Overlegen nr. 3 - 2013

OVERLEGEN 3-2013 9 institusjonar utan at helsepersonell reiser til utlandet. Høve til å drive private helsetenester har blitt framheva som eit viktig verkemiddel for å halde på høgt utdanna personell samstundes som ein unngår stor auke i offentlege lønnsutgifter. Andre vel å arbeide på landsbygda for å ha tilgang til offentleg bustad og kunne drive jordbruk for sal eller eige forbruk. (5) Utdanningskapasitet For å oppnå naudsynt dekning berre innan kyndig fødselshjelp og vaksinasjon mot meslingar vart det berekna at 57 land mangla 2.4 millionar helsearbeidarar per 2006. Grunnleggande helsetenester innan andre fagområde vil medføre eit tilsvarande større behov.(6) Utdanningskapasitet, men også organisering av helsetenesta, tilgang til fagleg «påfyll», lønns og arbeidsforhold har vore viktige element i drøftinga av ulike løysingar. Dette er sentrale tema somWHO og fellesorganisasjonen Global Health Workforce Alliance har arbeidd med etter 2006.(7) Helsepersonell for framtida var og tema for ei arbeidsgruppe som offentleggjorde sitt arbeid i Lancet i 2012 (2) Kunnskap og ferdigheter, saman med evne til etisk refleksjon og evne til teamarbeid vert løfta fram som sentrale utdanningsmål. Eit fåtal av land i Afrika har tilstrekkeleg kapasitet til å utdanne nok helsearbeidarar. (6) Det har vore stor merksemd knytta til utdanning av lek-personar i lokalsamfunnet eller helsepersonell på lågare nivå. Dette krev og at helsearbeidarane er ein del av heilskapen og har rett kunnskap, eit fagleg nettverk, tilstrekkelege ressursar og ikkje minst god leiarskap og administrasjon.(5) Samarbeid om spesialistutdanning og kvalitet i kliniske tenester Betre utdanning og betre innhald i helsetenesta har vore målsetjinga for fleire modellar for samarbeid mellom helseinstitusjonar i vestlege land og låg- og mellominntektsland. (8) Ein av desse, Esther-nettverket, bygger på eit fransk initiativ knytta til HIV/AIDS. Modellen vart vidareutvikla i Norge som ei plattform for samarbeid mellom helseinstitusjonar frå 2008. Fleire norske helseforetak deltar i samarbeidsprosjekt. Evaluering av dei første åra med dette arbeidet påpeiker at det er naudsynt med meir klarare mål og strategisk retning. Det vil og vera ønskeleg med tydelegare indikatorar som kan vurderast under og etter prosjekta.(9) Fleire av prosjekt har som hovudmål å støtte arbeid med rutinar og behandlingskvalitet ved samarbeidsinstitusjonen i låg-inntektslandet. (10, 11) Andre har arbeidd målretta med spesialisering, mellom anna innan kirurgi og nevrokirurgi .(12, 13) Dette programmet er finansiert med bistands- midlar og er i liten grad samordna med den moglege nytteverdien for dei norske helseforetaka som deltek.(14) Samstundes gir forankringa i institusjonane ei ramme for personleg engasjement som i større grad sikrar kontinuitet og innhald. For norske legar synest det å vera nokre utfordringar som går att; høve til å få permisjon frå arbeidsgjevar, lengda på opphaldet og ikkje minst godkjenning av tenesta som teljande til spesialisering. Tidlegare kunne LiS be om ei førehandsvurdering frå spesialitetskomiteen, dette fall bort då Helsedirektoratet overtok ansvaret og ein kan dermed ikkje vite om tenesta kan vera teljande før ein søker endeleg godkjenning. Den årlege norske konferansen for global helse (Globvac) vert i år arrangert i Bergen og har implementeringsforskning og prioritering som hovudtema; korleis velje mellom og iverksetje tenester som har dokumentert effekt? Legeforeninga vil bidra i ein parallell sesjon der vi drøftar erfaringar med institusjonsbasert, klinisk samarbeid . Globvac-konferansen finn stad 16 og 17 oktober og er godkjent som teljande kurs for alle spesialitetar. Lenke til påmelding finn du i kurskatalogen og på forskningsrådet sine nettsider. Det finst fleire legar frå Malawi i Manchester enn i Malawi Hilde Engjom

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy