Overlegen nr. 2 - 2021

OVERLEGEN 2-2021 50 TEMA - VALG 2021 Hvorfor vil du bli president i Legeforeningen? Presidentvervet i Den norske Legeforening representerer ein moglegheit til å skape den framtida ein sjølv ynskjer å vere lege i. Eg har vore aktiv i Legeforeningen som student og som tillits- valgt på mine arbeidsplassar. Etter eitt år med pandemi, har me sett korleis endring kan skje raskt viss me verke- leg samlar troppane og vågar å endre oss. Eg meiner at Legeforeningen må legge om strategien rundt vårt arbeid og eg ynskjer å bidra til dette. Hva ønsker du å oppnå som president? Eg ynskjer at me kjem dit at alle medlemmer betalar sin medlemskontigent med stoltheit. Livet som lege i klinikken er tøft, både for dei som har jobba i mange år og dei som er ferske. Vilkåra våre er satt under press, der me blir i stadig større grad behandla som ein produksjonsarbeider og ikkje som ein kunnskaps- arbeider. Målet mitt i Lege- foreningen er å skape betre vilkår for medisinen som fag og framtidas legar. Hvilke endringer ønsker du å innføre som president? I poli- tikken og evt i sekretariatet? Legeforeningen er til for medlemmane, både som arbeidstakar og fagperson. Me må involvere medlem- mane på måtar tilpassa dagens realiteter. Ved at Legeforeningen blir meir synleg eksternt, vil det lette kommunikasjonen internt. Eg ynskjer at me skal fort- sette å drive påvirknings­ arbeid gjennom direkte kontakt med relevante aktørar slik det gjerast i dag. Men eg meiner me også må få ei meir synleg stemme i det offentlege rom for å gje legestanden ein identitet blant folk flest som me kan spele på når me treng den. Me må erkjenne at medie- bildet har endra seg og at me må endre oss med tida. Ved å fornye vår framtoning, vil me også skape eit godt rekrutteringsgrunnlag for framtidige tillitsvalgte - berebjelken i fagforeinings- delen av Legeforeningen. Av eigen erfaring veit eg at me må endre måten me støttar opp under dei tillits- valgte når dei står i krevjande situasjonar. Me må gi Jus og Arbeidsliv-avdelinga spele­ rom til å utforske, og ikkje minst utfordre, moglegheit­ ene me har når me er så heldig å kunne representere den norske legestanden. Me må sjå løysingar i jussen, og ikkje berre hinder. Samstundes som eg ser mange moglegheiter for Legeforeningen, tek eg også med meg ei sak som bekymrar meg. I 2017, 2018 og 2019* blei det vedteke Overlegen intervjuer presidentkandidatene til årets valg i Legeforeningen ›› Presidentkandidat Bjørg Bakke Intervjuet av Arne Laudal Refsum, redaksjonskomitéen, via e-post

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy