Overlegen nr. 2 - 2020

OVERLEGEN 2-2020 12 Som så mange andre har vi lært oss å bruke videomøter. Høgdepunktet så langt var ekstern morgonundervisning frå Karolinska. Ei nyttig påminning om at sjølv om vi er litt leie av å bekymre oss for korona, er vi svært heldig stilt samanlikna med naboane i aust. (KK SUS har per 31. mai ikkje hatt gravide med koronasmitte.) Så kva burde vi gjort betre? Kommunikasjon med tillitsvalde og vernetenesta vart litt gløymt. Rett nok laga tillitsvald for Ylf og eg koronatil- passa arbeidsplan 9. mars, men dei formelle møta vart ikkje tatt opp att før 31. mars. Informasjonen til dei som vart flytta, men ikkje i korona-delen, var for dårleg. Å samlokalisere gynekologisk senge- post med observasjonspost for gravide, der ein samstundes stal rom frå gyne- kologisk poliklinikk er ei vesentleg endring, som burde vore kommunisert betre. Informasjonen kring smittevernut- styr var vanskeleg. Eg er uviss på om vi kunne gjort det betre, det var òg mykje vi ikkje visste. Frå motstand då vi inn- førte smittevernutstyr på fødeavde- linga, gjekk vi til redsle og motstand då vi fjerna smittevernutstyret. Her kunne vi nok hatt enda meir informasjon, sjølv om vi følte vi ikkje gjorde anna enn å informere om smittevernutstyr. Så til slutt – kva skal vi gjenta ved neste pandemi? Koronateamet – å ha eit dedikert team som kan jobbe parallelt med den vanlege drifta og ha oversikt, hente informasjon og legge til rette for simulering var eit av dei beste grepa vi gjorde. Ikkje uventa er eit godt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste veldig nyttig. Særleg i diskusjonen kring smittevernutstyr var dette viktig. KK innførte aldri koronaplaner – vi har heile vegen jobba innanfor dei etablerte arbeidsplanane med vakans­ vakt for dei vaktene som vart ledige. Koronavakter vart løna som heimevakt. Innspel frå tilsette var uvurderleg. Det er kort veg ved KK (ikkje fysisk!), og mange av endringane vi gjorde, som at sjukepleiarar ved gynekologisk senge- post ein periode hadde hovudansvar for sectiopasientar med bistand frå jordmor, var direkte forslag frå tilsette. Det aller viktigaste er sjølvsagt å stole på teamet. Ingen driv avdelingar åleine, det er berre saman alle kjem seg velberga gjennom. Velberga, som i «ikkje utbrent». Det er det eg meiner med det korte svaret: ja, eg bikka 70 timer frå 7. til 12.mars. Ja, eg har laga usannsynleg mange flytprosedyrar nattestid for gravide med og utan koronamistanke, både i vaken og halvsovande tilstand. Men samarbeidet med kolleger frå alle faggrupper, omsorgen frå tilsette og kolleger både i og utanfor sjukehus, innspela som kjem ut av det blå og som løyser ei utfordring eg ikkje sjølv kan løyse – det er moro òg. • TEMA - PANDEMI «Det aller viktigaste er sjølvsagt å stole på teamet. Ingen driv avdelingar åleine, det er berre saman alle kjem seg velberga gjennom. Velberga, som i «ikkje utbrent». Foto: Marit Halonen Christiansen

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy