Overlegen nr. 3 - 2013

OVERLEGEN 3-2013 46 Eg kjente at eg blei glad og stolt på vegne av faget, men glad også fordi det er så lenge sidan nokon har sagt noko slikt, oftast er det kriser som pregar samtalar. Vi snakkar he lsetenesta og faget ned om vi driv einsidig svartmaling. Vi tek undera og framskritta for gitt. Eg trur vi oftare må framheve dei positive sidene av dagens medisin, ikkje fordi negativ utvikling ikkje finst, men fordi dette ikkje er heile bildet! Eg trur det er viktig å framheve dei store framskritta i moderne medisin, til dømes innan kreftbehandling, hjartekarsjukdommar, brann- og trafikk- skadar, behandling av sansedefektar og hjerneslag og hjelp til HIV-positive. Det er ikkje få menneske som har fått eit nytt liv og eit betre liv. Alt var altså ikkje betre før. Det er ingen grunn til å ønskje seg tilbake til tider med langtids- innesperring av psykisk sjuke, til invalidserande kirurgi og ineffektiv «kuring» av magesår, og til lange sengeleie etter fødslar, kirurgi og hjarteinfarkt. Helseinstitusjonane var fylt av slike pasientar, og antakeleg tok det livet av fleire enn det berga. Framskritta skuldast ny kunnskap og teknologi, men også mot til å stille kritiske spørsmål til gjeldande praksis. Det er fagleg engasjement, kritiske spørsmål til kunnskapsgrunnlaget for praksis og hardt arbeid som driv medisinen framover. Den medisinske utviklinga er kostbar og krev spesialisering og ny organisering. Fleire liv blir redda, men nedsida er fragmentering av lege-pasient- forholdet og ansvarspulverisering. Pasientane har fått fleire rettar, men fleire val, innsnevring av legens fokus og fleire legar med ulikt ansvar gjer det også vanskelegare å vere pasient. Dette er ei utvikling som også legane sjølve må engasjere seg i ! Løysingane på dagens situasjon finst ikkje i jusen. Legar har aldri vore stilt overfor så store og sprikande krav som i dag, faglege krav, pasientforventningar og krav til feilfri behandling, krav til budsjetthandtering, effektivitet og mange vanskelege etiske og juridiske dilemma. Og over dette pustar media oss i nakken, særleg når noko går gale, eller pasientane er misnøgde. Ei norsk studie viser at det er dei menige legane på sjukehusa som opplever mest stressande krav (1). Derfor er også klinisk etikkarbeid viktig for helsepersonell. Har pasienten alltid rett? Kryssande krav og angst for å gjere feil fører lett til ansvarsfråskriving, usikker- heit og likegyldigheit. Engasjementet svinn, og ein utfører arbeidet ut frå det akseptable, ikkje det beste. Dersom eg blir alvorleg sjuk ønskjer eg meg flinke, engasjerte legar som ser meg, som kan snakke med meg og gi meg mot, men også fortelje sanninga. Eg ønskjer meg ikkje ein lege som gir etter på faglege krav berre fordi eg ber om det. Gjennom arbeid i etikken ser vi at legar vel bort fagleg og etisk rette løysingar for å hindre konflikt med pasient eller pårørande. Dermed ofrar vi faget og i nokre tilfelle også pasientens beste. God dialog betyr ikkje at pasienten alltid har rett. God etikk inkluderer evne til å sette grenser for kva faget skal brukast til. God dialog gjer det lettare å sette grenser. Gjennom klinisk etikkarbeid ser vi at mange legar framleis ikkje er flinke nok til å snakke med pasientar og pårørande. Nokre gonger skuldast dette haldningar og manglande evne til kommunikasjon. Det er ikkje sant at dårleg kommunikasjon alltid skuldast for lite tid! Bivirkningar av gode intensjonar Dei fleste legar er nøgde med valet av yrke (2), men for mange er ikkje det. Mykje frustrasjon handlar om at hardt arbeidande fagfolk ikkje føler seg sett, sett pris på og høyrt av eigne leiarar i helseforetaka. Store helseforetak aukar problemet. Det er dei som sit ved senga som ser pasientane og deira behov. Det er eit stort problem dersom leiarane ser på legar som brysomme når dei målber pasientane si sak. Ei viktig oppgåve for leiarar i moderne helseteneste, som i dag ikkje er lagt nok vekt på, er kompetanse til å skape trivsel og gode og trygge arbeidsmiljø. Gode og trygge arbeidsmiljø er antakeleg avgjerande både for kvalitet og produktivitet. Her er mykje ugjort. Alt var ikkje betre før Innlegg av Reidun Førde, Senter for medisinsk etikk, Universitetet i Oslo Utgangspunktet for dette innlegget er eit møte med ein kollega i sommar. Medan eg var på veg, ringte han og sa at vi måtte utsette møtet, han hadde fått inn ein dårleg pasient. Då eg to timar seinare sat på kontoret hans, spurte eg korleis det gjekk med pasienten. Svaret kom: «Eg trur dette går fint! Utgangspunktet var ille, men vi fekk ridd av stormen. For få år sidan ville vi berre lagt pasienten til side, nå kan vi gjere mykje. For eit fantastisk fag eg har, for eit privilegium!» ››

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy