Overlegen nr. 4 - 2014

OVERLEGEN 4-2014 11 Resultat I denne artikkelen vil eg kort presentere resultata (innhaldet) av det utkastet til handlingsplan som er lagt fram av WHO,5 og forslaga til konklusjonar frå drøftingsmøtet i Oslo om bruk av antimikrobielle midlar i humanmedisin. Den globale handlingsplanen understrekar at AMR kan ha store konsekvensar for pasientar og familiar, ikkje minst i lavinntektsland der luftvegsinfeksjonar, malaria, HIV og diare framleis er blant dei viktigaste årsakene til for tidleg død. Helsepersonell har ei vital rolle i å sikre at antimikrobielle midlar framleis vil vere verksame i mange år framover. Feil bruk og overforbruk av antimikrobielle midlar er ein av hovudårsakene til resistensutvikling. Planen tar og opp korleis ein kan ansvarleggjere aktørane i landbruk og matproduksjon, - både med tanke på dei som arbeider med dyr, plantar og fisk, og i høve til forbrukarperspektivet. Vidare vert rolla til politiske styresmaker og andre som fattar vedtak om økonomi og samfunnsutvikling drøfta. Berre i Europa reknar ein med at om lag 25 000 dødsfall skjer årleg pga AMR. I tillegg til menneskeleg liding og død har dette også store økonomiske konsekvensar. Legemiddelindustrien har hatt få og små insentiv til å utvikle nye antibiotika dei seinare åra, og såleis har ingen nye klasser av antibiotika kome til sidan 1987. Tradisjonelle investeringsmodellar har feila for dette feltet der ein ønskjer nye produkt utvikla, men som ein etterpå helst ikkje skal bruke. Handlingsplanen baserer seg på seks prinsipp: • Heile samfunnet må engasjerast • Tiltak må baserast på beste tilgjengelege kunnskap • Førebygging er betre enn behandling • Ein må sikre tilgang og ikkje overforbruk • Tiltak må vere berekraftige og integrerast i helsesystemet • Implementering må skje gradvis og gjennom målbare indikatorar Planen tar for seg fem hovudmål og foreslår ansvarsplassering av tiltak for kvart medlemsland, for WHO og for andre internasjonale organisasjonar og partnarar. • Hovudmål 1. Forbetre kunnskap og forståing for antimikrobiell resistens gjennom effektiv kommunikasjon, utdanning og opplæring • Hovudmål 2. Forbetre kunnskapsgrunnlaget gjennom forsking og betre overvaking • Hovudmål 3. Redusere insidens av AMR gjennom betre hygiene og infeksjonskontroll • Hovudmål 4. Optimalisere bruken av antimikrobielle midlar i human- og veterinærmedisin • Hovudmål 5. Utvikle nye forretningsmodellar for å stimulere til nye medisinar, diagnostiske verktøy, vaksiner og andre intervensjonar. Oslo møtet har som målsetting å støtte WHO sitt arbeid for å stimulere til meir forsvarleg bruk av antimikrobielle midlar i helsetenesta, utvikle strategiar og handlingsplanar for å redusere uansvarleg bruk, samstundes som ein sikrar tilgang av effektive legemiddel til dei som treng det. Formålet med møtet er å kome frå ord til handling. Under følgjer forslag til konklusjonar frå Oslo møtet. Tiltak for å regulere produksjon, sal og bruk: • Utvikle tiltak for å sikre kvalitet av antibiotika i produksjon, lagerhald og sal • Utvikle og implementere kunnskapsbaserte retningslinjer for forebygging og behandling som tar opp i seg lokalt resistensmønster • Helsepersonell må ta eit større ansvar i opplæring og kommunikasjon om AMR i møte med pasientar og samfunn • Marknadsføring og økonomiske incentiv for auka sal av antibiotika bør ikkje forekome • Antibiotikaforskriving bør berre skje av utdanna helsepersonell • Avfall frå produksjon av antibiotika må ikkje sleppast ut i miljøet • Internasjonale organisasjonar og dei som produserer antimikrobielle midlar må aktivt delta i kampen for å få slutt på falske substandard legemiddel Tiltak for å sikre tilgang på antibiotika • Tilgang på effektive vaksiner, diagnostika og antibiotika er eit ansvar for alle land • Nye metodar for ansvarleg distribusjon og forskriving av antibiotika må utviklast for å sikre tilgang i land med svake helsesystem Frå ord til handling på nasjonalt nivå • Alle land har ansvar for å involvere relevante interessentar i å utvikle nasjonale handlingsplanar mot AMR • Nasjonale handlingsplanar må bygge på prinsippa i ‘one health’ som inneber at menneskehelse, dyrehelse og miljøhelse heng saman • Nasjonale tiltak må ta for seg alle aktørar i kjeden frå produksjon til bruk; industri, apotek, helsepersonell og pasientar • Tiltak for å betre hygiene, infeksjonskontroll, tilgang på reint vatn og avfallshandtering må inngå i nasjonale planar Frå ord til handling på internasjonalt nivå • Sterkt og varig internasjonalt samarbeid er nødvendig for å oppnå måla i ein global handlingsplan • Bruk av ein rammekonvensjon som for tobakkskontroll bør vurderast som tiltak • Internasjonale partnarar og aktørar i kampen mot AMR må identifiserast, og roller og ansvarsområde må definerast • Bruk av det internasjonale helsereglementet kan vere eit effektivt verkemiddel for å implementere den globale handlingsplanen • Ikkje medisinske tiltak som tilgang på reint vatn, god hygiene og avfallshandtering er viktige tiltak for å førebygge infeksjonar og redusere bruk av antibiotika

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy