Korona på kvinneklinikken

«Kanskje du kan skrive noko om å være leiar når store delar av staben havner i karantene?» Spørsmålet kom i midten av mai. I grunnen hadde eg lyst til å svare kort; «supertravelt, men kjekt på ein rar måte».

Av Marit Halonen Christiansen
Avdelingssjef Kvinneklinikken Stavanger universitetssjukehus, og tidlegare mangeårig tillitsvald i Dnlf

Vi skriv no juni 2020

Smittevernrestriksjonane har smått om senn blitt lempa på, Noreg opnar, mange er kanskje litt lei korona. Heldige oss, får ein seie, vi er ikkje Storbritannia eller Italia. Det er likevel ei nyttig øving, å sjå tilbake. Nokre ting klarte vi relativt bra, og andre ting må vi ­definitivt jobbe meir med neste gong. For der kjem fleire pandemiar, kanskje meir korona òg.

Kvinneklinikken ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) er ein av dei større i landet, med drygt 4300 fødslar i 2019. Vi har over 300 tilsette, fordelt på 7 einingar. Av desse er førti legestillinger, inkludert avdelingsoverlegen. Det er to fødeavdelinger, ei låg­risikoeining med ca 1200 fødslar per år, og ei høgrisikoeining med resten. SUS har nyfødtintensiv som tar premature med alle gestasjonsaldrar.

Spol tilbake tre månader

I starten av mars hadde vi starta å planlegge, hadde vore på besøk på pandemiposten, planlagt for fødsel og akuttransport til operasjonsstove frå smitteisolat, organisert datapunkter for STAN og ultralyd, og begynt å ­fortelje om smittevern. Som på andre sjukehus hang det plakatar – «har du vore i Wuhan eller Iran?»

Vi var budde på at det kunne komme pasientar med smitte. Det vi ikkje var budde på, var at det kunne være tilsette som viste seg å være smitta. Søndag 8. mars fekk vi påvist smitte hjå ein av våre tilsette. I løpet av eit par timar omkalfatra vi heile drifta parallelt med smittesporing av tilsette og organisering av kven som måtte i karantene.

Det første vi erfarte var at systemet fungerer

Innan ein time etter at telefonen om smitte kom var alle avdelingssjuke­pleierar, avdelingsjordmødre, avdel­ingsoverlege og HMS-kvalitetskoordinator på jobb. Å drive omorganisering, smittesporing og intens informasjonsverksemd er ikkje noko ein gjer åleine. Etter eit par dagar flytta vi koronaansvaret frå den vanlege leiarlinja og inn i eit koronateam. Svært mange jord­mødre var i karantene, og avdelingsjordmødrene trengtes direkte i drift. Koronateamet består for vår del av HMS-KP (HMS- og kvalitets og pasientsikkerhetskoordinator), jordmor/sjukepleiefagleg koordinator, to dedikerte legar, avdelingsoverlege, ein obstetrisk og ein gynekologisk overlege og avdel­ingssjefen. Ein lege og HMS-KP brukte 100% av tida på dette. Initialt hadde vi to skypemøter til dagen. Koronateamet reviderte prosedyrar, organiserte opplæring og informasjon, og svarte på spørsmål. Dette frigjorde tid for alle andre leiarar. Legane utan leiaransvar svarer i tillegg ut spørsmål frå tilsette som rekner seg for å være i risiko­grupper. Dette var òg nyttig for ­informasjonsflyt.

Foto: Marit Halonen Christiansen

Det neste vi erfarte, er kor godt avdelinga faktisk fungerer

Alle jordmødre ved KK jobber ved to einingar. Dette gjer at folk er gode på rutinar, og kjenner kvarandre. Føde­avdelingane vart slått saman fyrst på lågrisikoeininga, deretter på den ­smittevaska fødeavdelinga. Uforløyste kvinner vart flytta til gynekologisk sengepost. Begge desse tiltaka vart gjort av mangel på personell; initialt havna 45 personar i karantene, på det meste var 90 tilsette ved KK i heime­karantene.

I lokalane for observasjonspost for gravide etablerte vi avklaringsmottak for alle KK sine pasientar med mistenkt korona. Vi hadde aldri fått dei løysing­ane vi har hatt under pandemien utan at alle tilsette har kome med innspel og løysingsforslag. Vi har hatt in-situ-­simuleringar fleire gonger per veke. Fokus har vore vante situasjonar komplisert av isolasjon, i tillegg til det reint smittevernmessige.

Når eg snakkar om tilsette, må eg nytte høvet òg her til å skryte

Folk står på og jobbar. Dei to overlegane som var i utdanningspermisjon fekk denne inndratt, og all forskningsaktivitet vart innstilt – alt som eit resultat av at vi sendte 13 legar rett i karantene 8. mars. Avdelinga og eg personleg vart kontakta av avtalespesialistar og privat­- praktiserande gynekologar og jord­mødre som tilbaud seg å hjelpe.

Overlegar i karantene svarte på telefonar frå LIS og fastlegar. Jordmødre i karantene svarte på fødetelefonen. Dette siste inkluderte nattestid – det var mykje telefonar frå urolege gravide då vi måtte legge om drifta. Å jobbe under uvante omstende er ikkje berre uvant, det er óg veldig slitsomt.

Etter nye smittetilfelle ved føde­-avdel­inga avgjorde vi i samråd med smittevern at vi skulle bruke smittevernutstyr på fødeavdelinga. Tiltaket er drastisk – når 1 av 3 som føder i Noreg ikkje sjølve er fødde i Noreg, er det ekstra utfordrande å skulle ­kommunisere utan bruk av mimikk. Det er uvisst om det var smittevernutstyr i seg sjølv, eller alle dei andre ­smitteverntiltaka som vart innskjerpa, men etter to veker med munnbind og smittefrakkar vart fødeavdelinga «avisolert».

Informasjonsbehovet er enormt

Vi delegerte relativt raskt kontakten med tilsette i karantene (på det meste hadde vi 90 tilsette i heimekarantene) til ei som sjølv var i karantene. I tillegg etablerte vi koronanytt, og koronavakt. Koronanytt vart publisert på intranett, og delt til «karantistar». Koronavakta var tilgjengeleg på telefon i helger. Den fyrste veka var ingen av leiarane eller assisterande leiarar innafor AML sine grenser. Å ha ei koronavakt som kunne svare på spørsmål, drive smittesporing, og soleis avlaste leiarane, var eit grep for å hindre utbrenthet – som så langt ser ut til å ha virka.

Som så mange andre har vi lært oss å bruke videomøter. Høgdepunktet så langt var ekstern morgonundervisning frå Karolinska. Ei nyttig påminning om at sjølv om vi er litt leie av å bekymre oss for korona, er vi svært heldig stilt samanlikna med naboane i aust. (KK SUS har per 31. mai ikkje hatt gravide med koronasmitte.)

Så kva burde vi gjort betre?

Kommunikasjon med tillitsvalde og vernetenesta vart litt gløymt. Rett nok laga tillitsvald for Ylf og eg koronatilpassa arbeidsplan 9. mars, men dei formelle møta vart ikkje tatt opp att før 31. mars.

Informasjonen til dei som vart flytta, men ikkje i korona-delen, var for dårleg. Å samlokalisere gynekologisk sengepost med observasjonspost for gravide, der ein samstundes stal rom frå gynekologisk poliklinikk er ei vesentleg endring, som burde vore kommunisert betre.

Informasjonen kring smittevernutstyr var vanskeleg. Eg er uviss på om vi kunne gjort det betre, det var òg mykje vi ikkje visste. Frå motstand då vi innførte smittevernutstyr på fødeavdelinga, gjekk vi til redsle og motstand då vi fjerna smittevernutstyret. Her kunne vi nok hatt enda meir informasjon, sjølv om vi følte vi ikkje gjorde anna enn å informere om smittevernutstyr.

Så til slutt – kva skal vi gjenta ved neste pandemi?

Koronateamet – å ha eit dedikert team som kan jobbe parallelt med den vanlege drifta og ha oversikt, hente informasjon og legge til rette for simulering var eit av dei beste grepa vi gjorde.

Ikkje uventa er eit godt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste veldig nyttig. Særleg i diskusjonen kring ­smittevernutstyr var dette viktig. KK innførte aldri koronaplaner – vi har heile vegen jobba innanfor dei etablerte arbeidsplanane med vakans­vakt for dei vaktene som vart ledige. Koronavakter vart løna som heimevakt.

Innspel frå tilsette var uvurderleg. Det er kort veg ved KK (ikkje fysisk!), og mange av endringane vi gjorde, som at sjukepleiarar ved gynekologisk senge­- post ein periode hadde hovudansvar for sectiopasientar med bistand frå jordmor, var direkte forslag frå tilsette.

Det aller viktigaste er sjølvsagt å stole på teamet. Ingen driv avdelingar åleine, det er berre saman alle kjem seg velberga gjennom. Velberga, som i «ikkje utbrent».

Det er det eg meiner med det korte svaret: ja, eg bikka 70 timer frå 7. til 12.mars. Ja, eg har laga usannsynleg mange flytprosedyrar nattestid for gravide med og utan koronamistanke, både i vaken og halvsovande tilstand. Men samarbeidet med kolleger frå alle faggrupper, omsorgen frå tilsette og kolleger både i og utanfor sjukehus, innspela som kjem ut av det blå og som løyser ei utfordring eg ikkje sjølv kan løyse – det er moro òg.

Bent Høie

Foto: Marit Halonen Christiansen