Overlegen nr. 3 - 2022

OVERLEGEN 3-2022 39 TEMA: REKRUTTERING større grad enn det som var vanlig for tidlegare generasjonar legar. Det er for tida svært få LIS som fullfører spesialistløpet i gynekologi i løpet av den normerte tiden på seks år. Spesialistar innan gynekologi og obstetrikk har ei særleg høg vaktbelasting, barn blir fødde til alle døgnets tider, utan hensyn til påske og fellesferie, og ein fødsel kan gå frå normal til kritisk på få minutt. Fødselshjelp er i høgastete grad eit akuttkirurgisk fagfelt, men vert paradoksalt nok ikkje oppfatta slik.7 Fødselshjelp skiller seg ut frå mange andre spesialitetar ved at fødande er ein ung populasjon. Helsetap hos unge kvinner og ufødde barn har stor betydning i form av tapte leveår. Avgjerder tekne under ein fødsel kan bety skilnaden mellom eit friskt liv og eit menneske som blir pleietrengande i 80 år. Med tung vaktbelasting og dårleg løn, rekrutterer faget fyrst og fremst hardtarbeidande idealistar, med lite søvnbehov og ein tanke om at kvinnehelse er viktig. Det er imidlertid ei grense for kor langt ein kan la seg drive av idealisme, og etter ti år på sjukehus er det mange som prioriterer familie og fritid og tar arbeid i privat sektor. Der gjer dei sjølvsagt ein god og viktig jobb, men løyser i liten grad utfordring- ane knytt til fødselshjelp ruralt. Det er vekst i den private marknaden for gynekologar i urbane strøk, og mange ferdigutdanna gynekologar/ obstetrikarar ønsker seg ikkje overlegestilling sjølv på store urbane offentlege kvinne- klinikkar, men går ut i privat sektor straks dei er ferdige med spesialiseringa. Det er dessverre sjeldan at desse kjem attende. Faget vårt har såleis også ei utfordring med å behalde spesialistane dei har klart å utdanne ferdig innan fødselshjelpa. Mangel på seniorpolitikk og tilpassingar for dei som ønskjer å gå ut av ein tung vaktturnus på fødeavdelinga dei siste arbeidsåra gjer at også erfarne obstetrikarar kan finne ut at privat dagarbeid som gynekolog, utan sete- eller tvillingforløsningar midt på natta, er betre for både lommeboka og ekteskapet dei siste ti åra av arbeidslivet. Vi trur ikkje alt kan løysast ved å kaste pengar på problemet, samtidig er det få ting som er meir krevande enn å løyse utfordringar utan ressursar i det heile. Diskusjonar om distriktspolitikk kretsar ofte kring krav om å halde på eit godt og desentralt fødetilbod, overraskande sjeldan ser ein at det vert argumentert for å betre arbeidsforholda til den yrkesgruppa ein er totalt avhengig av for forsvarleg drift av ei fødeavdeling. Ei berekraftig løysing for eit desentralt fødetilbod av høg kvalitet kan ikkje berre fokusere på forholda lokalt, det er minst like viktig at ein aukar rekrutteringa nasjonalt, slik at det fins nok spesialistar til å dekke behovet for gynekologisk helsehjelp, eit akademisk miljø av høg kvalitet, og obstetrikarar på vakt ved små sjukehus. Eit nasjonalt rekrutteringstillegg for overlegar og LIS innan gynekologi og obstetrikk vil vere eit fyrste steg og eit viktig signal. Dersom fødeavdelingar i distrikta vert lagde ned, vil det auke talet på fødande i meir sentrale strøk, og ressurssituasjonen der vil då bli ytterlegare strekt. Uansett kvar kvinner føder trengs det personell. Sentralisering er dermed ikkje en løsning i seg sjølv, fordi det ikke er ledig kapasitet på dei større fødeavdelingene. 54 000 fødslar krev like mange gynekologar, same kvar kvinna føder. Berre 66% ville ha valt faget igjen, og 37,4% fortel at dei har vurdert å slutte i faget, pga høgt arbeidspress, tunge vakter og stort ansvar. Illustrasjonfoto: rh2010, stock.adobe.com

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy