Overlegen nr. 3 - 2013

OVERLEGEN 3-2013 39 på nevrokirurgiske pasientar når tilbodet er etablert om nokre år. Vanskelege tilhøve i dag Patrick er alt gang med nevrokirurgiske inngrep i Blantyre. Utstyret han bruker er ikkje det beste, for å seia det mildt. To dagar i veka gjer han eller teknikaren (sokalla Clinical Officer) Jonathan enkle nevrokirurgiske inngrep, for det meste shuntoperasjonar. Årleg blir det operert kring 200 born for hydrocephalus. Jonathan har 11 års røynsle med slike inngrep. Resultata er ikkje dårlege, men biletdiagnostikken, operasjonsmetodane og utstyret bør forbetrast. Patrick har også operert pasientar med godarta sulstar, men det har vore vanskeleg og tidkrevjande sidan utstyret han nyttar ikkje er laga for nevrokirurgi, men for ortopedi. På barneposten er det eit eige rom (foto) der 10-12 shuntborn ligg tett i tett. Nyopererte vaksne må ta til takke med seng eller flatseng på vaksenposten for menn eller på vaksenposten for kvinner. Den nevrokirurgiske visitten blir difor ei lang vandring kringom på ulike avdelingar. Sjukepleiarane får lita eller inga røynsle med faget sidan dei berre sporadisk ser nevrokirurgiske pasientar. Det store sjukehuset tek årleg imot ca 150 pasientar med alvorlege hovudskadar, mange av desse etter trafikkulukker på den store vegen til hovudstaden Lilongwe. Ingen av pasientane får CT-undersøkjing, dei blir berre vurderte klinisk og eventuelt undersøkte med vanleg oversiktsrøntgen. Meir enn 2/3 av pasientane med alvorlege hovudskadar døyr på sjukehuset. Det burde difor vera mogeleg å gjeva pasientane eit betre tilbod enn det dei får i dag. Utveksling tek til i haust Patrick vonar på hjelp til å skaffa grunnleggjande nevrokirurgisk armamentarium, og på inspirasjon og støtte frå kolleger i Noreg med opplæring og kollegial assistanse. Utanom utstyrspakken blir langsiktig opplæring det viktigaste. Til det trengst mange gode krefter: lækjarar og sjukepleiarar innan nevrokirurgi og anestesi, i hovudsak frå OUS, viljuge til å arbeida ved Queen Elisabeth-sjukehuset i nokre månader. Samstundes vil kolleger frå Malawi reisa andre vegen for å hospitera ved OUS eit halvt år om gongen. Fyrste pulje frå Malawi kjem til OUS i november 2013, medan dei fyrste norske utsendingane dreg sørover i april 2014. Langsiktig plan Føremålet med utvekslinga er å utdanna nevrokirurgar til sjukehuset i Blantyre, dessutan sikra at avdelinga får spesialutdanna sjukepleiarar og anestesipersonell. Slik ynskjer me å utvikla ei avdeling der pasientane ikkje berre får gode operasjonar, men også best mogeleg hjelp før og etter eit inngrep. Nevrokirurgien skal vera konsentrert om tilstandar der enkle operasjonar kan gjeva relativt stor helsegevinst, det vil seia utvalde tilfelle av hovudskadar, hydrocephalus, hjerneinfeksjonar og godarta svulstar. Det mest presserande i dag er å få CT-skanneren i dagleg drift og å skaffa avdelinga høvelege areal på sjukehuset slik at fagpersonar og pasientar kan samlast på eitt område. Kontaktpersonar: Haldor Slettebø, Nevrokirurgisk avdeling, OUS; haslet@ous-hf.no Kristin S. Hanche-Olsen, Internasjonal avdeling; OUS; uxkrnc@ous-hf.no Cecilie Johansen, Nevrokirurgisk avdeling, OUS; cecimj@otmail.com Terje Hanche-Olsen, Anestesiavdelinga, OUS; hancheolsen@hotmail.com •

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy