Overlegen nr. 2 - 2017

«Langligger» som vi fekk sjå onsdag kveld. Stykket byggjer på Coby Omvlee sine opplevingar og observasjonar under eit langt sjukehusopphald etter ei ulykke. Omvee framførte sjølv stykket. Diskusjonen, som Omvlee deltok aktivt i, gjekk rundt tema meldekultur, dokumentsjon, kommunikasjon, samhandling, ansvar, tillit, utskrivingspress og innkjøpssystem. Omvlee etterlyste først og fremst ein fast lege som kjenner til heile sjukehistoria og som ser pasienten som eit menneske med eigne meiningar og ressursar. Medisinens møte med ondskap var tittelen på professor Per Nortvedt, Institutt for helse og samfunn UiO, sitt føredrag. Med utgangspunkt i tyske lækjarar si deltaking i nazistane sitt folkemord, prøvde han å gje svar på spørsmål om det er særtrekk ved medisinen som kan bidra til umenneskeleggjering og vondskap. Lækjarane vart sett på som Hitlers biologiske soldatar, og 45% av alle tyske lækjarar var medlemar i nazipartiet. Hitler sin sjefslege meinte at han gjorde ei menneskeleg teneste mot dei skrøpelege. Etter krigen var det ingen, korkje lækjarar eller sjukepleiarar, som uttrykte dårleg samvit for det dei hadde vore med på. Kva er vilkåra for at profesjonsetikken kan bryte saman? Nortvedt presenterte mange forklaringsmodellar for vondskap og kom inn på medisinens spesielle rolle og korleis lækjarar er ekspertar på dehumanisering. Det tok berre to veker frå ein lækjar kom til ein konsentrasjonsleir før han var i stand til å peike ut dei som skulle drepast. Umoral – drap blir eit arbeid. Nortvedt nemnde at det fanst unntak, nokon tok avstand og prøvde å hjelpe. Til slutt kom han inn på korleis ein kan prøve å førebyggje at noko slikt kan skje igjen. Tilsyn – verkar det? Tilhøvet mellom helselov og arbeidsmiljølov. Avdelingsdirektør Lars Duvaland og sjefsadvokat Frode Solberg frå JA-­ avdelinga, Dnlf, hadde fått i oppdrag å snakke om tilsyn med arbeidsmiljø og helsetenester. Verkar det? Dei snakka om tilhøvet mellom helselovgivinga og arbeidsmiljølovgivinga og at det er lite samarbeid mellom Arbeidstilsynet og Helsetilsynet. Tilsyn på helseinstitusjonane er sjeldan samordna. Tilsyna sine ansvarsområde og verkemiddel vart gått gjennom. Arbeidstilsynet gjev stort sett pålegg til verksemda og baserer seg på tilbakemeldingar frå verksemda og vernetenesta når pålegg blir lukka. Helsetilsynet kan etter tilsyn gje individreaksjonar og systemreaksjonar. Helsetilsynet kan gje pålegg om stenging og tvangsmulkt til ei verksemd. I 2016 gav Helsetilsynet ingen verksemder pålegg eller tvangsmulkt, men gav ei rekkje individreaksjonar: 60 åtvaringar og ca. 40 autorisasjonstap. Vilkår for varsling og erfar- ingar med varsling vart presenterte. Nesten halvparten av norske arbeidstakarar er redde for å varsle fordi dei er redde for represaliar. Juristane gjekk også gjennom nyleg avslutta tilsynssak på UNN. Dei avslutta med at det er lys i tunnellen. Ny forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten trådde i kraft 1.1.17. I 2018 skal medarbeidarundersøkinga og pasientryggleikundersøkinga slåast saman. Tilsette og pasientar i same båt? Ellen Tveter Deilkås snakka om kva pasienttryggleikskultur er og korleis det kan målast. Deilkås refererte til at det er fleire og fleire undersøkingar som viser samanheng mellom tryggleiksklima for dei tilsette og pasienttryggleik. Dersom det er dårleg tryggleiksklima, er det vist at det blir fleire UVI og liggesår på avdelinga. I USA skårar sjukehusa høgare på kvalitet dersom toppleiinga brukar tid til å diskutere pasientryggleik og ikkje ønska hendingar. Deilkås kom inn på kva leiinga kan gjere for å betre pasientrygg- leikskulturen. Medarbeidarundersøkinga frå 2014 viste stor skilnad i og mellom dei ulike helseføretaka. Undersøkinga har ført til at det har blitt meir fokus på desse spørsmåla. Tilsynsmeto- dikken er forelda med tanke på å få til endring. Kontinuerleg fokus på forbetring er det som har effekt. Samanheng mellom leiing og arbeidsmiljø Robert Mood, tidlegare leiar i Forsvaret og spesialutsending til FN var invitert til å dele sine viktigaste erfaringar som leiar og samanhengen mellom leiing og arbeidsmiljø og gode resultat. Robert Mood snakka om militært leiarskap og at godt leiarskap avheng av tre ting: kontekst – å sjå ting i sin rette samanheng, å kjenne dei som er involverte og å kjenne seg sjølv. Han gav råd om at alle leiarar bør skrive sin eigen leiingsfilosofi og å finne ein person som kan utfordre deg når du gjer noko som blir oppfatta som feil i teamet. Hans eigen leiingsfilosofi som leiar i forsvaret var: Løys oppdrag, ta vare på dine kvinner og menn. Deleger når du kan. Gje ordre når du må. Det er alltid leiaren sitt ansvar når noko går gale, det er teamet si forteneste når det går bra. Det må vere lov å gjere feil, leiaren må vere støttande når noko går gale. Leiinga må førebu seg på alt. «Plans are nothing, planning is everything». Hovudkonklusjon: Ansvar er noko du har frå du startar i ein jobb til du sluttar. Lisbeth Sommervoll, viseadm.dir ved OUS hevda at leiing er eksempel – du må leve det du seier. Tillit er leiarskapet sin valuta – tillit må du fortene. God leiing blir målt i resultat. En god leiar må lytte. Leiarar må våge å leie. Ansvar og mynde må fylgje kvarandre. Sommer- voll ga uttrykk for at ho ikkje er ein førekjempar for NPM , men hevda at målingar og rapporteringar er naudsynte for at leiinga skal ha noko å styre etter. Støtteordningar for leger Til slutt snakka overlege Karin Rø, LEFO Legeforskningsinstituttet, om Dag 2 starta med ein engasjert og interessant diskusjon om tema OVERLEGEN 2-2017 20

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy