Arbeidet beveger seg i rommet mellom religion, verdier, samfunn/individ, medisin. Du er teolog og kvalifisert i flere av disse, men kanskje ikkje akkurat medisin. Likevel inntar du overbevisende legens synsvinkel. Dette må jo være resultat av mangeårig og tett samarbeid med leger? Kan du si noe om det? – Ja, avhandlinga er så avgjort eit resultat av mangeårig og tett samarbeid med legar innanfor ulike greiner av spesialisthelsetenesta. Her ligg utvilsamt noko av forklaringa på at eg som ikkje-medisinar på eit visst tidspunkt fann det nærliggjande å gjere to medisinske verksemder til gjenstand for eit slikt arbeid. Med Erik Enger gjennom mange år i rolla som ’gudfar 1’ og Jan Mæhlen som ’gudfar 2’, supplert av eit utsøkt nettverk av medisinske samtalepartnarar om avgrensa felt, kom prosjektet omsider i mål i år. Denne interessa og støtta frå det medisinske fagmiljøet som prosjektet har vore omgitt av rokkar ikkje ved det faktum at det er eg som har hatt regien frå start til mål. I dette tilfellet er det såleis langt ifrå tale om ei avhandling med påhalden medisinsk penn. At noko av motivasjonen min for arbeidet har vore å medverke til eit løft for spesialisthelsetenesta på dei to områda, er ikkje det same som at premissane for og utøving av legerolla i samband med obduksjon og organdonasjon er kjemisk fri for kritisk søkjelys. Bl.a. legg eg ikkje skjul på mi undring over at behandlingsansvarleg lege som oftast synest å ville slå seg til ro med den kliniske dødsdiagnosen og dermed konsolidere utviklinga i retning av ein stadig lågare obduksjonsprosent. I tillegg til dei medisinske kontaktpersonane har eg nytt godt av ein dialog med så vel historisk som juridisk, psykologisk og teologisk fagmiljø. I så måte har eg i stor grad også inntatt historikaren, juristen, psykologen og teologen sine synsvinklar. Dette mangfaldet av ikkje-medisinske fagfelt rundt ein medisinsk tematikk er noko av det som særpregar denne avhandlinga. Du mistet aldri motet? – På den eine sida har eg heile tida hatt ei førestelling om at dette prosjektet var viktig å realisere. Det har nok gitt meg slitestyrke i det lange løp. Men også erfaringar frå elleve fullførte sykkelritt frå Trondheim til Oslo har truleg hatt noko å seie for korleis eg har takla den lange prosessen med prosjektet, om eg skal lytte til min trufaste og kloke makker gjennom denne gjentatte distansen, kardiologen Knut Gjesdal. Han siktar her til det å melde seg på eit løp du anten ikkje veit eller har fortrengt sidan forrige gang kor langt det er og korleis møtet med seige motbakkar og kjensla av utmatting stiller deg på prøve og kan framkalle staheit. På den andre sida må eg vedgå at eg tidvis har vore usikker på om eg gjennom det omfattande opplegget mitt og med over tre tusen referansar har vore for ambisiøs og dermed kanskje ville få det heile refusert; at eg så å seie ville bli diskvalifisert fordi eg nærmast gjorde løypa ekstra lang. At prosjektet har stilt meg overfor mange utfordringar, kan knapt overraske dei som har bladd i sluttproduktet. Men motet og motivasjonen har eg heldigvis ikkje måtte etterlyse. Hvordan ser du at dette arbeidet kan komme best mulig til nytte? – For det første satsar eg på at arbeidet vil vekkje interesse og fenge ’feltarbeidarar’ innanfor spesialisthelsetenesta. For det andre har det vore ei målsetting å nå helse- og samfunnsinteresserte borgarar og sentrale helsestyresmakter med ein kritisk gjennomgang av ei rekkje forhold som gjeld haldningar, ordningar og praksis i samband med dei to aktuelle verksemdene og tilføre både enkeltmenneske og samfunnet eit godt grunnlag for å hanskast med temaet fram mot slutningar og praktiske implikasjonar, men også visse omleggingar av lovverket. Er det noe du selv syns er spesielt viktig med dette arbeidet – noe du ønsker å fremheve overfor potensielle lesere? – I følgje dekanus Finn Wisløff er dette den første avhandlinga av ein teolog som er levert inn ved Det medisinske fakultet. Det er også den lengste avhandlinga han kjenner til i fakultetets historie. I mine øyre er dette naturlegvis meir artig enn det er viktig. Det som derimot er viktig er at storleiken på produktet ikkje skremmer travle klinikarar frå å opne det. Hovudteksten (utan noteapparat) er lett leseleg og forutset ingen bestemt fagbakgrunn. Dei færraste vil nok pløye ei slik avhandling frå perm til perm, men heller ha glede av den som ei ressursbok eller eit oppslagsverk. Her kan det fyldige innhaldsregisteret og saks- og forfattarregisteret vere til hjelp. Komitebedømmelsen var overstrømmende. De må ha hatt en stri jobb? – Omfanget på det arbeidet komiteen vart tildelt var neppe eigna til å framkalle overstrøymande reaksjonar. Snarare tvert imot. Utanforståande røyster har på dette punktet – ikkje utan grunn – uttrykt medkjensle med komitemedlemmane. Eg måtte smile då ein av dei i samband med disputasen gav uttrykk for at dei ikkje hadde kompetanse til å bedømme alle delar av avhandlinga og at dei burde ha vore endå fleire enn dei fire som var. Eg er for min del glad for at dei fire fullførte oppdraget frå fakultetet. Og sjølvsagt er eg ikkje mindre glad for tilbakemeldinga på konseptet mitt. Hvordan kan man skaffe seg boken? – Om etterspørselen gir grunnlag for det, vil eg i første omgang be om eit nytt opplag frå forlaget Unipub. Interesserte kan kontakte meg på mag-sten@online.no. I neste omgang kan det bli aktuelt å gjere den tilgjengeleg i ei noko anna form og for eit større publikum. OVERLEGEN 33
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy