Overlegen nr. 2 - 2020

OVERLEGEN 2-2020 11 rutinar, og kjenner kvarandre. Føde­ avdelingane vart slått saman fyrst på lågrisikoeininga, deretter på den smittevaska fødeavdelinga. Uforløyste kvinner vart flytta til gynekologisk sengepost. Begge desse tiltaka vart gjort av mangel på personell; initialt havna 45 personar i karantene, på det meste var 90 tilsette ved KK i heime­ karantene. I lokalane for observasjonspost for gravide etablerte vi avklaringsmottak for alle KK sine pasientar med mistenkt korona. Vi hadde aldri fått dei løysing­ ane vi har hatt under pandemien utan at alle tilsette har kome med innspel og løysingsforslag. Vi har hatt in-situ-­ simuleringar fleire gonger per veke. Fokus har vore vante situasjonar kom- plisert av isolasjon, i tillegg til det reint smittevernmessige. Når eg snakkar om tilsette, må eg nytte høvet òg her til å skryte Folk står på og jobbar. Dei to overlegane som var i utdanningspermisjon fekk denne inndratt, og all forskningsaktivitet vart innstilt – alt som eit resultat av at vi sendte 13 legar rett i karantene 8. mars. Avdelinga og eg personleg vart kontakta av avtalespesialistar og privat- praktiserande gynekologar og jord­ mødre som tilbaud seg å hjelpe. Overlegar i karantene svarte på tele- fonar frå LIS og fastlegar. Jordmødre i karantene svarte på fødetelefonen. Dette siste inkluderte nattestid – det var mykje telefonar frå urolege gravide då vi måtte legge om drifta. Å jobbe under uvante omstende er ikkje berre uvant, det er óg veldig slitsomt. Etter nye smittetilfelle ved føde- avdelinga avgjorde vi i samråd med smittevern at vi skulle bruke smitte- vernutstyr på fødeavdelinga. Tiltaket er drastisk – når 1 av 3 som føder i Noreg ikkje sjølve er fødde i Noreg, er det ekstra utfordrande å skulle kommunisere utan bruk av mimikk. Det er uvisst om det var smittevernut- styr i seg sjølv, eller alle dei andre smitteverntiltaka som vart innskjerpa, men etter to veker med munnbind og smittefrakkar vart fødeavdelinga «avisolert». Informasjonsbehovet er enormt. Vi delegerte relativt raskt kontakten med tilsette i karantene (på det meste hadde vi 90 tilsette i heimekarantene) til ei som sjølv var i karantene. I tillegg etablerte vi koronanytt, og koronavakt. Koronanytt vart publisert på intranett, og delt til «karantistar». Koronavakta var tilgjengeleg på telefon i helger. Den fyrste veka var ingen av leiarane eller assisterande leiarar innafor AML sine grenser. Å ha ei koronavakt som kunne svare på spørsmål, drive smitte- sporing, og soleis avlaste leiarane, var eit grep for å hindre utbrenthet – som så langt ser ut til å ha virka. TEMA - PANDEMI Skjermdump fra NRK

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy