Norsk overlegeforenings 50 års jubileum

Siri Tau Ursin, leder 2006-2007

Fyrst vil eg gjerne få nytte høvet til å gratulere Of med 50-års dagen! Eg hadde gleda av å vere leiar i Overlegeforeningen i perioden 01.09.06 til 31.08.07, eit hektisk og lærerikt år for meg.

Av Siri Tau Ursin

Eg fekk vere med på mykje, både tur til Island saman med Ylf, og besøk hjå søster-organisasjonane våre i Sverige og Danmark. I styret handsama me så vidt eg kan sjå av papira mine mellom 150 og 200 saker i løpet av styreåret, og me kom med mange innspel i ­viktige saker som eg i ettertid kan seie at eg er stolt over å ha vore med på. Eg fekk og mange tilbakemeldingar frå medlemmer over heile landet, og knytte kontaktar som eg fortsatt har stor glede av.

Når det no er på tide å oppsummere året mitt som leiar er det likevel ei sak som står fram som viktigare enn dei andre, me hamna nemleg i streik medan eg var leiar! I januar 07 var det meininga at det skulle gjennomførast eit hovudoppgjer mellom Akademikarane og NAVO/ Spekter. Trass i møter til langt på natt vart me ikkje samde, og me måtte til riksmeklingsmannen. Heller ikkje her vart det semje, og det vart brot mellom partane. Akademikarane tok ut tilsette ved 10 helseføretak i streik, og fordi ein gjorde eit klokt og balansert uttak så fekk me til ein 8 dagar lang streik. Streiken fekk mykje merksemd i media, og me klarte det som mange meinte var umogeleg, me fekk NAVO til å møte oss hjå riksmek­lingsmannen utan at det vart tvungen lønsnemnd. Den 26.01.07 var streiken over og me hadde fått til ein avtale som til slutt sikra overlækjarane eit snitt på 4,1% i lønsauke. Det var ei lærerik oppleving å sjå forhandlingar og meklingssituasjonen frå innsida, samstundes var det både litt skremmande og ikkje minst eit stort ansvar å representere overlækjarane i ei slik viktig sak.

Innlegget om mi tid som leiar skulle ha eit politisk innhald, men eg vil like vel få lov til å ta med eit par ord om det organisatoriske kring det å vere leiar i Of. Å ha eit slikt verv ville vere svært vanskeleg, for ikkje å seie heilt umogeleg utan to heilt spesielle personar. Sekretariatet til Of består av Signe Gerd Blindheim og Edith Stenberg. Dei er verdt si vekt i gull, og om styrer og leiarar kjem og går, så er det desse to som alltid er der, som har svaret på alt, og som legg til rette for at Of skal fungere optimalt!