OVERLEGEN 4-2015 28 hematologi og nefrologi samt generell indremedisin. Me har 10 turnuslegar, seks LIS i kirurgi/ ortopedi og seks LIS i indremedisin samt LIS i gynekologi, anestesiologi og radiologi. Sånn omtrent 52 årsverk innan somatikk på Voss sjukehus per i dag. Totalt er det rundt 450 tilsette ved sjukehuset. Det er mykje å seie om fag og kompetanseutvikling innan alle andre fagområde og profesjonar også, men det rekk eg ikkje her. Korleis har me fått det til ? Tøffe val og hard prioritering er svaret. Direktøren har måtta prioritere akuttfunksjonane og av den grunn kutta ut ØNH, urologi, redusert sengetal på intensiv i helger, nedlegge lærings- og mestringsenter for å nemne noko. Støttefunksjonar er blitt «sentraliserte» med færre merkantilt personale enn før. Det merkast godt! Funksjonsfordeling er heilt avgjerande. For å få nok aktivitet på dagtid for våre legar må vi ha pasientar frå bergensområdet. Vi får overført både hoftenære brot og radiusfrakturar frå Bergen Legevakt, samt elektive pasientar frå Haukeland sine ventelister innan ortopedi og kirurgi. Til dømes var det 55 galleoperasjonar på Voss i 2004 medan det i fjor vart utført 230 avdi gallepasientar no blir operert på Voss og ikkje på Haukeland. Voss sjukehus har også all overvektskirurgi i foretaket sidan 2008 og har operert omtrentleg 250 laparaskopisk gastric sleeve i år. Aktiviteten på Operasjonsavdelinga har på ti år auka frå 1700 til rundt 2950 inngrep og prosedyrer. Dei indremedisinske faga står støtt på Voss og har hatt god rekruttering med unge spesialistar innan nefrologi, kardiologi og lungemedisin. Dei unge legane har skjønt teikninga – i går fekk eg ein e-post frå ein ung kollega. Ho jobba som LIS på eit stor sjukehus og var gift med ein vossing. «Kva for spesialitet bør eg satse på for å kunne få jobb på indremedisinsk avdeling på Voss» var spørsmålet. Framtida Kvalitet på tjenestene er det som vil ha størst betydning i framtida. Med medisinsk utvikling blir diagnostikk og behandling meir kompleks. Det er meir krevjande å halde oversikt for den enkelte spesialist. Det blir team som tek beslutningar i staden for den enkelte lege. Sånn er det alt i dag. Endå betre samarbeid mellom sjukehusa er nødvendig. Nasjonal helse og sjukehusplan er på trappene. Det har vore stas for Voss sjukehus at vår organisering blir nytta som døme på eit mogleg alternativ til sentralisering av akuttkirurgien. Eg sit her og les Bent Høies opningsinnlegg på sjukehuskonferansen nyleg: «20 år med diskusjoner – hvordan skal vi utvikle sykehusene». Mykje er bra her - framtida vil handle om nettverk, samarbeid og oppgåvedeling på ulike nivå. Men rapporten om akuttfunksjonar i 14 norske sjukehus blir brukt for meir enn den er verdt synest eg. Det er ikkje dyre og dårlege vaktordningar der kirurgar sit og ventar på pasienten. Vi er stolte av vaktordninga vår. Det er ein kvalitet å ikkje operere om natta, så det gjer vi kun når vi må. Vaktordningane er basert på heimevakt og tilkalling. Både LIS-legar og overlegar arbeider dagtid før og etter vakt i alle akuttfaga. Dette er ikkje dyre vaktordningar. Tvert om. Det er billig. Eg er sterkt uroa over kva som skal skje med dei 1550 pasientane som blir lagde inn akutt på kirurgisk avdeling årleg om akuttkirurgien blir sentralisert. Skal alle i ambulanse til Bergen? Om så skjer, er eg redd det er byrjinga på slutten for dette sjukehuset. Då trur eg det blir verkelege rekrutteringsvanskar. Då blir det ikkje «god stemning» på Voss sjukehus. • Det har vore stas for Voss sjukehus at vår organisering blir nytta som døme på eit mogleg alternativ til sentralisering av akuttkirurgien. 5 TYSDAG NYHENDE HORDALAND 22. SEPTEMBER 2015 Kjøp kort på www.myrkdalen.no eller i Myrkdalsstovo. I kampanjeperioden får ein sesongkort til rabattert pris. Før 1. oktober får ein også 4 valfrie skidagar i Voss Resort! Kampanjesal på sesongkort: 15. september – 15. oktober Slå til før 1. oktober og få 4 dagar i Voss Resort inkludert Foto: Sverre F. Hjørnevik Foto: Sverre F. Hjørnevik OSLO: – I eit land somNoreg lyt ein ta omsyn til fleire ting når det skal avgjerast kva tilbod dei ulike sjukehusa skal ha. Dette fastslår statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet, på vegne av statsråd Bent Høie (H). Hordaland sende føre helga fire skriftlege spørsmål til statsråden, mellom anna om han ville fylgja ekspertutvalet sitt råd og krevja eit speifikt folketal når spørsmålet om døgnkontinuerleg akuttkirurgi skal vurderast. Svaret, som ikkje kom frå ministeren sjølv, men frå statssekretæren hans held fram: – Både faktorar som geografi, vêrtilhøve og tilgjenge til bil-, båt og luftambulansetenester må vera med i vurderinga. Ein kan med andre ord ikkje ta avgjerder berre basert på folketal, skriv Erlandsen. – I framtida må også små og store sjukehus samarbeida tettare for å gje folk gode helsetenester. Den medisinske utviklinga, ny teknologi og nye måtar å kommunisera på gjev oss store moglegheiter på dette området, legg ho til. – I ei sak som dette, vil det vera eit poeng å skapa eit breitt forlik i Stortinget om vegen vidare, slik at det ikkje vert omkamp kvar gong det politiske fleirtalet i Noreg skiftar? – Ja, det er svært viktig. Det er meir enn ti år sidan staten tok over som eigar av sjukehusa. Men det har aldri blitt laga ein samla plan som gjer at me har ei nasjonal oversikt over om spesialisthelsetenesta er rigga til å møte framtidas behov. Det er viktig at Stortinget får høve til å diskutera dette. Fleire parti på Stortinget har ynskt ein slik plan. Det er på høg tid at viktige avgjersler om framtida til sjukehusa våre blir tekne av dei folkevalde på Stortinget, uttalar statssekretær Anne Grethe Erlandsen. Ho opplyser at departementet sitt framlegg til Nasjonal helse- og sjukehusplan vert levert i løpet av hausten, men veit førebels ikkje om det skjer i oktober novermber eller desember månad. ROLF TEPSTAD | tekst rte@avisa-hordaland.no – Folketal åleine ikkje avgjerande forsvinn. – Slutten på Voss sjukehus slik me kjenner det, uttala dei tillitsvalde Kristian Jensen (Legeforeningen) og Britt Heidi Tefre (Sjukepleiarforbundet). Spissar kompetansen – Her på Voss opplever me at leiinga i Helse Bergen både satsar på oss, og aktivt er med og utviklar spisskompetansen vår, seier Abrahamsen. Døme på dette er at sjukehuset i dag føretek alle fedmeoperasjonar innanfor helseområdet, alle operasjonar i galleblæra like eins, meir enn 200 stk av begge delar kvart år. – For operasjonar i handledd og hoftebrot vert i dag kvar sjette pasient frå Bergen Legevakt send oppover til oss, seier han. Og samarbeidet er ikkje mindre tett innan rekruttering og kompetanse, påpeikar sjukehusdirektøren. – Kirurgar og andre spesialistar gjennomfører i stor grad utdanningsløpa sine i ein kombinasjon mellom Voss og Hau- – Lite sjukehus, sterk fagmiljø – Rekrutteringa ved Voss sjukehus viser at ekspertgruppa tek feil TEK FEIL: – Helseministeren si ekspertgruppe tek feil. Det er Voss sjukehus eit levande prov på, seier administrerande direktør Rolf Abrahamsen. keland Universitetssjukehus. Dette sikrar både god rekruttering og høg fagleg standard. Vil ha vidareutvikling Heller enn nedbygginga som no trugar, synest Abrahamsen difor at Voss sjukehus må vidareutviklast. Noko sjukehuset òg har planen klar for. – Me treng fleire operasjonsstover, større poliklinikk og betre plass ved akuttmottaket. Mellom anna. Abrahamsen har forståing for at det ikkje kan satsast like mykje på alle sjukehus kringom i Noreg. Men Voss, med all sin turisme, skisport, ekstremsport og store gjennomfart både av bil- og togfarande er i ei særstilling, meiner han. – At folketalet i det definerte inntaksområdet er 30.000, er dermed underordna. Alt i dag kjem nær annankvar pasient frå andre kommunar enn dei seks som utgjer sjukehusområdet. Me er også næraste akuttsjukehus for heile 13 kommunar, frå Odda i sør til Årdal i nord, kan Rolf Abrahamsen fortelja. – Samla folketal for dette området er 53.000. Men på toppen av dette igjen kjem alle tilreisande, alt frå bergensarar på hytta til cruisepassasjerar i Flåm. Rekkja av gode argument for oppretthalding og vidareutvikling av Voss sjukehus er såleis lang! ROLF TEPSTAD | tekst og foto rte@avisa-hordaland.no – Vårt sjukehus har alt gjennomført mykje av den spesialiseringa helseministeren si ekspertgruppe meiner lokalsjukehus ikkje maktar. – Me er eit levande prov på at noko må vera grunnleggjande feil i tankegangen deira, seier sjukehusdirektør Rolf Abrahamsen i ein kommentar til saka me hadde på trykk før valet, etter at alle dei politiske partia hadde vitja Voss sjukehus. Statsråden si ekspertgruppe meiner at sjukehusområde med folkegrunnlag på mindre enn 80.000 ikkje bør ha døgnkontinuerleg akuttkirurgi. Mellom anna fordi små sjukehus ikkje maktar å byggja opp sterke nok fagmiljø. Kamp om jobbane – Teorien stemmer i alle fall dårleg for Voss sjukehus sitt vedkomande, seier Abrahamsen. – Me rekrutterer svært bra. Det er stor konkurranse om jobbane me lyser ut, kan han fortelja. Gjennom Abrahamsen sine snart 15 år på Voss har talet overlegar på kirurgisk avdeling auka frå fire til ti. Overlegane fyller dermed to separate vaktordningar – ein for blautdelskirurgi, ein for ortopedi. Anten det gjeld beinbrot på alpinski eller ein akutt blindtarm, vil sjukehuset dermed alltid ha ein spesialutdanna kirurg klar for innsats. På Voss sjukehus fryktar dei dominoeffekt, i fall den døgnkontinuerlege akuttkirurgien Faksimile fra Hordaland avis, 22. september 2015
RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy