Overlegen nr. 2 - 2012

OVERLEGEN 3-2012 10 Talet 4700 skriv seg frå ei gjennomgåing i regi av Pasientsikkerhetskampanjen «I trygge hender» og Kunnskapssenteret. Trettini team, kvart med to røynde sjukepleiarar og ein lækjar, har sett raskt gjennom 7819 tilfeldig utvalde somatiske sjukehusjournalar av vel 500.000 tilgjengelege frå året 2010. I denne fyrste nasjonale GTT- screeninga vart det avdekt «pasientskade» i om lag 16% av dei 7819 undersøkte journalane.. Forbigåande og heilt lette pasientskadar, som uringvegsinfeksjon og mindre lækjemiddelfeil, vart påviste hjå 15%. Frekvensen av slike skadar varierte mellom 3,5% og 38% i dei ulike teama, altså med ein faktor på 10. Meir alvorleg var det at kring 1% (variasjonsbreidd 0-3%) av dei studerte pasientane hadde fått varig mein, og at 0,66% (stor variasjonsbreidd også her: 0-2%) døydde som fylgje av pasientskaden. Basert på 33 påviste dødsfall i materialet vart det ekstrapolert til alle somatiske sjukehusopphald dette året. Konklusjon:«4723 sjukehuspasientar døydde som fylgje av pasientskade» i Noreg i 2010. Kunnskapssenteret slår fast at om lag halvparten av desse dødsfalla kunne ha vore unngått. Om att og om att er dødstala blitt formidla til ålmenta, meir og meir skråsikkert for kvar gong. Kanskje ikkje så rart at Dagsrevyen tolkar dette som «4700 dødsfall pga sjukehustabbar» (4. april 2012)? Kan det verkeleg stemma at pasientskade er årsak til kvart tredje dødsfall i sjukehus? Er dødstala frå Kunnskapssenteret i samsvar med det andre finn? Kollega Hans Flaatten, røynd klinikar og ekspert på uønskte hendingar i sjukehus, skriv i Dagens Medisin 12.01.12 at estimatet for Noreg ligg langt over det ein har inntrykk av i den kliniske kvardagen. Han oppfattar dødstala frå Kunnskapssenteret som «uverkelege». Tala ligg også langt over det ein fann i ein grundig nederlandsk studie: kanskje 4% av sjukehusdødsfalla kunne ha vore unngått. Det ville svara til vel 500 dødsfall pr. år i Noreg. Statens helsetilsyn får kvart år melding om 200-400 unaturlege dødsfall frå norske sjukehus, om lag halvparten frå psykiatrien. Dei rapporterte dødstala frå somatisk sektor ligg difor kring 100-200 kvart år. Sjølv om me reknar med ei viss underrapportering, ser me at Kunnskapssenterets estimat ligg langt over dette nivået. Oslo universitetssykehus, som har eit relativt godt system for avviksregistrering, bokførde i 2011 vel 6000 avviksmeldingar om behandlinga frå ca 100.000 døgeropphald. Dei aller fleste rapporterte om «småskader og nestenulykker». Berre 240 av meldingane galdt «betydelige hendelser», inkludert 78 dødsfall. Med ein metodikk brukt i «The Canadian Adverse Event Study» vart det vurdert i kor stor grad (frå 1 til 6) desse dødsfalla kunne ha vore førebygde. For tredjedelen (24) av desse dødsfalla var det mest sannsynleg at dei kunne ha vore forhindra, og for berre 12% (n=10) var det svært sannsynleg. Dersom desse tala var representative, ville estimatet bli at det var om lag 200 unngåelege dødsfall pr. år på landsbasis. Korleis kan det vera så stor diskrepans mellom GTT-resultata og andre data om unngåelege dødsfall i sjukehus? Underrapportering til Helsetilsynet og i avvikssystemet er nok ein del av svaret, men forklarer neppe at GTTtala ligg 10 gonger høgare. Det er nærliggjande å spørja: Er GTT-metodikken påliteleg? Definisjonen av pasientskade som vert nytta i GTT, er så vid at ein vil registrera for mange tilfelle av «pasientskadar», også dei som ikkje kan førebyggjast, i den tru at «alle skal med», og at dei ein gong i framtida kanskje vil vera til å unngå. Det er etter vår Misvisande tal om pasientskadar og dødsfall i sjukehus Innlegg av Haldor Slettebø, overlækjar og Anders Baalsrud, leiar Stab Pasientsikkerhet båe Oslo universitetssykehus Tala di maa vera sann Fager ogso, om du kann Men um annat vanta maa Sanning maa du halda paa (Aasmund Olavsson Vinje) ›› Det siste året har me fleire gonger fått høyra at det i 2010 var 4700 pasientar som døydde av feilbehandling i norske sjukehus. Helseministeren seier det, Erna Solberg seier det, det kjem fram i VG, på TV2 og i Dagsrevyen. Og då må det vera sant? 4700 døde?

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy