LEDERFORUM: og markerer dette med å etablere en egen spalte. over tema spesielt relevante for denne gruppen fremover. Tvert om er det mitt ansvar å sjå til at vi tek Helseplattformen i bruk så godt som råd. Det vi kan dvele over, er omstillingsbehovet som har meldt seg i sjukehusa våre. Leiinga i HMR har lenge vore klar over at det var eit betydelig omstillingsbehov i drifta både i 2023 og 2024, og som det også har vore jobba med. Men effekten har ikkje vore tilstrekkeleg, og mykje av det kan forklarast med innføringa av Helseplattformen som i stor grad har teke all tid og leiarkraft. Den omfattande og ressurskrevande innføringsprosessen av systemet har flere gonger blitt utsett, ein prosess som fjernar personell ut frå det som er kjerneverksemda vår; pasientbehandling. Kostnaden for innføring av HP har blitt svært høg. Alt dette har sett HMR i ein situasjon som knapt kan skildrast som noko anna enn ei akutt økonomisk krise. Så langt styrer vi mot eit negativt resultat på ein halv milliard i år. Eit slikt utfordringsbilde krev akutte tiltak. Vårt kortsiktige mål no er å no er å nå aktivitetsmåla som er sett i budsjettet resten av året parallelt med at vi reduserer kostnadsnivået. Samstundes som vi har gjort store investeringar har endra konjunkturar treft oss hardt gjennom endra rentenivå og løns- og prisvekst. Prosjekta er finansiert med statlege lån og må betalast attende med renter og avdrag. I dei komande åra er omstillinga rekna til 550 millionar som er spreidd over fem år med 200 millionar kroner i 2025. For den gjengse lesar av Overlegen er ikkje dette lystig lesing. Samstundes trur eg mange vil kjenne seg igjen i utfordringsbildet for spesialisthelsetenesta. Alle helseføretak opplever rammene som tronge. Det er ingen tvil om at det vil måtte skje store endringar framover. Mangel på personell i kombinasjon med tronge rammer betyr at vi må gjere tøffe prioriteringar. For HMR vil nytt sjukehus og investering i teknologi vere ein del av framtidsløysinga. Den største krisen vi vil møte er mangel på helsepersonell. Vi kan ikkje gjere alt over alt lenger for det har vi korkje pengar eller folk til. Det er ei leiaroppgåve i sjukehus med plikt til å fagleg styre denne nødvendige prioriteringa framover og vi må vise fram kva konsekvens prioritering vil få for pasientbehandlinga. Vi har den erfaringa i HMR at det då blir innblanding frå politikken og dette må også handterast på ein klok måte. Så for å avslutte der eg starta, om vi ser fem år fram i tid, så trur eg ikkje Helse Møre og Romsdal ser likt ut som i dag. Men eg vil legge til rette for at vi framleis skal levere spesialisthelsetjenester i toppklasse til innbyggarane våre. • OVERLEGEN 3-2024 37
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy