Overlegen nr. 4 - 2018

OVERLEGEN 4-2018 50 Du har vore hos fastlegen og blitt tilvist til sjukehus. Etter nokre dagar kan du sjekke statusen på tilvisinga di på nett, og etterkvart sjå kva tid og kor du har time. Du kan lese om kva du skal på sjukehuset, kva som skjer før, under og etter utgreiinga og behandlinga du skal til, kva forsking som ligg til det du er tilvist for og kva rettar du har. Treng du kontakte sjukehuset, eventuelt med spørsmål om å endre timen, kan du sende ei melding frå nett til avdelinga du skal til, og få svar innan ei gitt tid. Når tida for timen nærmar seg, får du sjølvsagt eit sms-varsel. Dagen du skal av garde til sjukehuset sjekkar du praktisk informasjon om korleis du kjem deg til rett stad. I mottakinga sjekkar du inn på sjukehuset på ein stasjon og får vidare beskjed om korleis du kan finne fram til rett plass for å vente. Vegen dit er godt merkt og du kan følgje kartet på smart-telefonen din. I mellomtida har avdelinga fått beskjed om at du er på veg og dei du skal møte kan førebu seg. Når timen din er over, kan du velje om du vil betale konsultasjonen via Vipps, du kan hente ut medisinen på resepten sjukehusapoteket allereie kan hente fram og vel heime kan du i ro og mak levere reiseoppgjeret, igjen på nett. Ønskjer du å lese journalen din er den òg lett tilgjengeleg på helsenorge.no. Trur du eg snakkar noko som ligg langt framføre oss i tid? Då kan eg forsikre deg om at dette så absolutt er notida. Vi har arbeidd lenge på systemnivå for eit betre tilbod til pasientane, med god og forenkla kommunikasjon, kortare ventetid og ingen fristbrot. Ventetida skal blir kortare, planlegginga betre og vi tilbyr verktøy for at fleire møter til timane vi har planlagt for. Pasienttryggleiken skal betrast og ivaretakast. Logistikken i sjukehusa skal vere til hjelp, og gjere kvardagen enklare. Pasientane skal vel heim i etterkant. Det er no ei god stund sidan vi realiserte 'ein vestlending, ein sjukehusjournal'. Alt på nett, i sanntid. Har pasienten vore innom eit sjukehus på Vestlandet, er info tilgjengeleg for den behandlaren som skal ha tilgang på andre sjukehus her. I oktober kunne vi gratulere Haraldsplass i Bergen med eit nytt sjukehusbygg. Eit flott bygg som legg opp til gode forhold både for pasientar og medarbeidarar. Eit sjukehus som tek i bruk ny teknologi og er pilot for nye løysingar som i løpet av 2019 skal takast i bruk i alle sjukehusa våre. Utviklinga vi no ser, skjer i rivande fart. Føresetnaden er ein god ikt-grunn- mur av felles teknologi i regionen, bygd over mange år, i tillegg til gode og velprøvde regionale kjernesystem. Gevinsten er gode arbeidsprosessar, god pasientdialog og –involvering. Eg starta med å teikne pasienten sine moglegheiter for ta i bruk tenester knytt til sjukehusbesøket. Ein kan gjerne følgje kvardagen til helsepersonellet på same RHF-SPALTEN Framtida er no Dei siste 16 åra har vi arbeidd for å byggje grunnmuren og fundamentet for teknologi i sjukehusa i Helse Vest. Det har vore tunge tak, kravd mykje tolmod og store investeringar. Tida er inne for å hauste av denne innsatsen - og det til gangs. ›› Av Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy