Overlegen nr. 2 - 2015

OVERLEGEN 2-2015 65 som skal vere her denne veka, vert dei Julia og Even som skal vere her i fire veker. Du har sjølv lært Julia å auskultere hjartet, å sjå etter venestuvning og stasedermatitt. Då er det lett å ha henne med på poliklinikken og diskutere med henne. Du veit at Even har lest seg opp i journalen til pasienten, så når han står på krakken på operasjonssalen er det lett å forklare kva du gjer, kanskje til og med late han vaske seg så han kan sjå enda litt betre. Det er gamal viten at trygge studentar lærer betre, og ingenting i vegen for at studentane òg på store sjukehus kan være lengre på ei avdeling, istadenfor å komme innom alle. Kvar studentane får praksis er òg eit økonomisk spørsmål Å utdanne ein student i Noreg kostar ca 3,2 millioner kroner. Dei medisinske fakulteta får overført ca 2,3 millionar. Dei har sjølvsagt litt andre finansieringskjelder, kan bruke pengar frå andre studier, men ein kjem ikkje vekk frå at ein god slump pengar òg går til helseføretaka, som er pliktige til å bidra til å utdanne helsepersonell. Det er fint, men burde ikkje alle som driv med offentleg finansiert helsehjelp vere pliktige til å bidra til å utdanne helsepersonell? Vi har dagkirurgi, dagbehandling, fast-track og poliklinikk. Dei færraste ligg lenge på sjukehus (heldigvis), og dei som gjer det er oftast skikkeleg sjuke. Burde ikkje studentane kunne lære i avtalepraksis og på sjukeheim? Det er ikkje viljen det står på, men ofte pengane. Sjukeheimane må nok mange stader ha betre legedekning om dei skal kunne drive undervisning, men her er det komplekse pasientar som kan vere godt egna til studentundervisning . Det aller største problemet er kanskje at undervisning har for låg status. Igjen, det er ikkje viljen det står på. Mange av mine LIS-kollegaer syns det er storarta å undervise. Dei er kanskje dei best skikka til det òg : ikkje for langt frå studietida, med god oversikt over fagfeltet sitt, men ikkje svært subspesialiserte enda. Vi veit alle kva som skjer: du er satt opp på studentundervisning, den som skulle hatt dagvakt må vere heime med sjukt barn, og på ei alt underbemanna avdeling vert det undervisninga som ryk. Sjølvsagt skal pasientane gå framfor studentane. Eller kanskje ikkje? Studentane er investeringa vi gjer i framtida. Dei som driv undervisning på heiltid får løna si avgjort av forskning. Vi snakker om undervisningsplikt, men forskningsfri. Kan vi finne eit system der undervisning i seg sjølv tel? Ingen er gode på alt. Nokre er framifrå forskerar og formidlerar, men dei fleste har eit sterkt og eit litt svakare bein. Kan dei som er skikkeleg flinke forskerar primært halde på med det, og dei som er fantastiske formidlerar bruke mest tid på det? Det fins alt i dag opning for dette. Universitets – og høgskulelova opner for ein alternativ karriereveg til den tradisjonelle førsteamanuensis – professorvegen. Førstelektorar kan bli dosentar. Det er ikkje heilt likeverdig, men bør prøvast. Er det så noko bra i dagens undervisningssystem, eller er det berre utfordringar? Det er svært mykje bra. Nasjonal eksamen er ein utfordring, men harmonisering er eit gode. Istadenfor at den som underviser eit emne sjølv set eksamens- oppgåvene, kan ein dele eksamensoppgåver mellom fakulteta. Dette motvirker privatisering av undervisninga, og sikrer at det er dei store og viktige felta som blir testa. Studentane lærer mykje om kunnskapshandtering og -implementering. Dette er verkty som dei tek med seg inn i yrkeskarrieren. Kvar finn ein kunnskap når bakvakta er opptatt, og korleis veit ein at det ein finn er bra nok til å brukast? Korleis sikrer ein at det ein implementerer har høg nok kvalitet, og jamn kvalitet? Ser vi på våre eigne resultat slik at vi driv best practice, ikkje berre gjer det vi alltid har gjort? Sjølv syns eg dette er eit av godane med å ha med meg student – eg må alltid stille spørsmål med kvifor eg gjer ting slik eg gjer dei. Fakulteta underviser òg kommunikasjon. Opp mot 70% av klagesakene i helevesenet går på dårleg eller manglande kommunikasjon. Dei færraste av oss er født gode, vi må øve, her som alle andre plassar. Dei ulike studiestadane har alle ulike metodar, for skriftleg og munnleg, og ulike typer fomidling. Det bra, for det er fleire vegar til Rom. Ulempen, og fordelen, med heile systemet er oss. Legane altså. Prosjektgruppa har reist rundt til dei ulike fakulteta, og på eitt universitet snakka eg med ein student om tverrfagleg trening. Han var svært nøgd, men la til «det er jo litt rart, dette er fyrste gong eg ser ein sjukepleiar». Han var på tredjeåret. Rett skal vere rett, det var ikkje fyrste gong studenten såg ein sjukepleiar, men det var litt rett likevel. Når studentane kjem ut i klinikken ser dei oss. Dei ser legane, for det oss dei vil bli, det er oss dei identifiserer seg med. Eg er ein samler, og samler på folk og situasjonar eg ser opp til. Eg hugser med glede attende til ein sommer då eg fekk hospitere på anestesiavdelinga på Haukeland. Overlegen sto bak då eg skulle intubere. Eg skalv litt på handa, og han sa: «dette går bra. Pasienten er preoksygenert, han har framleis 100% metning, og om du ikkje klarer det, skal eg klare det .» Eg klarte det, mykje fordi han skapte det rommet og roen eg trengte. Vi driv alle undervisning når det er ein student i rommet. Berre å vere med- veten det ansvaret vil løfte oss littegran. Om vi så kan gjere felles sak med studentane og få bruke dei ekstra tre minutta per konsultasjon på å forklare student og pasient framfor å banne framfor dataskjermen blir det til og med ein vinn-vinn situasjon. Dette klarer ikkje fakulteta åleine – dei treng oss, legane i klinikken. Betaling? Som min gamle anatomiprofessor pleide å sei: «The look on a students face when the penny finally drops - priceless!» •

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy