Overlegen nr. 2 - 2015

OVERLEGEN 2-2015 19 Hospitalet Betanien i Bergen vart grunnlagd i 1914 av uvanleg engasjerte menneske som såg eit behov og tok ansvar for å fylla det. Det nye sjukehuset stod ferdig i ei tid med skrikande behov i helsevesenet, berre 10 år etter at 3 diakonisser kom over frå Kristiania. Samhandlinga mellom dei brennande diakonale hjarto og viljen til praktisk gjennomføringsevne og økonomisk offervilje hos forgjengar- ane våre gjorde dette mogleg. Det viste seg snart at det nye medisinske miljøet hadde sterk tiltrekkingskraft på kunnig helsepersonell. Ein slik trend har vedvart heilt til no. Vi opplever ein sterk fagkompetanse og innsatsvilje til beste for pasientane. Jordskjelvet som råka Betanien i november 2013, då tidlegare direktør vart arrestert, sikta og seinare dømd for grovt underslag av midlar frå Stiftinga, har neppe unngått dei merksame lesarane av OVERLEGEN. Betanien- saka reiser nokon prinsipielle spørsmål som eg vil prøva å drøfta her. Det sterke personlege engasjement karakteriserar ofte dei private ideelle helseinstitusjonane, som Betanien er eit døme på. I utgangspunktet er det ikkje nokon motsetnad mellom eit slikt engasjement og dei pliktene som styret har etter Stiftingslova. Likevel: mangelen på kontroll, tilsyn og ansvar i styret for Betanien Bergen har vore slåande og svært synleg for alle som vil sjå det. Slik Stiftelsen Betanien Bergen (SBB) har vore organisert, er den i stor grad sjølvrekrutterande. Dette førte for Betanien sitt vedkomande til at majoriteten av styremedlemene hadde si tilknyting til Metodistkyrkja. Primært burde økonomisk eller helsefagleg kompetanse vera dei sentrale eigenskapane ein søkta hjå styremedlemer til eit slikt stiftingsstyre. Kompetansen for å ha ansvaret for ei så stor helsebedrift må vera så brei og solid som mogleg. Heilt til mistillitsbrevet mot styret vart levert 9.2.15, var det styret sjølv som stod for forslag og innstilling av nye styremedlemer. Stiftingslova opnar i pgf. 36 for at eit anna organ m.a. kan oppnemna nye styremedlemer, avsetja sitjande, og føra tilsyn med rekneskapen. Ein valkomite vart oppnemnt i februar, og dei har kome med forslag om 4 nye styremedlemer. Eit anna veikt punkt som vart tydeleg med underslagssaka, var den manglande kompetansen og handlingslamminga som gjorde at politimeldinga av tidlegare direktør tok så langt tid som 15 månader. Når ein har ansvaret for å forvalta så store summar som nær 400 mill. kr., trengst avgjort også solid juridisk kompetanse. Dette mangla i styret på gjeldande tidspunkt, og den dei søkte, var ikkje uavhengig nok. Betanien-saka gjer også ei anna utfordring tydeleg: det må vera nok profesjonell avstand mellom styreleiar og styremedlemer og dagleg leiar av ei stifting. I vårt tilfelle har styreleiar gradvis glidd inn i ein posisjon av inhabilitet ved å få eit for nært venskapleg tilhøve til dagleg leiar. På det avgjerande tidspunktet, då underslaget var eit faktum i august 2012, var han i praksis blitt inhabil fordi han stod tidlegare direktør for nær. Eit partssamansett utval vart nedsett i desse dagar for å jobba med utfordringane og den heilt nødvendige rydde- jobben som står framfor oss på Betanien. I vår overdrive materialistiske tid er ei diakonal tilnærming til helsetenesta eit viktig og nødvendig korrektiv. Det er imidlertid viktig at det ikkje blir for sterke åndelege føringar inn på helsefagarenaen, det må vera god balanse. Ein måte å skapa eit nødvendig skilje på hos oss, kan vera å skilja ut den daglege sjukehusdrifta i eit aksjeselskap, medan bygningane og drifta av dei kan vera ansvaret til stiftinga. Dette gir eit naudsynt skilje og frirom for dei faglege vurderingane som alltid må liggja til grunn i ei moderne helsebedrift. • Utfordringar med helseinstitusjon som er organisert som stifting Av Arne E. Nakling, Overlækjar og HTV OF/DNLF Betanien sjukeheim og sjukehus ›› Ein måte å skapa eit nødvendig skilje på hos oss, kan v ra å skilja ut den daglege sjukehusdrifta i eit aksjeselskap, medan bygningane og drifta av dei kan vera ansvaret til stiftinga

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy