Openheit, tillit og respekt – meir enn ord

Medisinen har aldri vore så langt framme og vår evne til å hjelpe eller behandle er kome utruleg langt. Det blir stadig utvikla nye metodar og ny teknologi som bidreg sterkt til forbetra resultat for pasientane.

Av Eivind Hansen,
administr. direktør, Haukeland universitetssjukehus

Mi oppleving er at vi er med på ei fantastisk reise. Samstundes veit eg at enkelte meiner prisen for reisa er høg, og at nokre betaler vel mykje av prisen. Eg veit at mange legar meiner dei har mista noko av den faglege autonomien og dermed mister dei noko av arbeidsgleda.

Det er synd. Gode klinikarar og forskarar er alltid berebjelken i eit godt sjukehus. Innsatsen deira bringer oss stadig nye steg framover. Den gode klinikar nyt respekt på alle nivå i sjukehuset. Dei blir lytta til og drar de medisinske utviklinga framover til beste for pasientane.

Nye rammer for arbeidet

Har dei likevel mista den faglege fridomen sin? På dei aller fleste områder nei, på nokre områder ja. Det er framleis legane som driv den medisinske utviklinga, det er framleis legane som prioriterer mellom pasientar, det er framleis legane som vel behandling.

Men det er sett nokre nye rammer for arbeidet gjennom standardisering av pasientforløp og prosessar. Dette sikrar at det blir mindre tilfeldig variasjon og at prosessane blir forutsigbare. Dette kjem dels samtidig med utvikling av tettare tverrfaglig samarbeid og brukarinvolvering. Det gir mindre autonomi for den tilsette og behov for å tilpasse seg andre på ein ny måte. Om denne utviklinga er negativ eller positiv er mykje opp til korleis ein vurderer det, men utviklinga går i retning av betre pasientbehandling med færre pasientskader og at fleire får behandling til rett tid.

Sjå nytten

I tider med endringar er det viktig å ha tett dialog og involvering av tilsette. Særleg gjeld dette i kompetanseorganisasjonar som sjukehus. Skal vi lukkast med implementering av ny teknologi og endra prosessar, må våre tilsette sjølv sjå nytten for pasientbehandlinga m.v. og får høve til å påverke utviklinga.

Involvering i utvikling og endringsprosessar er eit område eg som leiar har ambisjonar for. Her kan vi ta nye steg og bli betre. Eg veit det vil ha mykje å bety for motivasjon og arbeidsmiljø.

Openheit, tillit og respekt. Det er eit godt fundament for å bygge arbeidsmiljø der dei gode klinikarane kan trivast og yte sitt beste. Eivind Hansen

Nødvendig rapportering?

Rapportering og kvalitetsindikatorar påverkar arbeidskvardagen for dei tilsette på ulik måte, og kan vere noko av grunnen til at enkelte kjenner på at dei ikkje har fridom til å styre kvardagen på same måte som tidlegare. Vi får stadig fleire og betre pasientrettar og vi får stadig fleire nye krav til betre og raskare behandling. Vi må vise at vi gjer det som pasient­ane har krav på.

Andre rapportar gir oss verdifull innsikt om skilnader i til­gjenge og behandling ved dei ulike sjukehusa og regionane. Desse rapportane gir oss moglegheit til å rette opp unødvendig variasjon i pasienttilbodet og ressursbruken.

Vi kjem ikkje forbi at det må rapporterast. Ikkje sikkert at alt er like nødvendig, men mykje er sjølve grunnlaget for viktige endringar som sikrar god og rettferdig pasient behandling. Det er derfor ikkje noko mål å kjempe mot rapportering. Målet må vere å finne betre måtar å rapportere på. Mi oppgåve som sjukehusleiar er å finne gode løysingar og god teknologi som gjer at det går minst mogleg tid med til rapportering.

Uformell dialog

I ei tid der diskusjonen har gått høgt om tillitsvalde og sentrale tilsette kan ha tillit til leiinga, har det vore viktig for meg å komme i nærare dialog med tillitsvalde. Det er mange formelle kanalar for kontakt mellom tillitsvalde og leiinga. Men eg har tru på dei uformelle kanalane som eit supplement der vi kan legge på bordet likt og ulikt og på den måten bygge eit fundament for ein god og trygg dialog. Det vil alltid komme tilfelle der det stormar og leiing og tillitsvalde står steilt mot kvarandre, men med eit fundament av grunnleggande tillit vil alle partar takle dei vanskelege sakene betre. Tillit kan berre byggast gjennom dialog og kjennskap til kvarandre.

Vi spør legane

Streiken i haust var vanskeleg for alle. For meg var det viktig å halde ved like og betre dialogen og tillitsforholdet med dei tillitsvalde. I etterkant av streiken har eg invitert til møter med Of og Ylf saman med toppleiinga ved sjukehuset, og vi har no månadlege møter. Vi er mellom anna samde om å kartlegge situasjon for legane på Haukeland universitets­sjukehus gjennom ei «Åpenhetsundersøkelse». Saman vil i få vite meir om korleis kulturen er i heile sjukehuset og i ulike klinikkar. Etterpå vil vi sette oss saman og drøfte resultatet av undersøkinga og finne tiltak som vi kan bruke på ulike nivå. Møter 500 leiarar Gode leiarar har ein nøkkelfunksjon for å skape godt arbeidsmiljø og entusiastiske tilsette. Vi har lenge jobba målretta med leiarutvikling internt på sjukehuset. Vi har om lag 500 medarbeidarar som har leiaroppgåver på ulike nivå i sjukehuset, og det er ei utfordring å sikre at alle har nok kompetanse og innsikt til å utøve godt leiarskap. Kvar månad har eg møte med alle desse leiarane, fordelt på fire møter over to dagar. Her er også tillitsvalde og verneombod velkomne. Alle får same informasjon, og målet er at alle får eit felles bilde av situasjonen. Dette er med på å bidra til openheit om dei viktigaste sakene og moglegheit til å påverke.

Må gå begge vegar

Leiargruppa vår har tatt utfordringa om å betre tilhøvet til tilsette og tillitsvalde på alvor. Som ein berebjelke for leiarskapet vårt har vi vald tre verdiar: Openheit, tillit og respekt. Ikkje sjeldan tar eg fram desse orda og sjekkar ut om det vi gjer er farga av desse orda. Vi skal vere opne om alt vi gjer, vi skal vise tillit til våre tilsette, og vi skal respektere ulike syn og ulike menneske i organisasjonen.

Men det må gå begge vegar. Vi må ha gjensidig tillit og respekt. Vi får ikkje det gode samarbeidet dersom den eine parten tillegg den andre skjulte motiv.

Openheit, tillit og respekt. Det er eit godt fundament for å bygge arbeidsmiljø der dei gode klinikarane kan trivast og yte sitt beste.