Overlegen nr. 4 - 2014

OVERLEGEN 4-2014 10 Bakgrunn Problemet med antimikrobiell resistens (AMR) har i løpet av få år fått stor interesse både nasjonalt og internasjonalt. Vår eigen helseminister har omtalt problemet som helsetenesta si klimautfordring 1. AMR trugar ikkje berre behandling av epidemiar og klassiske infeksjonssjukdomar, men vil og kunne setje moderne kreftbehandling, protesekirurgi og transplantasjonskirurgi mange tiår tilbake.2 Nokre land har gått føre og vore leiande i kampen mot antibiotikaresistens internasjonalt, blant andre Nederland, Sverige, Storbritannia og Norge. Andre område av verda har dei største utfordringane, som Asia og Midt-Austen. Sjukdomar, mikrobar og resistente mikroorganismar flyttar seg over landegrensene med folk og dyr og mat som reiser. Under det store E-coli utbrotet i Tyskland i 20113 såg vi korleis eit utbrot i eitt land raskt fekk internasjonale forgreiningar og konsekvensar. Det starta i Tyskland, spreidde seg til Frankrike, ein trudde lenge at det kom frå England, men så fekk agurkane frå Spania skulda. Det viste seg å vere Egypt som var landet bønnespirene med E-coli bakteriar kom frå. DNA koden som gav oppklaring av utbrotet vart analysert i Kina. Det som starta som eit lokalt utbrot vart på få veker ei internasjonal folkehelseutfordring som inneheldt alt frå DNA diagnostikk og høgspesialisert intensivbehandling til internasjonal landbruks- og handelspolitikk. Problemet med antibiotikaresistens inneheld mange av dei same elementa. Under verdas helseforsamling i 2010 var eg på eit såkalla side arrangement om antibiotikaresistens. Det var Sverige med professor Otto Cars i spissen som hadde tatt initiativ til møtet. Møtet blei arrangert i eit stort rom med plass til mange, men det var berre nokre få land som var der, kanskje det var totalt 20 personar i rommet. Fire år seinare under verdas helseforsamling i 2014 var antibiotikaresistens igjen på dagsorden, både på den offisielle og som eit nytt side arrangement, denne gongen i eitt av dei største møteromma i FN palasset i Genève. Arrangør var igjen Sverige, saman med Nederland, Storbritannia og Ghana m fl. I år var møterommet stappfullt av folk, med representantar frå frivillige organisasjonar, statsleiarar, professorar og helsebyråkratar frå alle verdas land. Dei var der for å drøfte korleis ein kan stoppe ein av vår tids største truslar mot moderne medisin. Det var over 300 personar i rommet, - folk stod langs veggane. Generaldirektør Margret Chan frå WHO var også der for å understreke alvoret i situasjonen. Enno er det slik at nokre land slit med overforbruk av antibiotika, mens andre ikkje har tilgang på effektive legemiddel til ein akseptabel kostnad for sine innbyggjarar. Prosess og Metode Under den same helseforsamlinga, i mai 2014, blei resolusjon 67.25 om AMR vedtatt.4 Resolusjonen ber WHO om å utarbeide ein Global handlingsplan mot antimikrobiell resistens inkludert resistens mot antibiotika. I resolusjonen blir WHO bedt om å ta leiarskap og legge fram eit forslag til global handlingsplan til drøfting for neste års helseforsamling. For å utarbeide planen er det etablert ein omfattande prosess. Som ledd i denne prosessen vert det i 2014 bl.a. arrangert fire konsultasjonsmøter for å utvikle fleire delområde av handlingsplanen, for å skape eit eigarforhold til prosessen og problemstillingane og for å prøve å skape konsensus om korleis nødvendige tiltak kan implementerast i ulike sektorar og i ulike delar av verda. Det første av desse møta vart arrangert i Nederland i juli 2014 og hadde fokus på bruk av antibiotika i landbruk, dyrehald og matproduksjon. Det andre møtet som var planlagt i Brasil i slutten av oktober er førebels utsett pga Ebola epidemien, men skulle ha utvikling av nye legemiddel, forsking og innovasjon som tema. Det tredje møtet vert arrangert i Oslo 13 -14 november og har bruk av antimikrobielle midlar i humanmedisin som tema. Til møtet i Oslo er 40 land og ei rekkje internasjonale organisasjonar inviterte, i tillegg til ca. 20 norske ekspertar innanfor mikrobiologi, helseforetak, primærmedisin, veterinærmedisin og helseforvaltning. Norge arrangerer dette møtet saman med Frankrike, Senegal, Sør-Afrika, Thailand, Indonesia og Brasil. Det siste møtet skal vere i Sverige i desember med tema diagnostikk og overvåking av antibiotikaresistens. Konklusjonane frå desse møta vil bli brukte som innspel til den endelege prosessen med å ferdig- stille den globale handlingsplanen som først skal drøftast på WHO sitt styremøte i januar 2015, og så vonaleg bli vedtatt på neste års generalforsamling for WHO i mai 2015. Arbeidet med ein global handlingsplan mot antimikrobiell resistens Frode Forland, MD, DPH, Prosjektleiar Global helseberedskap og AMR, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Avdeling for internasjonal folkehelse ››

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy