Overlegen nr. 4 - 2015

OVERLEGEN 4-2015 27 Stener Kvinnsland hausten 2004 kom til Voss og «leste oss teksten». Stener var tydeleg på at leiinga i foretaket tok styringssignala frå RHF og Styret i Helse Bergen HF på største alvor. Det skulle ikkje vere nye omkampar om akuttfunksjon og fødeavdeling. Tvert om! Men det måtte vere same krav til aktivitet og kvalitet i behandlinga på Voss som på Haukeland. Og ein måtte berre gløyme å gå tilbake til ordning der lokalsjukehuset skulle vere «sjølvstendig». Frå no av var Voss ein del av ei større eining. Stener Kvinnsland var leiar i arbeidsgruppa for «Strategi for utvikling av Voss sjukehus fram mot 2020». Når eg blar i rapporten frå november 2005 gir rapporten eit solid inntrykk. Demografi og pasientstrumar er analyserte, og ein har systematisk gått gjennom kva sjukehuset utfører av behandlingar. Basert på dette blir det laga ein plan for framtidig utvikling. Det var ikkje småtteri ein såg for seg! Stener snakka mykje om robuste ordningar som ikkje var avhengige av kun eit fåtal legar. Utviklinga innan kirurgi ville medføre at «generell kirurgar» vart bytt ut med ortopedar og gastrokirurgar. Med andre ord ville vi få trong for ei dobling av spesialistar innan ganske kort tid: frå fire til åtte spesialistar som eit minimum for å dekke to separate bakvaktsjikt. I tillegg skulle vi ha fire anestesiologar, fire radiologar, fire gynekologar samt fleire spesialistar i dei indremedisinske fagområda. Sjølv var dette mi største bekymring då eg byrja i 2004. Korleis i huleste skulle ein klare å få rekruttert så mange legar til Voss? God steming Det er her «den gode steminga» kjem inn. Vossabygda gir ein god klang hos mange. For sjukehuset er det ein klar fordel at mange unge faktisk kan tenke seg å flytte til bygda. Ekstremsport, friluftsliv, idrett og kultur står sterkt. Å bu på Voss er kult! Siste tiåret har det også blitt kult å jobbe på sjukehuset, og det få rekrutteringsvanskar på legesida i det heile teke. Faste stillingar for andre yrkesgrupper er det lange søkjarlister til. Voss sjukehus rekrutterer godt! I 2004 var det ein fast ortoped som og var generell kirurg og to gastrokirurgar med generell kirurgisk kompetanse og ein plastikkirurg med generell-kirurgisk kompetanse. Desse fire utgjorde vaktteamet! No i 2015 er det fem ortopedar og snart fire gastrokirurgar og vi har klart kunststykket å få til robuste vaktlag i ortopedi og kirurgi. I tillegg har me gått frå fire overlegar i indremedisin til sju legar som dekkar lunge, kardiologi, gastroenterologi, 2 LAURDAG NYHENDE HORDALAND 8. AUGUST 2015 Den kirurgiske akuttberedskapen ved Voss Sjukehus vil ryka, dersom eit regjeringsoppnemnd utval sine prinsipp vert rådande politikk i Noreg. Tilsette frå Voss Sjukehus, og ei rekkje andre mindre sjukehus landet over, vil onsdag samlast i Oslo for å protestera mot utvalet sine konklusjonar – med demonstrasjonstog framfor Stortinget. – Ryk den kirurgiske akuttberedskapen no, kan Føden verta det neste, seier Friedemann Erchinger, tillitsvald for sjukehuslegane på Voss. – I så fall kan dette vera starten på ein prosess der me ikkje lenger har eit sjukehus på Voss, berre eit lokalmedisinsk senter. Må ha minst 80.000 «Med utgangspunkt i krav til teknologi, beredskap og kompetanse er det vanskelig å se for seg at et sykehus kan ha akutt funksjon innen kirurgi med mindre enn 80.000-100.000 mennesker i opptaksområdet», lyder ein av utvalet sine konklusjonar. Området som høyrer inn under Voss Sjukehus omfattar som kjent berre ca 30.000 fastbuande. Eit folkegrunnlag på 30.000 og oppover kan likevel vera tilstrekkeleg for å driva akutt indremedisin på døgnbasis, heiter det vidare i konklusjonen. Det regjeringsoppnemnde utvalet var leia av Johan Torgersen frå Helsedirektoratet, og i hovudsak samansett av spesialistar frå dei store by-sjukehusa. – Det i seg sjølv er òg provoserande, synest Erchinger. – Utvalet burde opplagt hatt 50/50-samansetning, like mange frå distrikta som frå byane. Ikkje minst sidan me stadig ser eksempel på at stort slett ikkje er best, men at småsjukehus har minst like gode resultat som dei store. Tett med Haukeland Akuttmottaket på Voss er som dei fleste tilsvarande i Noreg bygt opp rundt eit tilbod om indremedisin, kirurgi og gynekologi/fødslar 24 timar i døgeret. – Her på Voss har me fem ortopedar, fire gastrokirurgar og fire gynekologar, opplyser Erchinger. Organisatorisk er Voss Sjukehus dessutan så tett integrert med Haukeland Universitetssjukehus at alle som jobbar på Voss er utdanna der. Det vert òg drive eigne forskingsprosjekt her på Voss – i nært samarbeid med Haukaland. Det er dermed tette band og enkel kommunikasjon tilbake mot fagavdelingane der, då alle kjenner alle. Og i motsetnad til ein del andre mindre sjukehus, som slit med rekruttering av fagfolk, opplever me i dag at Voss Sjukehus er ein svært attraktiv stad å jobba, seier Erchinger, som sjølv kjem frå Tyskland. Kollega Ole Eik Jørgensen, overlege på Føden, stadfestar trenden. – Og medan mi avdeling tidlegare var avhengige av utanlandske legar på engasjement, har me i dag berre fast tilsette. Og stadig fleire norske, seier Jørgensen, som sjølv har flytta til Voss frå Danmark. Oslo-perspektivet – Voss Sjukehus opplever kort og godt ei blømingstid, som framfor alt kjem brukarane til gode, seier Erchinger. – Alt dette kan no verta sett på spel, om dei styrande i Oslo tek innspelet frå den faglege rådgjevingsgruppa til fylgje. Eit innspel der Noreg opplagt er sett frå Oslo-perspektivet. Og så kan ein jo lura på om det var tilfeldig at denne rapporten vart lagt fram rett før sommarferien, legg han til. – Sett frå Oslo er det kanskje ikkje så dramatisk om akuttberedskapen forsvinn på Voss, ut frå at vegen til Bergen er kort med helikopter. Berre rundt 25 minutt, supplerer Gro Riise som er tillitsvald i YLF (Yngre Legers Forening). – Men røynda er heilt annleis. Kanskje er her ikkje flyvêr den aktuelle dagen. Og uansett skal eit helikopter rekvirerast. Kanskje er det ingen ledige nett då, og uansett skal helikopteret fly opp hit til Voss fyrst. Ofte ser me då at det går like raskt å senda pasienten med ambulanse til Bergen. Og om det då skulle vera eit større hjarteinfarkt eller hjerneblødning, vil Voss kontra Bergen kunna vera skilnaden på liv og død. Slik er det berre, seier Gro Riise. Ikkje berre 30.000 – Eit anna viktig moment med Voss er korleis bygda faktisk er, supplerer overlege Kristian Jensen ved kirurgisk avdeling. – Som stor turistkommune og aktiv arena for ekstremsport er 30.000 fastbuande berre ein del av kvardagen me skal turnera. Sommarstid har me heile tida Fryktar akuttberedsk apen skal ryka IKKJE FOR LITE: Dei tilsette ved Voss Sjukehus er klare til kamp. Ei regjeringsoppnemnd faggruppe meiner akuttberedskapen bør fjernast frå alle sjukehus med folkegrunnlag på under 80.000. - Ryk akuttfunksjonane, kan Føden verta det neste som ryk, fryktar Friedemann Erchinger, sjukehuslegane sin tillitsvalde på Voss. Ein mann vart sendt til sjukehuset etter at han skleid med motorsykkelen i oljesøl på E16 ved Flageberget vest om Bulken onsdag. Ein lastebil fekk lekkasje i hydraulikken onsdag ettermiddag då han høyrde forbi Flageberget på E16. Då sjåføren merka lekkasjen, stoppa han straks og melde frå til Vegtrafikksentralen. I det same han ringde, kom ein motorsykkel køyrande motsett lei, og hamna rett inn i den glatte vegbanen. Sykkelen skleid og velta, og føraren vart forslått. Etter ein tur til sjukehuset på Voss for sjekk, vart det klart at motorsykkelsjåføren vil verta heilt fin att etter uhellet. Dette melder politiet på Voss. KARL YSTANES | tekst ky@avisa-hordaland.no Til sjukehus etter MC-skrens Onsdag ettermiddag, kring klokka 17.30 fekk Vegtrafikksentralen melding om at det hadde hamna steinar i vegen (rv 13) ved Vassenden i Granvin. Ingen kom til skade av steinane som var rundt 60 cm x 70 cm. Vegtrafikksentralen fekk organisert ryddinga. Dette melder Voss lensmannsdistrikt. Stein i vegen Ein mann skal ha fotografert eit hus på Stanghelle, og festa ein tyggegummi mellom inngangsdøra og dørkarmen. Politiet i Voss lensmannsdistrikt har ved fleire høve gjeve uttrykk for at dei set pris på tips frå publikum om mistenkjelege tilhøve. Denne gongen har ein mann på Stanghelle lagt merke til noko rart i nabolaget. Denne veka vart han merksam på ein ukjend mann som stod og tok bilete av huset til grannen. Deretter festa den ukjende mannen noko til inngangsdøra på huset. Vitnet gjekk bort til huset og fann då ut at det var ein tyggegummi som var festa i døra. Politiet seier til Hordaland at dette er eit kjent triks for å sjekka trafikken i huset, det vil seia at tyggegummien vert borte eller øydelagd om nokon går i døra. – Det kan vera nokon som har interesse av å skaffa seg kjennskap til om huseigar er heime eller ikkje, og me er glade for at folk fylgjer med, seier lensmann i Voss lensmannsdistrikt, Ivar Hellene. KARL YSTANES | tekst ky@avisa-hordaland.no Tyggis-triks på Stanghelle 3 LAURDAG NYHENDE HORDALAND 8. AUGUST 2015 r t r t r l r IKKJE FOR LITE: Dei tilsette ved Voss Sjukehus er klare til kamp. Ei regj ringsoppnemnd faggruppe m in r akuttberedskapen bør fjernast frå alle sjukehus med folkegrunnlag på under 80.0 0. - Ryk akuttf nksjonane, kan Føden verta det n st som ryk, fryktar Friedemann Erchinger, sjukehuslegane sin tilli svalde på Voss. pågang av turistar med ulike plager, ikkje sjeldan magevonde som krev raskt kirurgisk inngrep. Eller det kan vera utøvarar frå ekstremsporten som både har pådrege seg fysiske problem og traume, etter uheldige episodar. I tillegg utfører sjukehuset her ei rekkje standardoperasjonar for pasientar frå Haukeland og Haraldsplass. Mellom anna for å operera tilbake utlagt tarm. Det vil såleis vera meiningslaust å vurdera Voss Sjukehus si framtid ut frå talet på fastbuande, gjer Jensen klart. Berre akutt onsdag – På grunn av sommar og ferietid har me ikkje fått formidla informasjon og synspunkt til omverda før no, heller ikkje til det politiske Voss, seier Erchinger til Hordaland. – Men for meg er det opplagt at dette bør verta ei viktig sak i lokalvalet no i haust. For her bør alle lokalparti ta kontakt med sine innvalde på Stortinget og få fram kva dette dreiar seg om. Legane på Voss Sjukehus har òg vurdert saka som så viktig at det vert «unntakstilstand» på Voss Sjukehus onsdag neste veke. – Då vil me berre bistå med øyeblikkeleg hjelp. Resten av oss vil reisa til Oslo og stå på barrikadane, seier Friedemann Erchinger. ROLF TEPSTAD | tekst VIDAR HERRE | foto rte@avisa-hordaland.no FAKTA | SJUKE- HUSSTRUKTUR „ «Faglige konsekvenser av alternativer for sykehusstruktur» er namnet på dokumentet som no skaper debatt. „Mandatet var å vurdera dei faglege konsekvensane av tre vegar vidare for sjukehusstrukturen i Noreg. „1: Halda frammed noverande struktur nokre år til. „2: Sentralisert kirurgi, som vil innebera færre akuttmottak og færre sjukehus. „3: Oppretthalda desentralisert sjukehusstruktur, men tilpassa akuttfunksjonane folketalet. VOSS: – Sjølv om ei rekkje legar og andre tilsette dreg til Oslo for å demonstrera onsdag, skal drifta på sjukehuset i prinsippet gå som normalt. – Tillyste operasjonar og anna vil difor verta utført som planlagt, understrekar sjukehusdirektør Rolf Abrahamsen. Neppe permisjonar – Dei som skal til Oslo og ta del i demonstrasjonen, lyt anten ha fri, byta vakter – eller søkja om permisjon. Men ut frå situasjonen er det vel tvilsamt om permisjonar vil bli gjevne, seier Abrahamsen. Om tillitsvalde har automatisk rett til å delta, var fredag uavklart. I så fall vil dette kunna gjelda ei handfull personar ekstra, og då vil ein del planlagde operasjonar måtta utsetjast, seier Abrahamsen, som likevel meiner at det meste av sjukehusdrifta skal gå som normalt. Enno på ferie – Kva meiner du sjølv, som sjukehusdirektør, om innspelet frå helseministeren si rådgjevingsgruppe? – Eg kan sjølvsagt ha ei meining privat. Som sjukehusdirektør må eg uansett forhalda meg lojalt til det systemet til ei kvar tid bestemmer. Min jobb vil uansett vera å fylgja dét opp, seier Abrahamsen, som framleis er på ferie og dermed ikkje har vore nært innpå det som har skjedd på Voss Sjukehus denne veka. – Men eg er tilbake på jobb måndag, opplyser han. ROLF TEPSTAD | tekst rte@avisa-hordaland.no – Sjukehus nesten som normalt VOSS: – At framtida for lokalsjukehusa skal definerast ut frå folktal åleine, er meiningslaust. Dette vert såleis ei viktig kampsak for alle politikarar på Voss, seier Hans-Erik Ringkjøb. – Eg anar ikkje kva mitt eige parti meiner i saka, trur heller ikkje ho har vore debattert i sentrale fora så langt, seier Ap-ordføraren. – Men for alle oss på Voss er dette opplagt dårleg nytt, og eit framlegg som vil skapa sterkt engasjement. Meir kan ryka sidan Ringkjøb understrekar at Voss Sjukehus, som den største kompetansearbeidsplassen på Voss, er umåteleg viktig for bygda. – Ein miks av aktivitetar er viktig i eit kvart fagmiljø. Og på sjukehuset er akuttkirurgien ein viktig pilar. Vert den fjerna no, er det fort at noko anna ryk seinare, påpeikar Ringkjøb. Tema i valkampen Vossaordføraren synest òg det vitnar om liten kjennskap til vårt vidstrekte land om folketal åleine skal vera avgjerande for kva funksjonar eit lokalsjukehus skal ha. Somme stader er avstandane så store at dét må vera langt viktigare, andre stader, som Voss, er realitetane heilt annleis. – For heile sommaren, og nesten kvar einaste helg, er her så mange tilreisande at det reelle folketalet er dobbelt så stort som talet fastbuande. – Saka bør opplagt bli del av den tilstundande valkampen. Både her lokalt, og overfor partilaga sentralt, slår Ringkjøb fast. ROLF TEPSTAD | tekst rte@avisa-hordaland.no – Ein viktig kamp for Voss

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy