Overlegen nr. 3 - 2024

LEDERFORUM: Of representerer også spesialister i lederstillinger Her inviterer vi medlemmer i lederstillinger til å reflektere La oss skru tida tilbake fem år: I 2019 er det alt vedteke at Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus skal samlast i nybygg og bli til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Prosessen har alt pågått i mange år og det er lagt ned eit omfattande planleggingsarbeid. Men budsjettet sprekk gong etter gong og ein bryt kontrakten med entrepenøren. «Hølet på Hjelset» ligg der som et vitnesbyrd på ein vond sjukehusstrid som har sett sine spor i befolkninga i norddelen av fylket vårt. I sørdelen av fylket forvitrar det snart femti år gamle sjukehuset i Ålesund – ein sjukehuskropp som husar det somatiske spesialisthelsetenestetilbodet i Ålesund. Ein sjukehuskropp der det knapt har skjedd noko som helst av oppgradering sidan det stod ferdig i 1971. Når eg byrjar som adm.dir. i Helse Møre og Romsdal (HMR) i november 2023 er situasjonen ein heilt anna. Etter å ha drifta med overskot sidan januar 2020, har helseføretaket klart å spare opp tilstrekkeleg eigenkapital til å investere i bygg, infrastruktur og medisinsk utstyr. Ålesund sjukehus er i gang med ein omfattande bygningsmessig oppgradering i nytt Akutt, Intensiv og Operasjonsbygg (AIO). Det blir gjort satsingar på bygg og utstyr også i Volda på over 100 millionar, viktig for både pasientar og medarbeidarar. Ikkje minst har Sjukehuset Nordmøre og Romsdal materialisert seg og ein held seg til tidsplanen og, med god styring, på budsjett (P70-­ ramma) til omlag 6,7 milliardar kroner. Parallelt med dette skal Helse Møre og Romsdal innføre Helseplattformen – eit gigantisk utviklings- og omstillingsprosjekt som heller ikkje har gått på skinner, med St. Olavs hospital si innføring frå november 2022 friskt i minnet. Alle desse parallelle prosessane stiller store krav til HMR-organisasjonen si omstillingsevne. Til ei kvar tid er mange av ressursane våre, ofte nøkkelpersonar, ute av normaldrifta i sjukehuset. I tillegg er Helseplattform-­ prosjektet av ein slik karakter at det krev at dei tilsette endrar måten dei tenkjer og jobbar på. Slike prosessar har ofte ein tendens til å utfordre ein arbeidsplass, både på godt og vondt. Hos oss er det ikkje tvil om at innføringa av Helseplattformen har fått konsekvensar for både arbeidsmiljø og kulturen i HMR. Sjølv om HMR har hatt god kontroll på sjølve innføringa, er det ikkje dermed sagt at HP som system fungerar knirkefritt. Ein stor andel av våre tilsette er lite nøgde med systemet, og som arbeidsgivar må eg anerkjenne at «plunder og heft» er ein reell problemstilling. Felles regionale ikt-løysingar som Helseplattformen blir handtert av det regionale føretaket og er ein felles satsing som vi deltek i. HMR har ikkje mandat til å velge eit anna journalsystem. Eg tenkjer det ikkje er konstruktivt å dvele noko meir ved det. Leiarutfordringar i Helse Møre og Romsdal I fjor sommar var stillinga som toppleiar i HMR ledig og eg kjende at eg vart motivert av utfordringa som Helse Møre og Romsdal stod framføre: To store prosjekt skulle gjennomførast på kort tid: Innføring av Helseplattformen og oppstart i nytt akuttsjukehus på Hjelset. Samstundes skulle pasientbehandlinga gå nesten som normalt. Av Olav Lødemel, administrerende direktør, Helse Møre og Romsdal ›› OVERLEGEN 3-2024 36

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy