Overlegen nr. 2 - 2015

OVERLEGEN 2-2015 64 Sentralstyret vedtok i mars 2014 å starte eit prosjekt som skulle sjå på medisinsk grunnutdanning, med eit relativt breitt mandat: Det iverksettes et utredningsarbeid om den medisinske grunnutdanningen. Det etableres en prosjektgruppe og en referansegruppe for prosjektet. Utredningen skal belyse situasjonen ved de medisinske fakultetene i Norge. Prosjektgruppen skal se på om det er mulig med en økt harmonisering mellom studiestedene. Gruppen skal videre se på om det er samsvar mellom målbeskrivelser, organisering av studiene og læringsutbyttet i grunnutdanningene og helsetjenestens/samfunnets behov. Utredningsarbeidet skal også ta for seg dimensjonering av utdanningen i Norge sett i forhold til fremtidig behov for leger. Kva har vi så funne? Fyrst og fremst at det er eit stort engasjement blant legar for grunnutdanning. Vi har òg fått stadfesta mistanken om at veldig mange av dei arenaene som er gode læringsarenaer, er dei arenaene vi sjølve som legar treng og sakner når dei blir borte. Morgonmøtet, fredagsmøtet, dei tverrfaglige møta – dei som kan reknast som 30 minutt arbeidstid for x legar, men som likevel gir meir informasjon og betre resultat enn summen av interne meldinger ein kan sende i EPJ. I tillegg har vi funne nokre utfordringar, der særskilt ein er noko vi som legar kan bøte på. Eg skal komme attende til den, men fyrst vil eg ta den aller største utfordringa: Nasjonal eksamen. Då eg studerte i Dublin på tidleg 2000-tal ynskte vi oss utlandsstudentane ein nasjonal eksamen. Dette var for ein gong for alle sleppe å høyre at vi ikkje var gode nok til å komme inn i Noreg. For å ta dette fyrst, EU og yrkeskvalifikasjonsdirektivet gjer at Noreg ikkje kan krevje at studentar frå EU/EØS-land skal ta ein slik eksamen. Dekanane ved dei fire norske fakulteta ynskjer seg ein nasjonal eksamen. Politikerane ynskjer seg ein nasjonal eksamen: det er forskriftsendringer på gong som vil opne for nasjonal eksamen òg i profesjonsstudium som medisin. Dette stemmer med det vi som sjukehuslegar opplever: det skal teljast. Problemet er som vi veit at at det som er lett å telje ikkje alltid er det som er rett å telje. Med nasjonal eksamen er det i tillegg det at ein ikkje er samd om kvifor ein skal telje. Skal ein kvalitetssikre studentane? I så fall treng vi ein svært god eksamen, som tester kommunikasjon, klinisk kunne, og refleksjonsevne. Ein må teste praktisk og teoretisk, og helst på fleire punkt gjennom studiet. Skal ein hjelpe arbeidsgjevarane til å velje turnuslegar? Då er det mest interessant med praktisk kunne, dei «gatesmarte» som klarer å legge veneflon, kommuniserer godt med sjukepleiarane og er kjappe på innkomstjournalane. Skal ein kvalitetssikre universiteta? Eller skal fakulteta måle seg mot kvarandre? Kor store ressurssar er ein villeg til å putte inn i systemet? Det er tre ting som er relativt sikre: 1) Ein nasjonal eksamen vil vere ein god plass å legge ressurssar 2) Det er fagfolka, altså vi legar som underviser, som må lage eksamen for at den skal vere god nok 3) Studentane les på det som blir testa på eksamen. Dette siste er òg det viktigaste argumentet for punkt ein og to. Vi skulder våre yngste kollegaer at dei ikkje nytter studietida si til å lese og øve på ting som ikkje er til beste for dei sjølve og pasienten. Eit anna aspekt er kvar studentane får undervisning. Tilbakemeldingar frå studentar syner, ikkje overraskande, at dei trivst godt på små sjukehus, og i allmenpraksis. Om du som les dette er hjartekirurg: det er ikkje det at studentane syns hjartekirurgi er keisamt, tvert om. Fellesnemnaren mellom små sjukehus og allmenpraksis er at studentane har lengre tilknytning til kvar avdeling. Istaden for å vere ein av to studentar Av Marit Halonen Christiansen, leder av Legeforeningens prosjekt for Grunnutdanning. Medisinsk grunnutdanning – òg noko for Legeforeninga Legeforeninga har som eitt av sine føremål å fremme kvalitet i den medisinske utdanninga. Kva er då meir nærliggande enn å engasjere seg i vår felles grunnmur – grunnutdanninga? GRUNNUTDANNINGEN - fundamentet for legeyrket Innspillsrapport til landsstyremøtet 2015 ››

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy