Anne Hafstad, som kanskje er den fremste helsejournalisten i landet, har teke ein del snarvegar gjennom denne rapporten og fantasert seg fram til overskrifter med smell i: ”Norske sykehus dyrest i Norden”. ”Feilslått politikk. Diagnosen er neppe pengemangel, men dårlig organisering og dårlig ressursutnytelse.” ”en knusende dom over norsk sykehusdrift”. ( Aftenposten 09.09.09) Mine tolkingar av rapporten er fylgjande: Finland kjem som tidlegare best ut av dei fire landa og får mest ut av helseeuroane sine. Dei tre andre landa ligg på om lag same nivå i sjukehusproduktivitet i den aktuelle perioden. Produktiviteten i norske sjukehus betra seg dessutan med 4-5% dei fyrste åra etter 2002 og har sidan lege stabilt på nivå med det dei har i Danmark, 18% under det finske nivået og ein tanke betre enn det svenske (figur frå SINTEF-rapporten). Noreg har etter alt å døma eit overforbruk av sjukehustenester. Forklåringa kan vera at Noreg har relativt mange sjukehus, og av at primærhelsetenesta vår ikkje alltid er godt nok utbygd. 3. Ein annan rapport, ”Svensk sjukvård i internationell jämförelse (2008)” viser at både svensk og norsk helseteneste er blant dei fremste når ein held medisinske resultat opp mot ressursbruk. 4. Nok er nok, meiner helseminister Bjarne Håkon Hanssen, no må sjukehusa stoggast i den ukontrollerte ekspansjonen som ingen politikarar har vedteke. Det er berre blitt slik at me brukar dobbelt så mykje pengar som i 2002. Han siktar til at dei sjuke berre veltar inn over sjukehusa utan at det er gjort formelle vedtak om det. No skal livsstilen leggjast om og sjukdom førebyggjast, fortel pølse-Hanssen på sin joviale måte. 5. Samdata (juli 2009) I den somatiske spesialisthelsetenesta var kostnadsauken på 11,5% frå 2003 til 2008 i ein periode då folketalet auka med 4,8%. Samstundes var det ein realvokster i kostnadene til spesialisthelsetenesta pr. innbyggar på 8,3%, dvs. 1,6% pr. år, men berre 0,3% frå 2007 til 2008. • Kva meiner ein klinikkdirektør? Ein klinikkdirektør sit mellom borken og veden i sjukehusorganisasjonen. I dette tronge rommet kjenner han seg temmeleg fastlåst mellom lovkrav om helsehjelp og kravet om budsjettbalanse. Økonomiarbeidet dominerer kvardagen, mest pga. dysfunskjonelt budsettarbeid. Det er vanskeleg for meg å skjøna at budsjetta må koma så seint på året, og at budsjettprosessen omatt og omatt skal vera prega av hastverk og tidkrevjande omkampar. I mine augo er budsjettprosessen eigentleg ein utmattande budsjettmassasje med 2-3 innsparingsrundar og tiltakspakkar. Først utpå vårparten blir det klårt kor mykje midlar me har og kva aktivitetsnivå me skal ha. Påfylgjande endringar i bemanning og planlagd aktivitet tek om lag eit halvt år å gjennomføra og kan difor vanskeleg få effekt i det innverande budsjettåret. Nokon får seg til å seia at det er udemokratisk å bruka meir pengar enn det Stortinget gjev oss. Ser dei bort frå at riksforsamlinga gjennom lover og forskrifter også stiller store krav til gjennomføringa av oppdraget? Sjukehuset er eit symbol på hjelp, omsorg, tryggleik, velferd og kan stå som eit adelsmerke på vår sivilisasjon når det fungerer som det skal. Sjukehuset er også eit teikn på velstand, på at me brukar ein stor del av BNP på å lækja, lindra og trøysta. I mine augo har me ei god og dyr spesialisthelseteneste, - som på fleire område kan bli endå betre. Det gjeld særleg arbeidet med kvalitet og pasienttryggleik som burde vera eit hovudtema på alle nivå, inkludert HOD. Kva kan gjerast betre i norske sjukehus ? 1. Ny strategi der ein legg vinn på små forbetringar steg for steg heller enn OVERLEGEN 19
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy