Overlegen nr. 1 - 2020

OVERLEGEN 1-2020 19 Om global temperaturauke og folkehelse Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) skriv i 2014-rapporten korleis klimaendringar held frammed å utvikle seg (IPCC, 2014). Temperaturen globalt har auka omtrent i takt med CO 2 -konsentrasjonen, og ein reknar med at temperaturen vil auke også i komande tiår dersom det ikkje blir reduserte utslepp av CO 2 og andre gasser som påverkar temperaturen. Nedanfor tar vi for oss dei ulike følgjene som klimaendringane kan få for folkehelsa i Noreg. Skader og dødsfall som følge av ekstremvêr og skred Auken i ekstremvêrhendingar som vi har sett dei siste åra, er i tråd med klimamodellane til forskarane (IPCC, 2014). Det er venta at talet på ekstrem- vêrhendingar fortset å auke når tempe- raturen stig ytterlegare. Døme på ekstremvêr er korte periodar med høg temperatur, kraftig vind og store nedbørsmengder. Regnet kan gi flom i elvar og utløyse skred. Ein fryktar at hyppigare flom og skred kan medføre fleire dødsfall og skadar. Om skredaktivitet i Noreg Dei typiske skredtypane i Noreg er snøskred, sørpeskred, steinsprang, steinskred, fjellskred, jordskred, flomskred, leirskred og kvikkleire- skred. Alle skred er meir eller mindre på- verka av vatn, for eksempel frå grunn- vatn i terrenget eller i form av regn. Dei skredtypane som oftast blir utløyste under intenst regn og/eller snøsmelting, er jordskred, flomskred og sørpeskred. Andre effektar av fuktigare klima Korn og matforsyning: Som følgje av varmare og våtare klima er det fare for at førekomsten av naturlege gifter kan auke, for eksempel muggsoppgifter i korn. Folkehelse­ rapporten har eit eiget kapittel om miljøgifter. Inneklima: Fuktigare klima aukar risikoen for fuktskader på bustader og andre bygningar. Folkehelseinstituttet har ein eigen artikkel om Tiltak ved helseplager i fuktige bygningar. Flåttborne infeksjonar I Noreg kan temperaturauke endre vilkåra for skadedyr som flått, som igjen kan auke førekomsten av flåttborne sjukdomar. Dette er sjukdomar som skuldast virus eller bakteriar som flåtten overfører til menneske. Noreg utgjer den nordlege utbrei- ingsgrensa i Europa for flåtten Ixodes ricinus. Flått finst no både lengre nord og høgare opp i fjellet enn tidlegare. Andre infeksjonar som blir overførte via insekt Ved klimaendringar kan også nye insektsoverførte sjukdomar bli etablerte i Noreg. • Vestnilfeber blir overført av mygg som finst i Noreg, men med dagens klima klarer ikkje viruset å modnast lenger nord enn til Mellom-Europa. • Asiatisk tigermygg kan spreie ei rekke ulike virus, blant anna sjukdomane denguefeber og chikungunyafeber. Denne myggen spreier seg raskt i Europa og med dei forventa klima- endringane, kan myggen etablere seg i kystområde i Sør-Noreg. TALET PÅ SKRED I FRAMTIDA IPCC (2014) konkluderte med at talet på personar som blir utsette for uvanleg stor flom, er forventa å auke over heile verda. Dersom den globale oppvarminga i nokre geografiske område aukar, og talet på hendingar med store nedbørs­ mengder også aukar, venter vi at dette vil utløyse fleire grunne og rasktflytande skred. Eksempel på slike skred er blant anna flomskred og jordskred. Vi forventar derfor at det totale talet på personar som er utsette for skred vil auke i ulike område i verda. I Noreg er det nokre få studiar som har undersøkt forholdet mellom skred og klima, blant anna Geoextreme (hovedsakelig snøskred) Resultata frå Geoextreme- prosjektet viser blant anna at: • Hyppigheita av snøskred vil auke i delar av Midt-Noreg og Vestlandet. Store delar av Sør-Noreg vil derimot få liten eller ingen auke i talet på snøskred, sjølv om klima- endringar vil føre til meir ekstremvêr. • For jordskred og flomskred er resultata meir usikre, men det er ein generell aukande tendens i Midt- og Nord-Noreg. Figur 2. Dødsfall fordelt etter skredtypar i perioden 1995-2016. Figuren omfattar 25 skred og 42 dødsfall. Dei skredtypane som først og fremst er knytt til store nedbørsmengder, er løsmasse- skred (jord, leire) og sørpeskred. Dødsfall på grunn av snøskred er ikkje inkludert i figuren. Kjelde: NVE. Stensprang/Steinskred Jordskred/Flomskred Sørpeskred Leirskred/Kvikkleireskred 23 5 7 7 KLIMA - HELSE

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy