OVERLEGEN 3-2013 47 Leiarane i helsetenesta ønskjer også å bidra til ei best mogeleg helseteneste. Dei står, som fotfolket i klinikken gjer, dagleg i mange kryssande hensyn og krav. Mykje av fokus er på økonomi, men også på kvaliteten på helsetenestene. Mykje av kvalitetsindikatorane er resultat av detaljerte politiske føringar. Ny sjukehusstruktur, omorganiseringar og økonomiske rammer er styrt av våre folkevalde, leiarane i sjukehusa er tilsette for å følgje opp det politikarane har bestemt. I løpet av dei siste 14 åra har norsk helseteneste blitt sterkt lovregulert. Men det er viktig å minne om at det meste av lovgivinga og stykkprisfinansieringa kom før helseforetaksreforma. Mykje av det helsepersonell i dag slit med er eit resultat av gode intensjonar om å auke effektivitet, styrke kvaliteten på helsetenestene og å styrke av pasient- rettar. Gode intensjonar har altså bivirkningar blant anna i form av tidkrevande og meiningslause dokumentasjon- og rapporteringskrav. Det er lovande at dagens helseminister ser dette. Eit døme er uheldige hendingar i helsetenesta som tidlegare var eit ikkje-tema. Feila blei gøymde bort og aktørane bak hendingane gjekk ofte åleine med dei katastrofale følgjene det hadde for dei personleg, utan at kolleger eller leiinga støtta dei eller sørga for å møte pasient og pårørande på ein god måte i etterkant av hendinga. I dag er det større openheit rundt uheldige hendingar, delvis på grunn av ny lovgiving. Klagerett og rett til erstatning er gitt i helselovene. Dette krev god dokumentasjon som stel tid borte frå pasientretta arbeid og er utgangspunkt for frustrasjon. Pasientgarantiar for vurdering og behandling, krev også dokumentasjon og god kommunikasjon og personale som overvakar det heile. Helseressursane må brukast på ein best muleg måte. Oppigjennom har vi brukt helseressursar på ineffektiv behandling. Antakeleg gjer vi det i dag og. Det er i pasientane og i faget sine interesser at det blir stilt spørsmål ved måten vi organiserer faget og tenestene på. Prioritering er i utgangspunktet ei grunnleggande etisk verksemd! Arbeidet skal sikre dei svakaste gode og rettferdige tenester og god utnytting av knappe ressursar. Derfor er kritiske spørsmål til måten ting blir gjort på, noko som både helseleiarar og fagfolk burde ønske velkommen. Men kritiske spørsmål må følgjast også av at ein ser kva som er bra med norsk helsteneste. Og det er mykje! • Referanser: 1. Førde R, Aasland OG. Moralsk stress og faglig ytringsfrihet. Tidsskr Nor Legeforen 2013; 133:1310-4. 2. Nylenna M, Aasland OG. Jobbtilfredshet blant norske leger. Tidsskr Nor Legeforen 2010;130:1028-31.
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy