Overlegen nr. 2 - 2015

OVERLEGEN 2-2015 42 Det er sterk fagleg usemje om desse konklusjonane. Påstandane om dårleg kvalitet på kirurgi ved lokalsjuke- husa saknar dokumentasjon. Kven er det HOD spør til råds? Med svært få unntak er det folk frå universitetssjukehus og større sjukehus som slik legg premissane for sjukehusplanen som kjem til hausten. Kven er det som representerer kunnskap og erfaring som fagfolka på lokalsjukehusa har? Synsstad påverkar sjølv fagfolk sine råd, og her ser ein verda frå regjeringskvartalet og dei store sjukehusa. Statsråden vil truleg hevde at føretaka frå ulike delar av landet er godt representerte i dei ulike faggruppene som arbeider med sjukehusplanen. Men det hjelper lite. For føretaksorganiseringa er slik at lokalsjukehusa er slått saman med eitt eller fleire store sjukehus, som fullstendig dominerer dei små. Kjøtvekta avgjer. Dette gjeld i planarbeid og i faglege råd som føretaksadministrasjonane legg fram for sine styre og overordna organ. Alt handlar om kva som er bra for dei faglege ambisjonane for det store sjukehuset og for publikum som bur nær desse, ikkje kva som tener dei pasientane som soknar til lokalsjukehuset og som har lang veg til det store. Det store sjukehuset ynskjer eigentleg å beite på ressursane og oppgåvene til lokalsjukehuset. Både dei lokale og dei regionale føretaka er gjennomsyra av ein nærast blind sentraliseringsideologi der ein korkje etterspør dokumentasjon for faglege påstandar eller har auge for at tenestene skal vere likeverdige for alle, også for dei som bur langt fra det store sjukehuset. For det er dette saka eigentleg handlar om. Rettferd og likeverdig helsetilbod. For dersom ein legg ned velfungerande akuttkirugiske tilbod ved lokalsjukehusa, vil dette medføre at pasientane i distrikts Noreg får eit tilbod med dårlegare kvalitet og dårleg- are tilgjenge. Folk i distrikta vert slik mindreverdige borgarar med dårlegare tryggleik for eige liv og helse. Når du vert akutt sjuk og treng sjukehusinnlegging er oppgåva vår å finne ut kva som feiler deg og så velje rett behandling. Nokre gongar er det medisinsk behandling, andre gongar operasjon. Dette kan ein ikkje vite på førehand. Til dette treng ein brei medisinsk kompetanse i vakt. Eit system som baserer seg på omfattande siling og slusing av ulike pasientkategoriar til ulike typar sjukehus, vil medføre at somme pasientar nødvendigvis må bli sendt til «feil adresse». Eit lokalsjukehus utan kirurg vil sjølvsagt ikkje kunne operere pasienten som treng dette. Verre er det kanskje at ein manglar Kronikk i Klassekampen torsdag 7. mai 2015 Lokalsjukehus og akuttkirurgi Av Rune Heggedal, overlege, Volda sjukehus Helsestatsråd Høie si ekspertgruppe vil legge ned akuttkirurgien ved dei fleste lokalsjukehusa, skriv Nationen. Grunngjevinga skal vere dårleg kvalitet og den medisinske utviklinga mot meir spesialiserte tenester. ›› Eit lokalsjukehus utan kirurg vil sjølvsagt ikkje kunne operere pasienten som treng dette. Verre er det kanskje at ein man lar avklaringskompetanse i forhold til om operasjon er nødvendig eller ei.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy