Overlegen nr. 1 - 2020

OVERLEGEN 1-2020 20 • Leishmaniose som kan spreiast med sandfluger. • Dagens klima gjer at også malaria kan etablere seg på våre breidde­ gradar. Dagens helsetilbod er likevel tilstrekkeleg til å halde befolkninga fri for smitte. Mat- og vassborne infeksjonar Klimaendringane kan også auke føre- komsten av infeksjonar fordi ekstremvêr medfører brot på drikkevassleidningar og forureining av drikkevatnet, sjå avsnitt om skred ovanfor og kapittel om mat- og vassborne sjukdomar. Lengre pollensesong og nye allergiar Temperaturauke vil endre vekstvilkåra for pollenproduserande tre og plantar (Nordic Council of Ministers, 2009). Dette fører til at pollensesongen blir forlenga og kan dermed auke føre­ komsten av pollenallergiar, i tillegg til at pollenallergi kan oppstå tidlegare i livet hos dei som blir ramma. Temperaturauke kan også føre til at planter etablerer seg i område der dei ikkje veks i dag. Ein reknar derfor med at klimaendringar vil føre til etablering av pollenallergi mot nye plantearter (Lake, 2017). Pollenallergi inneber både høgsnue og pollenrelatert matallergi mot plantemat generelt Auka luftforureining Klimaendringar kan bidra til auka luftforureining, for eksempel gi høgare nivå av bakkenært ozon, som i sin tur kan forverre luftvegs- og hjertekar­ lidingar og auke førekomsten av for tidleg død i befolkninga. Luftforurei- ningar kan utløyse astmaanfall og forsterke kroppen sine reaksjonar på luftvegsallergen hos personar som allereie har astma eller høgsnue (rhinitt). Forureiningar kan irritere slimhinnene og forsterke astma og allergiplager (D'Amato, 2014). Framskrivingar av endringer i klima og luftforureining kan tyde på at klima­ endringane i mindre grad påverkar dødelegheita som følgje av luftforurei- ning. Utsleppsreduksjonar, endra demografi og endringar i utforming av bustadar vil påverke dødelegheita i langt større grad, også i nordeuropeiske byar ( Geels, 2015). Auka temperaturar i arktiske område har reist spørsmål om nedsmelting av is kan føre til frigjering av miljøgifter, som igjen kan auke forureininga av fisk og skaldyr. Ei ny oppsummering frå Det europeiske mattilsynet EFSAmeiner imidlertid at dette er usikkert (Sundseth, 2015). Psykisk helse Klimaendringar kan verke inn på psykisk helse både direkte og indirekte. Auka forekomst av posttraumatisk stressliding (PTSD), depresjon og angstlidingar er påvist i etterkant av akutte og vedvarande naturkatastrofer som flaum, tørke, hetebølgjer og ek- stremvêr (Barrett, 2015; Patz, 2014). Naturkatastrofar vil oftare ramme sårbare delar av befolkninga. Dei same gruppene vil ofte ha dårlegare tilgang til tenester og behandling for psykisk helse. Både akutte og varige klimaendringar vil auke risikoen for sosial uro og kon- flikt, med påfølgande konsekvensar for psykisk helse (Watts, 2015). Fysiske skadar og sjukdomar som følge av klimaendringar vil óg ha konsekvensar for psykisk helse blant dei som blir råka, samt born og andre pårørande (Watts, 2015) . Samanhengen mellom klima- endringar og psykisk helse er saman- sette og komplekse. Vi treng betre kunnskap både om samanhengane og om korleis vi kan møte utfordringane, slik at vi kan redusere konsekvensar for psykisk helse i befolkninga. Auka migrasjon I nokre område på kloda kan det bli umogleg å bu på grunn av for høge temperaturar og havnivåstingning. Som følge av dette kan migrasjonen auke. Det er usikkert i kva grad dette vil påverke Noreg (NOU 2010:10 kap. 11.3.2 Migrasjon) ( Miljøverndeparte- mentet, 2010). Se lenker her: https://www.fhi.no/nettpub/hin/miljo/klima-og-helse/ https://www.fhi.no/cristin-prosjekter/avsluttet/effekt-av-klimaendringer-pa-sammenhengen- mellom-ekstreme-varhendelser-og-va/ KLIMA - HELSE

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy