Overlegen nr. 2 - 2020
OVERLEGEN 2-2020 10 Vi skriv no juni 2020 Smittevernrestriksjonane har smått om senn blitt lempa på, Noreg opnar, mange er kanskje litt lei korona. Heldige oss, får ein seie, vi er ikkje Storbritannia eller Italia. Det er likevel ei nyttig øving, å sjå tilbake. Nokre ting klarte vi relativt bra, og andre ting må vi definitivt jobbe meir med neste gong. For der kjem fleire pandemiar, kanskje meir korona òg. Kvinneklinikken ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) er ein av dei større i landet, med drygt 4300 fødslar i 2019. Vi har over 300 tilsette, fordelt på 7 einingar. Av desse er førti legestillinger, inkludert avdelingsover- legen. Det er to fødeavdelinger, ei låg risikoeining med ca 1200 fødslar per år, og ei høgrisikoeining med resten. SUS har nyfødtintensiv som tar premature med alle gestasjonsaldrar. Spol tilbake tre månader I starten av mars hadde vi starta å planlegge, hadde vore på besøk på pandemiposten, planlagt for fødsel og akuttransport til operasjonsstove frå smitteisolat, organisert datapunkter for STAN og ultralyd, og begynt å fortelje om smittevern. Som på andre sjukehus hang det plakatar – «har du vore i Wuhan eller Iran?» Vi var budde på at det kunne komme pasientar med smitte. Det vi ikkje var budde på, var at det kunne være tilset- te som viste seg å være smitta. Søndag 8. mars fekk vi påvist smitte hjå ein av våre tilsette. I løpet av eit par timar omkalfatra vi heile drifta parallelt med smittesporing av tilsette og organise- ring av kven som måtte i karantene. Det første vi erfarte var at systemet fungerer Innan ein time etter at telefonen om smitte kom var alle avdelingssjuke pleierar, avdelingsjordmødre, avdel ingsoverlege og HMS-kvalitetskoordi- nator på jobb. Å drive omorganisering, smittesporing og intens informasjons- verksemd er ikkje noko ein gjer åleine. Etter eit par dagar flytta vi koronaan- svaret frå den vanlege leiarlinja og inn i eit koronateam. Svært mange jord mødre var i karantene, og avdelings- jordmødrene trengtes direkte i drift. Koronateamet består for vår del av HMS-KP (HMS- og kvalitets og pasi- entsikkerhetskoordinator), jordmor/ sjukepleiefagleg koordinator, to dedikerte legar, avdelingsoverlege, ein obstetrisk og ein gynekologisk overlege og avdel ingssjefen. Ein lege og HMS-KP brukte 100% av tida på dette. Initialt hadde vi to skypemøter til dagen. Koronateamet reviderte prosedyrar, organiserte opp- læring og informasjon, og svarte på spørsmål. Dette frigjorde tid for alle andre leiarar. Legane utan leiaransvar svarer i tillegg ut spørsmål frå tilsette som rekner seg for å være i risiko grupper. Dette var òg nyttig for informasjonsflyt. Det neste vi erfarte, er kor godt avdelinga faktisk fungerer Alle jordmødre ved KK jobber ved to einingar. Dette gjer at folk er gode på TEMA - PANDEMI Korona på kvinneklinikken «Kanskje du kan skrive noko om å være leiar når store delar av staben havner i karantene?» Spørsmålet kom i midten av mai. I grunnen hadde eg lyst til å svare kort; «supertravelt, men kjekt på ein rar måte». Av Marit Halonen Christiansen, avdelingssjef Kvinneklinikken Stavanger universitetssjukehus, og tidlegare mangeårig tillitsvald i Dnlf ›› Foto: SUS/Svein Lunde Foto: Marit Halonen Christiansen
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy