Overlegen nr. 3 - 2013

OVERLEGEN 3-2013 38 I fjor haust var ei lita gruppe frå OUS på synfaring. Me såg at sjukehuset i Blantyre kunne hysa ei nevrokirurgisk avdeling og fekk lovnad om støtte frå Helsedepartementet, Universitetet i Blantyre (College of Medicine), sjukehusleiinga og frå den norske ambassadøren, Asbjørn Eidhammer. Nyutdanna malawisk nevrokirurg Samarbeidet kom i stand etter eit initiativ frå den malawiske nevrokirurgen Patrick Kamalo (39) ved sjukehuset Queen Elisabeth Central Hospital i byen Blantyre. Han har gjennomført spesialistutdanninga si ved eit sjukehus i Durban, med økonomisk støtte frå Norad. Malawi har altså ein ung og heilt nyutdanna nevrokirurg som ynskjer hjelp til å skipa ei sjølvgåande nevrokirurgisk avdeling, den fyrste i landet, ved Queen Elizabeth Central Hospital, Blantyre. Patrick er utdanna medisinar frå Medical School i Blantyre. Han har to born. Sonen hans fekk tidleg hydrocephalus og måtte til Uganda for å bli operert. Etter operasjonen har han utvikla seg heilt normalt og er i dag ein frisk 9-åring som går på vanleg skule. Faren såg kor nyttig den enkle operasjonen var. Han bestemte seg for å medverka til at andre hdyrocephalusborn frå Malawi skulle få det same tilbodet. Difor valde han å spesialisera seg i nevrokirurgi. Litt om Malawi Landet Malawi er eit fattig jordbruksland som var britisk koloni fram til 1964. I våre augo manglar landet det meste av det som velferdsstaten har å by på. Landet har kring 17 millionar innbyggjarar og mangelfullt utbygd helseteneste. Dei har likevel nokre store sjukehus, og eit av dei beste ligg i byen Blantyre. Helsetenester er gratis og for ein stor del finansierte av bistandsmidlar. Malawi har vore hovudsamarbeidsland for norsk bistand sidan 1997. Landet er utan nevrokirurgisk tilbod. Spebarnsdødeligheten ligg på 76 /1000 levandefødde. Mødredødeligheten er også høg, 460 pr. 100.000 fødslar. Forventa levetid er 52 år. Kring 10% er HIV-positive. Det er altså ikkje eit land som first og fremst treng høgspesialisert nevrokirurgi. Men på eit stort sjukehus kan eit enkelt nevrokirurgisk tilbod likevel bety ein god del for å redda unge liv og førebyggja invaliditet. Sjukehuset Queen Elisabeth Central Hospital i Blantyre Vart bygd i 1954, har 1100 senger, er eitt av tre regionale sjukehus i Malawi. Byen Blantyre har 1 mill. innbyggjarar, medan den kringliggjande regionen har 6 mill. Det vil difor bli god tilgang Nevrokirurgi i Malawi Av Haldor Slettebø, Overlækjar, Nevrokirurgisk avdeling, OUS Oslo universitetssykehus (OUS) har nyleg inngått ein langsiktig samarbeidsavtale med Fredskorpset og sjukehuset Queen Elizabeth Central Hospital, Blantyre, for å skipa den fyrste nevrokirurgiske avdelinga i Malawi. ››

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy