Overlegen nr. 4 - 2018

OVERLEGEN 4-2018 51 måte. Frå dei loggar seg på smarttelefonar, tildeler seg rolle og pasientar og får gode oppdateringar i sanntid i tavlemøte på skjerm når dei kjem på vakt, til at dei enkelt og direkte får informasjon frå lab, røntgen og journal, har god oversikt over pasientlogistikk og –tilstand, kan gjere bestillingar dei treng og enkelt kan komme i kontakt med, og dele informasjon med kollegaer og andre avdelingar. Dette er situasjonen medarbeidarane våre vil møte når systema som er i testfase på Haraldsplass i dag, blir tilgjengelege for alle sjukehusa på Vestlandet. Når ein får ny støtte til arbeidsprosesser må gamle prosesser og vanar endrast. Det er ikkje alltid like lett. Men lat meg minne om utfordringa vi hadde, og framleis har: Samhandling og informasjonsdeling på tvers av fag, system, avdelingar og støttefunksjonar har ikkje vore bra nok. Medarbeidarane våre har brukt mykje tid på sjølve å skaffe seg overblikk og få kommunisert smart og effektivt på tvers av vakter, avdelingar og andre om pasienten sitt forløp og behandling. Informasjonen har vore å finne i ulike datasystem, på manuelle tavler, på papir og gjennom munnleg kommunikasjon. Dette er ikkje den beste måten å arbeide på for nokon av oss. Ser vi framover, vil medarbeidarane våre ha forventning til vel fungerande digitale hjelpemidlar. Dei som er vaksne opp med ein smart-telefon i handa, forventar ikkje eit papir i handa og munnleg over- levering av kritisk informasjon når dei kjem på arbeid. No møter vi dette med utprøving av løysingar slik at det blir mindre plunder og heft for alle. Vi bruker ressursane vi har i sjukehusa på ein betre måte. Mange enkeltoppgåver blir samla i planlegginga, medarbeidarar får informasjon i sanntid og på ein måte som gjer at ein kan ta gode avgjersler, unngår dobbeltinformasjon og unngår feil. Dette gir og effektiv samhandling på tvers av fagavdelingar og støttetenester. Du tenkjer kanskje at dette gjer vi jo på fleire sjukehus i landet. Ja, det gjer vi. Vi har sjølvsagt sett til andre sjukehus sine erfaringar. Forskjellen her er at løysingane eg snakkar om skal takast i bruk som felles løysingar i heile regionen. Det er eit kjempeløft, og eg er heilt sikker på at det er det rette løftet. Dei siste par åra har vi arbeidd med strategiar fram mot 2035. Vi står midt i arbeidet med den regionale utviklingsplanen vår for dei neste åra. Med utviklinga vi har lagt til rette for dei siste åra er vi budde på det som skal til for å gi befolkninga gode sjukehustenester framover. Vi startar altså ikkje frå noko nullpunkt. Det er blitt lagt ned ein formidabel innsats gjennom mange år allereie. Løysingane vi no ser og den rivande utviklinga vi er i, fortel at framtida, ja, ho er no. • RHF-SPALTEN «Pasienttryggleiken skal betrast og ivaretakast. Logistikken i sjukehusa skal vere til hjelp, og gjere kvardagen enklare. Pasientane skal vel heim i etterkant» Herlof Nilss n

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy