Medisinsk grunnutdanning
– òg noko for Legeforeninga

Legeforeninga har som eitt av sine føremål å fremme kvalitet i den medisinske utdanninga. Kva er då meir nærliggande enn å engasjere seg i vår felles grunnmur – grunnutdanninga?

Av Marit Halonen Christiansen, 
leder av Legeforeningens prosjekt for Grunnutdanning

Sentralstyret vedtok i mars 2014 å starte eit prosjekt som skulle sjå på medisinsk grunnutdanning, med eit relativt breitt mandat: Det iverksettes et utredningsarbeid om den medisinske grunnutdanningen. Det etableres en prosjektgruppe og en referansegruppe for prosjektet. Utredningen skal belyse situasjonen ved de medisinske fakultetene i Norge. Prosjektgruppen skal se på om det er ­mulig med en økt harmonisering ­mellom studiestedene. Gruppen skal videre se på om det er samsvar mellom målbeskrivelser, organisering av studiene og læringsutbyttet i grunnutdanningene og helsetjenestens/samfunnets behov. Utredningsarbeidet skal også ta for seg dimensjonering av utdanningen i Norge sett i forhold til fremtidig behov for leger.

Kva har vi så funne?

Fyrst og fremst at det er eit stort engasjement blant legar for grunnutdanning. Vi har òg fått stadfesta mistanken om at veldig mange av dei arenaene som er gode læringsarenaer, er dei arenaene vi sjølve som legar treng og sakner når dei blir borte. Morgonmøtet, fredagsmøtet, dei tverrfaglige møta – dei som kan reknast som 30 minutt arbeidstid for x legar, men som likevel gir meir informasjon og betre resultat enn summen av interne meld­inger ein kan sende i EPJ. I tillegg har vi funne nokre utford­ringar, der særskilt ein er noko vi som legar kan bøte på. Eg skal komme attende til den, men fyrst vil eg ta den aller største utfordringa: Nasjonal eksamen. Då eg studerte i Dublin på tidleg 2000-tal ynskte vi oss utlandsstudent­ane ein nasjonal eksamen. Dette var for ein gong for alle sleppe å høyre at vi ikkje var gode nok til å komme inn i Noreg. For å ta dette fyrst, EU og ­yrkeskvalifikasjonsdirektivet gjer at Noreg ikkje kan krevje at studentar frå EU/EØS-land skal ta ein slik eksamen. Dekanane ved dei fire norske fakulteta ynskjer seg ein nasjonal eksamen. Politikerane ynskjer seg ein nasjonal eksamen: det er forskriftsendringer på gong som vil opne for nasjonal eksamen òg i profesjonsstudium som medisin. Dette stemmer med det vi som sjukehuslegar opplever: det skal teljast. Problemet er som vi veit at at det som er lett å telje ikkje alltid er det som er rett å telje. Med nasjonal eksamen er det i tillegg det at ein ikkje er samd om kvifor ein skal telje. Skal ein kvalitetssikre studentane? I så fall treng vi ein svært god eksamen, som tester kommunikasjon, klinisk kunne, og refleksjonsevne. Ein må teste praktisk og teoretisk, og helst på fleire punkt gjennom studiet. Skal ein hjelpe arbeidsgjevarane til å velje turnuslegar? Då er det mest interessant med praktisk kunne, dei «gate­smarte» som klarer å legge veneflon, kommuniserer godt med sjukepleiarane og er kjappe på innkomstjournalane. Skal ein kvalitetssikre universiteta? Eller skal fakulteta måle seg mot kvarandre? Kor store ressurssar er ein ­villeg til å putte inn i systemet?

Det er tre ting som er relativt sikre:

  1. En nasjonal eksamen vil vere ein god plass å legge ressurssar
  2. Det er fagfolka, altså vi legar som underviser, som må lage eksamen for at den skal vere god nok
  3. Studentane les på det som blir testa på eksamen.

Dette siste er òg det viktigaste argumentet for punkt ein og to. Vi skulder våre yngste kollegaer at dei ikkje nytter studietida si til å lese og øve på ting som ikkje er til beste for dei sjølve og pasienten. Eit anna aspekt er kvar studentane får undervisning. Tilbakemeldingar frå studentar syner, ikkje overraskande, at dei trivst godt på små sjukehus, og i allmenpraksis. Om du som les dette er hjartekirurg: det er ikkje det at studentane syns hjartekirurgi er keisamt, tvert om. Fellesnemnaren mellom små sjukehus og allmenpraksis er at studentane har lengre tilknytning til kvar avdeling. Istaden for å vere ein av to studentar som skal vere her denne veka, vert dei Julia og Even som skal vere her i fire veker. Du har sjølv lært Julia å auskult­ere hjartet, å sjå etter venestuvning og stasedermatitt. Då er det lett å ha henne med på poliklinikken og diskutere med henne. Du veit at Even har lest seg opp i journalen til pasienten, så når han står på krakken på operasjonssalen er det lett å forklare kva du gjer, kanskje til og med late han vaske seg så han kan sjå enda litt betre. Det er gamal viten at trygge studentar lærer betre, og ingenting i vegen for at studentane òg på store sjukehus kan være lengre på ei avdeling, istadenfor å komme innom alle.

Kvar studentane får praksis er òg eit økonomisk spørsmål

Å utdanne ein student i Noreg kostar ca 3,2 millioner kroner. Dei medisinske fakulteta får overført ca 2,3 millionar. Dei har sjølvsagt litt andre finansieringskjelder, kan bruke pengar frå andre studier, men ein kjem ikkje vekk frå at ein god slump pengar òg går til helseføretaka, som er pliktige til å bidra til å utdanne helsepersonell. Det er fint, men burde ikkje alle som driv med offentleg finansiert helsehjelp vere pliktige til å bidra til å utdanne helsepersonell? Vi har dagkirurgi, dagbehandling, fast-track og poliklinikk. Dei færraste ligg lenge på sjukehus (heldigvis), og dei som gjer det er oftast skikkeleg sjuke. Burde ikkje studentane kunne lære i avtalepraksis og på sjukeheim? Det er ikkje viljen det står på, men ofte pengane. Sjukeheimane må nok mange stader ha betre legedekning om dei skal kunne drive undervisning, men her er det komplekse pasientar som kan vere godt egna til studentundervisning . Det aller største problemet er ­kanskje at undervisning har for låg status. Igjen, det er ikkje viljen det står på. Mange av mine LIS-kollegaer syns det er storarta å undervise. Dei er kanskje dei best skikka til det òg : ikkje for langt frå studietida, med god oversikt over fagfeltet sitt, men ikkje svært subspesialiserte enda. Vi veit alle kva som skjer: du er satt opp på studentundervisning, den som skulle hatt dagvakt må vere heime med sjukt barn, og på ei alt under­bemanna avdeling vert det undervis­ninga som ryk. Sjølvsagt skal pasientane gå framfor studentane. Eller kanskje ikkje? Student­ane er investeringa vi gjer i framtida. Dei som driv undervisning på heiltid får løna si avgjort av forskning. Vi snakker om undervisningsplikt, men forskningsfri. Kan vi finne eit system der undervisning i seg sjølv tel? Ingen er gode på alt. Nokre er framifrå forskerar og formidlerar, men dei fleste har eit sterkt og eit litt svakare bein. Kan dei som er skikkeleg flinke forskerar primært halde på med det, og dei som er fantastiske formidlerar bruke mest tid på det? Det fins alt i dag opning for dette. Universitets – og høgskulelova opner for ein alternativ karriereveg til den tradisjonelle førsteamanuensis – professorvegen. Førstelektorar kan bli dosentar. Det er ikkje heilt like­verdig, men bør prøvast.

Er det så noko bra i dagens undervisningssystem, eller er det berre utfordringar?

Det er svært mykje bra. Nasjonal eksamen er ein utfordring, men harmonisering er eit gode. Istadenfor at den som underviser eit emne sjølv set eksamens­- oppgåvene, kan ein dele eksamensoppgåver mellom fakulteta. Dette motvirker privatisering av undervisninga, og sikrer at det er dei store og viktige felta som blir testa. Studentane lærer mykje om kunnskapshandtering og -implementering. Dette er verkty som dei tek med seg inn i yrkeskarrieren. Kvar finn ein kunnskap når bakvakta er opptatt, og korleis veit ein at det ein finn er bra nok til å brukast? Korleis sikrer ein at det ein implementerer har høg nok kvalitet, og jamn kvalitet? Ser vi på våre eigne resultat slik at vi driv best practice, ikkje berre gjer det vi alltid har gjort? Sjølv syns eg dette er eit av godane med å ha med meg student – eg må alltid stille spørsmål med kvifor eg gjer ting slik eg gjer dei. Fakulteta underviser òg kommunikasjon. Opp mot 70% av klagesakene i helevesenet går på dårleg eller manglande kommunikasjon. Dei færraste av oss er født gode, vi må øve, her som alle andre plassar. Dei ulike studiestadane har alle ulike metodar, for skriftleg og munnleg, og ulike typer fomidling. Det bra, for det er fleire vegar til Rom. Ulempen, og fordelen, med heile systemet er oss. Legane altså. Prosjektgruppa har reist rundt til dei ulike fakulteta, og på eitt universitet snakka eg med ein student om tverrfagleg trening. Han var svært nøgd, men la til «det er jo litt rart, dette er fyrste gong eg ser ein sjukepleiar». Han var på tredjeåret. Rett skal vere rett, det var ikkje fyrste gong studenten såg ein sjukepleiar, men det var litt rett likevel. Når stud­entane kjem ut i klinikken ser dei oss. Dei ser legane, for det oss dei vil bli, det er oss dei identifiserer seg med. Eg er ein samler, og samler på folk og situasjonar eg ser opp til. Eg hugser med glede attende til ein sommer då eg fekk hospitere på anestesiavdelinga på Haukeland. Overlegen sto bak då eg skulle intubere. Eg skalv litt på handa, og han sa: «dette går bra. Pasienten er preoksygenert, han har framleis 100% metning, og om du ikkje klarer det, skal eg klare det .»

Eg klarte det, mykje fordi han skapte det rommet og roen eg trengte

Vi driv alle undervisning når det er ein student i rommet. Berre å vere med­- veten det ansvaret vil løfte oss littegran. Om vi så kan gjere felles sak med studentane og få bruke dei ekstra tre minutta per konsultasjon på å forklare student og pasient framfor å banne framfor dataskjermen blir det til og med ein vinn-vinn situasjon. Dette klarer ikkje fakulteta åleine – dei treng oss, legane i klinikken. ­Betaling? Som min gamle anatomi­professor pleide å sei: «The look on a students face when the penny finally drops – priceless!» •