Overlegen nr. 3 - 2022

OVERLEGEN 3-2022 40 Det er viktig å snu den negative spiralen og stimulere til auka rekruttering til faget, då fleire legar vil gje ei jamnare vaktbelasting og eit breiare fagleg miljø ved det enkelte sjukehuset, noko som igjen vil gjere faget meir attraktivt for unge legar som skal velge veg. Mindre sjukehus som har lykkast i å rekruttere og halde på kompetanse har gjort aktiv bruk av LIS-stillingar; legar som er utdanna ved eigen institusjon og som har eller får lokal tilknyting, har større sannsyn for å bli verande. Mange byter arbeidsplass i løpet av karrieren, nokre går over til andre spesialitetar, men dersom ein aukar talet på utdanningsstillingar nasjonalt, vil det på sikt gje fleire spesialistar, både til å dekke behovet for gynekologisk helsehjelp, eit akademisk miljø av høg kvalitet, og obstetrikarar på vakt ved små sjukehus. Det kan vere krevande å opprette nye LIS-stillingar, både økonomisk og organisatorisk, vi tenker derfor at sjukehus med eit ikkje utnytta opplæringspotensiale bør stimulerast økonomisk til å opprette slike, då gevinsten på sikt er betydeleg, ikkje berre som rekruttering, men også i form av eit betre fagleg miljø. Et annet viktig rekrutteringstiltak ville være å innføre 3-delt LIS 1 teneste i sjukehusåret, med fire månader teneste på gynekologisk og fødeavdeling. Dette har Akershus Universitetssjukehus hatt god erfaring med i over 20 år. Dette bidrar til at nyutdanna legar blir introdusert til faget og ville kunne vurdere gynekologi som spesialitet på lik linje med andre store fag som indremedisin og kirurgi/ortopedi. Dermed ville LIS 1 på vakt kunne ta seg av pasientar som vert henviste som øyeblikkelig hjelp for gynekologiske problemstillingar. Dette ville igjen gjere at nyutdanna legar blir opplærte til å vurdere og utgreie akutte tilstandar innan vårt fag. Dagens praksis er som regel at LIS 1 berre får hospitere ei veke på gynekologiske avdeloingar i løpet av sine seks månader kirurgisk teneste. Gynekologiske pasientar og fødselskvinner vert i stor grad skjerma frå resten av legane på sjukehus, og vert som regel sende direkte til gynekologane og fødeavdelingane. Fleire LIS 1 på gynekologiske og fødeavdelingar i sjukehusåret ville gje viktig erfaring fram mot distriktsturnus, då desse legane vi ha verdifull erfaring i forhold til vanlege problemstillingar i kvinnehelsa for primærhelsetenesten. Det manglar spesialistar innan vårt fag på alle felt, også ved større sjukehus, men små rurale sjukehus kjenner absolutt dette mest på kroppen. For å bli spesialist i gynekologi og obstetrikk er det nødvendig å vere ei tid på eit større sjukehus for å lære avansert obstetrikk og kreftbehandling, tidlegare gruppe 1 teneste. Enkelte har tatt til orde for at ein på same måte skal kreve at legar i utdanningsstilling skal ha noko tid på mindre sjukehus; obligatorisk gruppe 2 teneste. Det er ofte lettare å sleppe til på operasjonsstovene på små sjukehus, og desse har ofte ei fordeling mellom overlegar og LIS som er gunstig for læring. Læringsutbyttet ved slik teneste kan vere godt, imidlertid kan ein ikkje hevde at det er nødvendig for å bli spesialist. Obligatorisk gruppe 2 teneste blir då synonymt med tvangsflytting av distriktspolitiske hensyn; ein praksis som historisk sett har vore lite brukt og då i land vi absolutt ikkje likar å samanlikne oss med. I samband med den alvorlege rekrutteringssituasjonen faget vårt står overfor, har Norsk Gynekologisk Foreining utført ei undersøking blant våre medlemmer. Her kjem det fram at dei viktig- aste grunnane til å velgje dette faget har vore det at faget er allsidig, kirurgisk og praktisk retta, samt ein tanke om at kvinnehelse er viktig. Berre 66 % ville ha valt faget igjen, og 37,4% fortel at dei har vurdert å slutte i faget. Våre medlemmer fortel at høgt arbeidspress, tunge vakter og stort ansvar utan tilsvarande løn er dei viktigaste årsakene til at dei har vurdert å skifte spesialitet. Rekrutteringssituasjonen for faget gynekologi og obstetrikk i Norge er alvorleg, og vil utvikle seg til å bli kritisk i løpet av kort tid dersom ein ikkje gjer noko aktivt for å løyse problemet. Faget er i utgangspunktet attraktivt, men kombinasjonen av tunge vakter, høgt arbeidspress og ei løn som ikkje står i forhold til ansvaret gjer at fråfallet er stort. Norsk Gynekologisk Foreining tenker at det er nødvendig med eit aktivt løft, og at ein ikkje kan forventa å løyse dette gratis. Norsk Gynekologisk Foreining foreslår eit rekrutteringstillegg for LIS og overlegar i gynekologi og obstetrikk, samt aktiv bruk av utdanningsstillingar og seniorpolitiske grep som mulege tiltak for å betre rekrutteringa til og hindre fråfallet frå faget gynekologi og obstetrikk. • Referanser: 1 h ttps://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/gynekologmangel_-mari-hadde-blodninger-og-fikk-beskjed-om-ventetid-pa-4_5-maneder-1.15864243; 2 https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/7d408B/vi-har-en-alvorlig-mangel-paa-foedselsleger; 3 https://www.altomdinhelse.no/kvinnens-helse/sliter-med-a-rekruttere-gynekologer). 4 https://tidsskriftet.no/2022/05/legelivet/en-turnusleges-bonn-om-bedre-arbeidsvilkar). 5 https://www2.deloitte.com/uk/en/pages/press-releases/articles/cost-of-living-now-leading-concern-among-gen-zsand-millennials.html 6 https://www.nrk.no/nordland/sokertall-til-hoyere-utdanning_-flere-roper-varsku-om-kjonnsubalanse-1.15948437). 7 https://www.aftenposten.no/norge/i/JxMJ/fem-sykehus-kan-miste-kirurgen-men-beholde-foedetilbudet). Alle lenkene er direkte klikkbare på overlegen.digital TEMA: REKRUTTERING

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy