Overlegen nr. 4 - 2023

OVERLEGEN 4-2023 32 Eit tenkt klinisk døme; du er ueigna Det var ikkje lenge sidan, Kristine hadde halvårsevaluering med sin vegleiar, mentor og avdelingsoverlege. Denne evalueringa hadde dessverre gått slik som ho frykta. Den største redselen hennar, var å høyre at ho ikkje hadde forbetra seg, til tross for all den jobben ho hadde utført for å gjere det betre saman med pasientane. Vegleiar hadde fleire gongar forsøkt å informere henne om dette. Korrigere henne, bli med inn til samtalar, og kome med tilbakemeldingar ommåtar å vurdere ein pasient på. Kva spørsmål må ho spørje? Kva bør ho legge vekt på? Korleis få til ei god klinisk undersøking? Ho ønskja svært gjerne å få det til, men det gjekk berre ikkje. Ho hadde vore på denne avdelinga i 1 ½ år. Eit halvt år lenger enn det som var naudsynt. Vegleiar hadde vore ærleg med henne sidan start. Dette var fint. Samtidig bar det på utruleg mykje skam. Tenk å ikkje få til noko ein verkeleg har lyst til å få til. Det å bli stempla som ikkje god nok. «Er min karriere som lege køyrt i grøfta?» tenkte ho. Når tvilen dukkar opp Der er mange årsakar til at ein endar opp med å vegleie ein kandidat ut av spesialiteten. Eit tydeleg døme, er ukritisk bruk av rus, som då påverkar arbeidet ein gjer. Men det er ikkje alt som er like sjølvsagt. I svært mange situasjonar, kan ein ende opp i tvil. Kva er det riktige å gjere? På kva måte er dette ein faktor som påverkar sikkerheita til pasientane? Ja, desse tvil tilstandane er kanskje hardast å stå i. Somme kandidatar er ikkje mottakeleg for tilbakemeldingar og korrigeringar, som gjer det umogleg å forme vedkomande til ein fagleg forsvarleg spesialist. Manglande samarbeid med andre yrkesgrupper, som skapar problem i arbeidskvardagen. Psykiske belastningar i privatlivet, som medfører uforsvarleg behandling av pasientar. Eller genuine vanskar og manglar i personlegdomen, som gjer det utfordrande med den valte spesialiteten. Dette for å nemne nokon. Årsakene kan vere mange. Men når tvilen dukkar opp, bør dette setje i gang eit alarm system i vegleiaren. Kva gjer ein då? Korleis skal ein vurdere? Kor lenge bør ein vente med ein endeleg avgjersle? Kva er rolla til ein vegleiar? Jobben til ein vegleiar, er å lede veg, styrke faget og sikre at kandidaten gjer ein forsvarleg jobb i møte med pasientar eller andre medisinske prosedyrar. Ein del av denne rolla, er å la tvilen kome til gode for kandidaten, og sikre at hen får fleire sjansar til å rette seg opp, utvikle seg og ta til seg korrigeringar som blir gjeve. Kanskje burde ein få inn ein kollega, så ein kan drøfte og sikre eigne vurderingar? Er fleire spesialistar samde om kandidaten? Halvårsevalueringar er eit samlepunkt, der kandidatane skal vere i fokus. Med dette, er det viktig at kandidaten er forberedt på kva som blir sagt. Eit møte i forkant med vegleiar, kan skjerme kandidaten for mykje skam og overrasking. Ein transparent måte å handtere noko ukomfortabelt på. Vegleiar har som oppgåve å forsøkje skjerme kandidaten for ytterlegare devaluerande kjensler ovanfor ein sjølv, og romme det negative som kan dukke opp. Samtidig er det viktig å vere open, og gje ein tydeleg forklaring på vurderinga som blir gjort. Det er ikkje kjekt å gje ein slik beskjed. Kan ein nær relasjon til kandidaten gjere det vanskelegare for vegleiar å tenkje klart, vere sikker på vurderinga, eller lettare å bli blinda av personlegdom? Relasjonen mellom kandidat og vegleiar er asymmetrisk. Vegleiaren har ei formell rolle i å godkjenne eller underkjenne kandidaten si teneste, og kandidaten står med dette i eit reelt avhengigheitsforhald til vegleiar. Det er snakk om ujevn makt, der den mektigaste må gjere seg bevisst over dette ansvaret. Ja, for ansvaret er stort. Utdanningslaupet inneber stadige bytter mellom avdelingar, nye vegleiarar, nye kollegaer, endra arbeidsoppgåver, og høg grad av uforutsigbarheit på vakt. Evna til å ta til seg tilbakemeld- ingar, konstruktiv kritikk og forsøk på rettleiing er ulik. Nokon kandidatar kan ta slikt personleg og ser det ikkje som eit forsøk på å hjelpe, nokon tek det altfor sterkt til seg, og nokon bryr seg ikkje. Så korleis gjev vegleiaren råd og tilbakemeldingar? Dette er ein viktig refleksjon. Den vanskelege vegleiinga Å vere ueigna til faget. Kva vil det eigentleg seie? Eit vanskeleg tema, som tek borti fleire sårbare og intime felt. Både hos vegleiaren, som må stå for denne vurderinga, og for kandidaten, som blir beraren av ein slik informasjon. Snakkar vi nok om dette? Av Jeswanthiny Mayooran, spesialist i psykiatri, overlege Akuttpsykiatrisk mottak AMC2, Klinikk Psykisk Helsevern Voksne, Helse Stavanger og Jeanette Bjørke, spesialist i psykiatri overlege Stavanger DPS Ettervernspoliklinikk, Klinikk Psykisk Helsevern Voksne, Helse Stavanger ››

RkJQdWJsaXNoZXIy MTQ3Mzgy