”Nordmann døde av sykdom” - meinte eg å lesa på vg.no i desse pandemitider. Det var kanskje noko anna som eigentleg stod der. Likevel trur eg at den overskrifta kan møta oss ein vakker dag dersom helsepersonell og politikarar held fram med å byggja opp forventningane til helsestellet vårt. Sjå berre på denne lista frå valkampen, rettare sagt NM i helsepolitikk: • ”Bekjempe sosiale helseforskjeller” • ”Unngå de 30-40% av innleggelser som er unødvendige” • ”....endre holdninger og tankegang hos helselederne fra reparasjon til forebygging” • ”Finansieringsordningene må stimulere frem... mer helhetlig behandling, styrket kvalitet, bedre pasientsikkerhet og forebygging.” • ”Det politiske ansvaret og styringen av sykehusene må overtas av folkevalgte på regionalt og nasjonalt nivå.” • ”...ny lov som slår fast at alle har rett til gratis sykehusbehandling.” • Snart manglar det berre: ”Alle skal inn” I tillegg er det i tevlinga innan reformreform nyleg lagt fram ei omfattande stortingsmelding om Samhandlingsreforma, medan dei blågule like gjerne vil leggja ned dei regionale føretaka. Reformer og svarteperspel er ikkje noko nytt På 1840-talet var det usemje mellom Rikshospitalet og Oslo kommune om betalinga for ”Fattigcommissionens” pasientar. Det resulterte i kronisk overbelegg og store underskot på Rikshospitalet. Saka kom føre i Stortinget der representanten Ludvig Daa slo hardt ned på økonomistyringa ved sjukehuset: ”Dets Affærer ere nu saa desarrangerede at kun en kraftig Reform kan rædde det fra Ødelæggelse” Slike svarteperspel mellom kommunane og sjukehusa kjenner me att. Den politiske handteringa er den same som i vår tid. Ein går fyrst og fremst laus på sjukehusorganiseringa sjølv om problemet kanskje ligg i rammevilkåra. Men formuleringane i dag er sjølvsagt innpakka i ein særeigen byråkratisk målbunad. Smak litt på denne godbiten frå St.m. nr. 47 til dømes: "Hovedutfordringen er knyttet både til et pasientperspektiv og et samfunnsøkonomisk perspektiv. Vurdert i forhold til begge disse perspektivene bygger stortingsmeldingen på at bedre samhandling bør være et av helse- og omsorgssektorens viktigste utviklingsområder framover. Vektleggingen av dette utviklingsbehovet står ikke i motsetning til en oppfatning om at dagens tjenester har mange kvaliteter, og at de fleste pasientene tas hånd om på en god måte...." Det byråkraten av 2009 her skriv, tyder jo berre: ”Det er mykje godt å seia om helsetenestene våre, men dei kostar for mykje og er for dårleg samordna.” Når me ser bort frå talemåtane, har det politiske resonnementet i dag mykje til felles med tenkjinga i 1842: hovudbodskapen er at sjukehusa må tuktast og reformerast. Er det grunn til å tru at ei stor reform med mange uoversiktlege effektar vil løysa problema som sjukhusa har i dag? Kva er stoda i norske sjukehus? • Sett frå utsida 1. Norsk presse har eit schizofrent forhold til sjukehusa. På den eine sida peikar dei gjerne på at me er ineffektive og brukar for mykje pengar. Serien ”Hva feiler det sykehusene?” i Aftenposten 2008, til dømes, hadde ei slik vinkling. På den andre sida likar bladfolk å kritisera oss kraftig i tåredryppande oppslag om einskildpasientar dersom me skulle freista å spara nokre kroner. ”Dei gjer det berre for å spara pengar”, heiter det då (sjå Baard-Christian Schems kronikk i Bergens Tidende 06.09.09). 2. I juli 2009 la Sintef fram ein omfattande rapport med det fengjande namnet: ”En komparativ analyse av spesialisthelsetjenesten i Finland, Sverige, Danmark og Norge: Aktivitet, ressursbruk og produktivitet 2005-2007”. SAMHANDLING I BÅNN – OG PÅ TOPPEN? AV Klinikkdirektør Haldor Slettebø, Bergen OVERLEGEN 18
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy