Overlegen nr. 4 - 2015

OVERLEGEN 4-2015 26 Voss sjukehus har hatt eit godt tiår sidan Foretaksreformen vart innført i 2002. Som del av Helse Bergen HF saman med Kysthospitalet Hagavik og Universitetsklinikken Haukeland sjukehus har det vore sterk vekst i aktivteten ved sjukehuset. Det har utvikla seg langt større tillit mellom Voss og Bergen og det er no for tida eit tett samarbeid mellom oss. Eg vil påstå at «den gode steminga» på Voss kjem nettopp av at vi er veslebror til Haukeland der alt vi kan bidra med for å avlaste hovedhuset blir sett på som positivt. Stabile tilhøve over tid gir tillit hos dei unge legane. Det har medført at dei tørr å satse på Voss. Dei kjøper seg hus og heim, får barn og blir etablert. Jamt og trutt har vi auka bemanninga frå seks til åtte til ti turnuslegar og fått fleire legar i spesialisering (LIS) innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, anestesiologi, radiologi og gynekologi/ obstetrikk. Spesialitetskomiteane har vore nøgde og turnuslegerapportane rangerer sjukehuset høgt. Etter modell frå til dømes Volda har vi rekruttert framtidige spesialistar tidleg i deira karriere ved forpliktande avtalar om utdanningsløp i samarbeid med Haukeland sjukehus. Det har medført at vi har klart å utdanne fire unge ortopedar og tre unge kirurgar er på veg til å bli greinspesialistar. Om nokre få år er det fire unge gynekologar. Slik jobbar vi innan alle spesialitetar og byrjar no verkeleg å få betalt for innsatsen. Eit større fagmiljø viser seg gjennom større fagleg aktivitet med fleire legar i gang med forskningsprosjekt med mål om doktorgrad. Voss sjukehus har også fått ansvar for Nasjonalt kvalitetsregister for fedmekirurgi og sjukehuset har fått «funksjonsfordelt» fedmekirurgien i foretaket sidan 2008. «Stedlig ledelse» Det var direktør Rolf Abrahamsen som var hovudgrunnen til at eg sa ja takk til jobben tilbake hausten 2003. Hos han var det framtidstru og god stemning! Same mann er framleis direktør etter fjorten år. Det må vere norsk rekord? Rolf er definisjonen på «stedlig ledelse». Hjartet hans brenn for lokalsjukehuset. Klart og tydeleg har han stått på for sjukehuset i alle fora han er med i. Det er ikkje lett å vise att som ein av 32 «direktørar» rundt sjefen i Helse Bergen sitt bord. Då blir det lett mykje om Haukeland og lite om Voss. Rolf har gjort mange kloke val om når og korleis han skulle ta opp viktige saker for «foretaksleiinga» i Bergen og på den måten klart å få fokus på våre behov. Lokal strategi Voss sjukehus vart ein del av Helse Bergen HF i 2002 saman med Kysthospitalet Hagavik og Universitetsklinikken Haukeland sjukehus. Å bli ein del av noko større der Voss sjukehus vart ei avdeling av Universitetsklinikken har vore heilt avgjerande for den positive utviklinga på Voss. I 2003 var det sterkt fokus på fagleg integrasjon mellom store og små sjukehus som resulterte i konkrete avtalar mellom Voss sjukehus og avdelingar på HUS innanfor pediatri, gynekologi og obstetrikk, anestesiologi og kirurgi for å nemne nokre fag. Sjakktrekket til Helse Bergen HF var likevel å behalde lokal direktør på Voss og med avdelingsoverlegar innan dei kliniske faga på lokalsjukehuset. Eg hugsar godt første gongen dåverande viseadministrerande direktør Voss sjukehus – «ei lys framtid ?» Jammen var det stas å bli utfordra av «Overlegen» på fylgjande: «Vi har alle inntrykk av at på Voss sjukehus går det bra trass i at Voss er veslebror til Haukeland. Stemmer det at det er «god stemning» på Voss?» Innlegg av Olav Lødemel, overlege og ass.direktør, Voss sjukehus. ›› Stabile tilhøve over tid gir tillit hos dei unge legane. Det har medført at dei tørr å satse på Voss. Dei kjøper seg hus og heim, får barn og blir etablert.

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy