge vegar. Vi må ha gjensidig tillit og respekt. Vi får ikkje det gode samarbeidet dersom den eine parten tillegg den andre skjulte motiv. Openheit, tillit og respekt. Det er eit godt fundament for å bygge arbeidsmiljø der dei gode klinikarane kan trivast og yte sitt beste. • VELUTRUSTET LEGEKONTOR SENTRALT I TRONDHEIM Søker kollega til velutrustet legekontor i Trondheim. Jeg bruker det kun 2 dager ukentlig. Søker nå kollega, gjerne pensjonert overlege(r) til de resterende dagene; for å dele på utgiftene. Kontakt John Lille-Mæhlum john@johnlm.no tlf 941 92 432

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy