Overlegen nr. 2 - 2015

OVERLEGEN 2-2015 43 avklaringskompetanse i forhold til om operasjon er nødvendig eller ei. Dette vil medføre tidstap, meir liding, lange ambulansetransportar og stundom og tap av liv. Dette er ikkje eit forsvarleg sjukehustilbod. Fagleg kvalitet er avgjerande viktig. Og øving gjer meister. Det forstår også vi som arbeider på mindre sjukehus. Lokalsjukehusa har færre legar som går vakt og som deler på arbeidsoppgåvene enn på større sjukehus, der det også er omfattande opplæring av yngre legespesialistar. Det er ofte slik at kirurgen du treffer på lokalsjukehuset er ein erfaren overlege som har gjort det aktuelle inngrepet mange gongar tidlegare. Og som opererer fleire timar kvar veke enn kollegaer på det store sjukehuset. Og det vi snakkar om er vanlege akutte tilstandar og vanlege operasjonar, ikkje hjartekirurgi eller nevrokirurgi. Det er ikkje slik at alle lokalsjukehus strevar med dårleg rekruttering og svake fagmiljø. Eg kjenner ein annan røyndom enn helseministeren og ekspertane hans. Volda sjukehus er eit lite lokalsjukehus. Alt etter korleis ein reknar, yter vi allminnelege sjukehustenester til eit omland på 45-60.000 menneske. Vi har god rekruttering med stabil fastbuande stab av legespesialistar og spesialsjukepleiarar, vi har kø av yngre legar som vil bu og virke hos oss til beste for folket på Søre Sunnmøre og i Nordfjord. Vi driv moderne og fagmessig blautkirurgi og ortopedi, gynekologi, fødselsomsorg, indremedisin, radiologi og anestesi / intensivmedisin. Og vi er det mest effektive sjukehuset i Helse Møre og Romsdal med lavast kostnad per behandla pasient, også innanfor kirurgi. Dette sjølv om vi har innført eiga vaktordning både for blautkirurgi og for ortopedi. Vi har altså allereie tilpassa oss framtida sine faglege krav. Men får vi lov å framleis yte trygge, heilskaplege sjukehustenester for folket her? Nei. Ikkje dersom Helse Møre og Romsdal og Høie får viljen sin. Fjernar ein akuttkirurgien vil gode fagmiljø raskt forvitre og ein vil gjere seg stadig meir avhengig av utlandske vikarlegar før ein til slutt kan stenge døra også for dei indremedisinske pasientane. Slik er situasjonen for mange lokalsjukehus i distrikta i heile Noreg. Har vi råd til dette? • Fjernar ein akuttkirurgien vil gode fagmiljø raskt forvitre og ein vil gjere seg stadig meir avhengig av utlandske vikarlegar før ein til slutt kan stenge døra også for dei indremedisinske pasientane. Slik er situasjonen for mange lokalsjukehus i distrikta i heile Noreg. Har vi råd til dette?

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy