OVERLEGEN 3-2015 35 få ut informasjon til publikum. Nettsida var godt besøkt, og alle timane var fullbooka. På mi eiga avdeling på Hauke- land universitetssjukehus (HUS) var alt organisert rundt spesialisten slik at så mange pasientar sommogeleg kunne få informasjon, bli undersøkte og evt. behandla av ein dermatolog den dagen. Kvar lækjar hadde sin sjukepleiar eller helsesekretær som tok mot pasienten, delte ut spørjeskjema, fylgde pasienten inn til lækjaren og vidare til operasjonsteamet dersom det vart funne lesjonar som skulle fjernast eller biopserast. Ein overlækjar var heile tida tilgjengeleg for supervisjon av LIS-legane. Stemninga på poliklinikken var utruleg positiv, alle hadde ei sterk kjensle av å arbeide for eit felles, meiningsfullt mål. Ventetida for pasientane var minimal. Alle suspekte hudforandringar vart anten biopserte eller fjerna straks av to operasjonsteam. På HUS var det seks lækjarar som screena i alt 153 personar i tidsrommet 08:15-15:30. Førtitre hudforandringar vart eksiderte eller biopserte, av dei tre melanom, to plateepitelcarcinom og 22 basalcellecarcinom. Pasientar som fekk påvist malignitet vart fylgde opp etter vanlege retningslinjer på Hudavdelinga. På landsbasis vart 1322 personar med gjennomsnittsalder 52 år undersøkte. Det vart funne 11 melanom, fem plateepitelcarcinom og 50 basalcellecarcinom. Mange som ikkje hadde tenkt på å gå til lækjar hadde p.g.a. informasjonskampanjen fått eit spark til å få ein mistenkjeleg hudforandring undersøkt. Alle dei undersøkte fekk sakleg informasjon av ein spesialist om førebyggjande tiltak og eigenkontroll. Ikkje alle fag har så lett tilgjengeleg diagnostikk som hudfaget, og helsevesenet kan ikkje drivast som kampanjedagar. Likevel tur eg det er mykje god lærdom å ta med seg frå ein slik kampanjedag. Arbeidet kan gjerast utruleg effektivt når alt er tilrettelagt slik at lækjaren får drive med det ho/ han kan. Samhaldet i avdelinga blir styrkt ved at alle arbeider mot eit felles mål som det er godt informert om og er lett forståeleg. Pasientane blir godt ivaretekne og blir førde gjennom eit strømlinja system med god mottaking, minimal ventetid, god informasjon, effektiv behandling og god oppfølging. • Nyttige linkar: Slip! Slop! Slap! Original SunSmart Campaign: http://www.sunsmart.com.au/tools/videos/ current-tv-campaigns/slip-slop-slap-seek-slide-sid-seagull.html http://www.euromelanoma.org/intl http://www.euromelanoma.org/norway https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/nasjonalt-handlingsprogram-med-retningslinjer- for-diagnostikk-behandling-og-oppfolging-av-maligne-melanomer Overlege PhD Rita Grude Ladstein. Dermatoskopi, øving gjer meister. Foto: Turid J. Thune
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy