Kan same eigarskap gje betre kvalitet og organisering av spesialist- og primærhelsetenesta?

Samhandlingsreforma legg vekt på at dei ulike helseutfordringane vi står overfor, ofte vert så seint behandla at sjukdomsbiletet vert forverra. Det er framleis lite samanheng mellom dei ulike nivåa i helsetenesta. Tidleg intervensjon, at ein får hjelp når ein treng det, inneber at den enkelte vil meistra eigen situasjon raskare, og vil også samfunnsøkonomisk vera ei god løysing. I dette ligg det og ei flytting av fokus frå reparasjon mot førebyggande helseteneste.

Av forstandar/administrerende direktør Idar Magne Holme
Det norske Diakonhjem

Stiftinga Det norske Diakonhjem

Ved Diakonhjemmet er primærhelseteneste, spesialist­helseteneste, utdanning og forsking organisert under same stifting. Heilt frå starten har Diakonhjemmet vore ein stad for utdanning, helse og omsorg.

Dette vert synleggjort ved at ein nå i tillegg til sjukehus og høgskule utviklar omsorg som eit tredje verksemdsområde, Diakonhjemmet Omsorg. Innanfor dette tilbyr ein tenester som i all hovedsak er del av primærhelsetenesta eller det kommunale velferdstilbodet. Bakgrunnen for denne satsinga er aktuelle tenesteutfordringar knytt til auken av eldre og ikkje minst dei eldste eldre. Ein tilbyr også tenester til personer som har trong for lågterskel psykisk helsehjelp, helsefremjande tiltak og tidleg intervensjon.

Utviklinga av Diakonhjemmet Omsorg finn stad i nært samarbeid med Diakonhjemmet Sjukehus og VID vitskaplege høgskole. Intensjonen er at det nye verksemdsområdet skal skapa større samanheng mellom dei ulike delane av Diakonhjemmet, slik at ein har drift og utvikling på alle nivå, heilt frå spesialisthelseteneste, forsking og utdanning til kommunalt og lokalt nivå, der både friviljug innsats, førebygging og helsefremjande arbeid høyrer med. Med det er det mogeleg under ein eigar å utvikla ei samanhengande kjede av teneste­- tilbod. Vi er ikkje i mål, men vi byggjer stein på stein for å koma dit.

Utvikling og innovasjon

I møte med ei framtid der relativt sett færre hender skal gjera meir for fleire, ynskjer vi å medverka til å utvikla nye modellar for helse- og omsorgstenesta, med overførings­verdi til andre stader. Noko av vår eigenart er at vi let dette finna stad i eit samspel som både involverer våre eigne verks­emder, offentlege styremakter, næringsliv, lokal­kyrkjelydar, friviljuge og andre aktørar. Dei eldre er ei ­sentral målgruppe for oss, samstundes som vi meiner at ei heilskapleg tilnærming til helse og omsorg må innebera å arbeida med å utvikla gode modellar også for andre ­brukargrupper.

I og med at vi har samla både spesialisthelseteneste, ­primærhelseteneste, omsorg, forsking og utdanning under same eigar, ser vi at vi har gode føresetnader for å utvikla spisskompetanse nettopp på det å sjå heilskapen i helse- og omsorgssystemet og korleis menneske opplever møtet med det. Kanskje kan vår spesialitet nettopp vera å sjå mennesket i møtet med systemet. Det krev eigen kompetanse for heilskaplege forlaup og samanhengar, livslaupstenking og førebygging, og for korleis menneske opplever å ta imot tenester frå ulike forvaltningsnivå.

For å kunna realisera desse satsingane krevst det ei ytterlegare styrking av samarbeidet ved Diakonhjemmet, mellom stifting, sjukehus, apotek, omsorg og høgskole, innan forpliktande og strukturerte rammer.

I eit mikroperspektiv kan ein trekka trådane til motiveringa for samhandlingsreforma. Siktemålet var å utvikla «den gylne sona» mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta. Dette skulle gjerast gjennom samhandling slik at pasientane kunne få oppleve eit saumlaust behandlings­forlaup og slik ei koordinert helseteneste. Slik var intensjonen med samhandlingsreforma, men ein har ikkje så langt ­lukkast med å nå målet. Det er sjølvsagt ikkje enkelt, då ansvaret for desse tenestene er lagt til ulike forvaltningsnivå. Denne utfordringa er den same for Diakonhjemmet sjølv om vi har samla verksemda vår under same eigar.

Diakonhjemmet hage

Utviklinga av Diakonhjemmet hage på Steinerud i Oslo har som mål å få til meir heilskaplege tenester. Ein ny sjukeheim vert sett i samanheng med mellom anna utviklinga av geriatri og alderspsykiatri. Felles fagutvikling og forsking kan gje endå betre tenester til den enkelte. Då vert det naturleg å knytta saman fleire fagområde, slik at vi kan tenka nytt rundt tenesteinnovasjon. Diakonhjemmet er open for å satsa og prøva ut nye modeller innan helse- og velferdstenestene. For å få det til treng vi ein tett dialog med ansvarlege styremakter. Vi tenkjer at det er i fellesskap vi kan løysa dei utfordringane vi veit vi står overfor i dei komande åra for å møta trongen for gode helse- og velferds­- tenester. Vi ynskjer å medverka til dette, ved å finna og utnytta det potensialet vi har i å vera både sjukehus, apotek, høg­skole og omsorgs- og velferdstenester under same tak.