Overlegen nr. 3 - 2015

OVERLEGEN 3-2015 34 Hudkreft er den einaste krefttypen som er lett synleg på utsida og skulle vere lett å oppdage tidleg. Truleg er manglande kunnskap blant folk flest hovudårsaka til at så mange nordmenn både får føflekkreft og døyr av det. I Australia har ein gode tal på at informasjonakampanjar hjelper. Kampanjane i Australia er statleg finansierte, og studiar viser at ein sparer ca. to dollar for kvar dollar som er investert. Euromelanoma er ein europeisk kampanje som har til føremål å auke kunnskapen i befolkninga om malignt melanom ved å auke fokus på gode solvanar, oppfordre til å undersøkje huda si jamleg og oppdage mistenkjelege hudforandringar tidleg. Noreg har delteke i dette programmet dei siste to åra. Kampanjen består i å få høg medie- dekning rundt tematikken både før og etter det som blir kalla Euromelanoma- dagen, ein dag der hudlækjarar i dei fleste europeiske land konsentrerer seg om undersøking av og informasjon til personar som er i høg risiko for å utvikle føflekkreft. I Noreg blir alle hudlækjarar oppmoda om å delta. Alle melder inn kor mange pasientar ein har kapasitet til å ta mot i løpet av dagen, og via ein sentral kan personar i risikogruppa bestille time til den lokale hudlækjaren. I 2015 deltok alle sjukehus (13) der det er tilsett hudlækjar, sju avtalespesialistar og sju private hudlækjarar. Mediedekninga var gledeleg god, både nasjonalt og lokalt. Kreftforeningen var ein viktig samarbeidspartnar for å Euromelanomadagen – med fagkunnskapen i sentrum Ikkje noko land har fleire dødsfall som skuldast malignt melanom (føflekkreft ) enn Noreg. Både talet på krefttilfelle og talet på dødsfall som skuldast hudkreft aukar. Kvifor er det slik og kva kan gjerast med det? Av Turid J. Thune styremedlem Overlegeforeningen ››

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy