Kronikk i Klassekampen torsdag 7. mai 2015

Lokalsjukehus og akuttkirurgi

Helsestatsråd Høie si ekspertgruppe vil ­legge ned akuttkirurgien ved dei fleste ­lokalsjukehusa, skriv Nationen. Grunn­gjevinga skal vere dårleg kvalitet og den medisinske utviklinga mot meir spesialiserte tenester.

Av Rune Heggedal,
overlege, Volda sjukehus

Det er sterk fagleg usemje om desse konklusjonane. Påstandane om dårleg kvalitet på kirurgi ved lokalsjuke­- husa saknar dokumentasjon. Kven er det HOD spør til råds? Med svært få unntak er det folk frå universitets­sjukehus og større sjukehus som slik legg premissane for sjukehusplanen som kjem til hausten. Kven er det som representerer kunnskap og erfaring som fagfolka på lokalsjukehusa har? Synsstad påverkar sjølv fagfolk sine råd, og her ser ein verda frå regjeringskvartalet og dei store sjukehusa. Statsråden vil truleg hevde at føre­taka frå ulike delar av landet er godt representerte i dei ulike faggruppene som arbeider med sjukehusplanen. Men det hjelper lite. For føretaksorganiseringa er slik at lokalsjukehusa er slått saman med eitt eller fleire store sjukehus, som fullstendig dominerer dei små. Kjøtvekta avgjer. Dette gjeld i planarbeid og i faglege råd som føretaksadministrasjonane legg fram for sine styre og overordna organ. Alt handlar om kva som er bra for dei ­faglege ambisjonane for det store sjukehuset og for publikum som bur nær desse, ikkje kva som tener dei pasientane som soknar til lokalsjukehuset og som har lang veg til det store. Det store sjukehuset ynskjer eigentleg å beite på ressursane og oppgåvene til lokalsjukehuset. Både dei lokale og dei regionale føretaka er gjennomsyra av ein nærast blind sentraliseringsideo­logi der ein korkje etterspør dokumentasjon for faglege påstandar eller har auge for at tenestene skal vere like­verdige for alle, også for dei som bur langt fra det store sjukehuset.

Fjernar ein akuttkirurgien vil gode fagmiljø raskt forvitre og ein vil gjere seg stadig meir avhengig av ­utlandske vikarlegar før ein til slutt kan stenge døra også for dei indremedisinske pasientane. Slik er situasjonen for mange lokalsjukehus i distrikta i heile Noreg. Har vi råd til dette?

For det er dette saka eigentleg ­handlar om. Rettferd og likeverdig helsetilbod. For dersom ein legg ned velfungerande akuttkirugiske tilbod ved lokalsjukehusa, vil dette medføre at pasientane i distrikts Noreg får eit tilbod med dårlegare kvalitet og dårleg­- are tilgjenge. Folk i distrikta vert slik mindreverdige borgarar med dårlegare tryggleik for eige liv og helse. Når du vert akutt sjuk og treng sjuke­husinnlegging er oppgåva vår å finne ut kva som feiler deg og så velje rett behandling. Nokre gongar er det medisinsk behandling, andre gongar operasjon. Dette kan ein ikkje vite på førehand. Til dette treng ein brei medisinsk kompetanse i vakt. Eit system som baserer seg på omfattande siling og slusing av ulike pasientkategoriar til ulike typar sjukehus, vil medføre at somme pasientar nødvendigvis må bli sendt til «feil adresse». Eit lokalsjukehus utan kirurg vil sjølvsagt ikkje kunne operere pasienten som treng dette. Verre er det kanskje at ein manglar avklaringskompetanse i forhold til om operasjon er nødvendig eller ei. Dette vil medføre tidstap, meir liding, lange ambulansetransportar og stundom og tap av liv. Dette er ikkje eit forsvarleg sjukehustilbod. Fagleg kvalitet er avgjerande viktig. Og øving gjer meister. Det forstår også vi som arbeider på mindre sjukehus. Lokalsjukehusa har færre legar som går vakt og som deler på arbeidsopp­gåvene enn på større sjukehus, der det også er omfattande opplæring av yngre legespesialistar. Det er ofte slik at kirurgen du treffer på lokalsjukehuset er ein erfaren overlege som har gjort det aktuelle inngrepet mange gongar tid­legare. Og som opererer fleire timar kvar veke enn kollegaer på det store sjukehuset. Og det vi snakkar om er vanlege akutte tilstandar og vanlege operasjonar, ikkje hjartekirurgi eller nevrokirurgi. Det er ikkje slik at alle lokalsjukehus strevar med dårleg ­rekruttering og svake fagmiljø. Eg kjenner ein annan røyndom enn helseministeren og ekspertane hans. Volda sjukehus er eit lite lokalsjukehus. Alt etter korleis ein reknar, yter vi allminnelege sjukehustenester til eit omland på 45-60.000 menneske. Vi har god rekruttering med stabil fastbuande stab av legespesialistar og spesialsjukepleiarar, vi har kø av yngre legar som vil bu og virke hos oss til beste for folket på Søre Sunnmøre og i Nordfjord. Vi driv moderne og fagmessig blautkirurgi og ortopedi, gynekologi, fødselsomsorg, indremedisin, radiologi og anestesi / intensivmedisin. Og vi er det mest effektive sjukehuset i Helse Møre og Romsdal med lavast kostnad per behandla pasient, også innanfor kirurgi. Dette sjølv om vi har innført eiga vaktordning både for blautkirurgi og for ortopedi. Vi har altså allereie tilpassa oss framtida sine faglege krav. Men får vi lov å framleis yte trygge, heilskaplege sjukehustenester for ­folket her? Nei. Ikkje dersom Helse Møre og Romsdal og Høie får viljen sin. Fjernar ein akuttkirurgien vil gode fagmiljø raskt forvitre og ein vil gjere seg stadig meir avhengig av utlandske vikarlegar før ein til slutt kan stenge døra også for dei indremedisinske ­pasientane. Slik er situasjonen for mange lokalsjukehus i distrikta i heile Noreg. Har vi råd til dette? •

Eit lokalsjukehus utan ­kirurg vil sjølvsagt ikkje kunne operere pasienten som treng dette. Verre er det kanskje at ein manglar avklaringskompetanse i forhold til om operasjon er nødvendig eller ei.