Tema valg 2021:

Presidentkandidat Bjørg Bakke

Overlegen intervjuer presidentkandidatene til årets valg i Legeforeningen

Av Arne Laudal Refsum
Redaksjonskomitéen, Overlegen

Hvorfor vil du bli president i Legeforeningen?

Presidentvervet i Den norske Legeforening representerer ein moglegheit til å skape den framtida ein sjølv ­ynskjer å vere lege i. Eg har vore aktiv i Legeforeningen som student og som tillitsvalgt på mine arbeidsplassar. Etter eitt år med pandemi, har me sett korleis endring kan skje raskt viss me verkeleg samlar troppane og vågar å endre oss. Eg meiner at Legeforeningen må legge om strategien rundt vårt arbeid og eg ynskjer å bidra til dette.

Hva ønsker du å oppnå som president?

Eg ynskjer at me kjem dit at alle medlemmer betalar sin medlemskontigent med stoltheit.

Livet som lege i klinikken er tøft, både for dei som har jobba i mange år og dei som er ferske. Vilkåra våre er satt under press, der me blir i stadig større grad behandla som ein produksjonsarbeider og ikkje som ein kunnskapsarbeider. Målet mitt i Legeforeningen er å skape betre vilkår for medisinen som fag og framtidas legar.

Hvilke endringer ønsker du å innføre som president? I poli­tikken og evt i sekretariatet?

Legeforeningen er til for medlemmane, både som arbeidstakar og fagperson. Me må involvere medlemmane på måtar tilpassa dagens realiteter. Ved at Legeforeningen blir meir synleg eksternt, vil det lette kommunikasjonen internt. Eg ynskjer at me skal fortsette å drive påvirknings­arbeid gjennom direkte kontakt med relevante ­aktørar slik det gjerast i dag. Men eg meiner me også må få ei meir synleg stemme i det offentlege rom for å gje legestanden ein identitet blant folk flest som me kan spele på når me treng den. Me må erkjenne at mediebildet har endra seg og at me må endre oss med tida. Ved å fornye vår framtoning, vil me også skape eit godt rekrutteringsgrunnlag for framtidige tillitsvalgte – ­berebjelken i fagforeiningsdelen av Legeforeningen.

Av eigen erfaring veit eg at me må endre måten me støttar opp under dei tillitsvalgte når dei står i krevjande situasjonar. Me må gi Jus og Arbeidsliv-avdelinga spele­rom til å utforske, og ikkje minst utfordre, moglegheit­ene me har når me er så heldig å kunne representere den norske legestanden. Me må sjå løysingar i jussen, og ikkje berre hinder.

Samstundes som eg ser mange moglegheiter for Legeforeningen, tek eg også med meg ei sak som bekymrar meg. I 2017, 2018 og 2019* blei det vedteke driftsbudsjett på minus 31 millionar, minus 33 millionar og minus 39 millionar kroner. Legeforeningen sitt drifts­underskot blir i dag dekt inn av kapitalinntekter frå tid­legare investeringar. Sjølv om kapitalinntektene er tilstrekkelege i dag, er me sårbare for endring i medlemsmasse, fallande tilskot frå staten, fallande reklameinntekter frå Tidsskriftet, og me er i ein utsett posisjon mot finansmarknadane. Med utgifter på omlag 450 millionar og få moglegheiter til å auke inntektene, fremstår Legeforeningen sin økonomi dårleg rusta for framtiden. Me har eit langt yrkesliv foran oss og me er heilt avhengige av å ha ei sterk Legeforeningen i ­ryggen – med ein berekraftig økonomi. * Eg har ikkje tilgang på budsjett og rekneskap for 2020.

Kan du nevne en episode som har vært definerende i ditt yrke som lege?

Som fastlege i Finnmark kjem ein veldig tett på folk. Å oppleve korleis pasientane opnar seg opp om sitt innerste indre liv og let meg ta del i dette, er noko eg kjenner takksamheit over kvar dag. Den innsikten om samfunnet me lev i som me får som legar påverkar meg kvar einaste dag.

Hvilke egenskaper tar du med deg som vil være særlig viktige som president?

Me har alle gjort erfaringar som er definerande for kva eigenskapar ein utviklar og tek med seg vidare. Som tenåring blei eg henta i luft­ambulanse frå brygga i heimbygda mi. Saman med meg i helikopteret sat min far og såg med bekymring på ein monitor som viste ein livstrugande hjerterytmeforstyrrelse. Moderne medisin gjer at eg lev eit godt og innhaldsrikt liv, men eit veldig annleis eit enn det Bjørg 16 år såg for seg.

Å leve med kronisk sjukdom og dei livsendringane det medfører, har gjort at eg har blitt proaktiv på ein annan måte fordi ein har fått den harde konfronta­sjonen med tidsperspek­-tivet som heiter livet. Det har gjort meg bevisst over resultata ein oppnår – eller ikkje ­oppnår – med den tida ein har og det ein trur på. Det perspektivet ynskjer eg å ta med inn i Lege­foreningen.

Har du noen forbilder?

Katalin Karikó er ein av pionerane bak teknologien som brukast i koronavaksiner. Ho har brukt livet sitt på å jobbe for det ho trur på, tross stor motstand frå det etablerte fordi ho ikkje hadde rett bakgrunn. Eg blir inspirert av folk som tenker med ein langsiktig strategi for korleis dei skal skape ei betre framtid.

Du har tidligere vært leder for medisinstudentene. Hva var avgjørende for at du valgte å bli tillitsvalgt?

Som ny student i Bergen møtte eg ei engasjert tillitsvalgt som promoterte gleden av å engasjere seg, bidra til forbetring og moglegheitene som ligg å delta i noko større. Nokon av mine beste minner og dei gongene eg har vore mest stolt av å vere lege (student), er frå tida i Norsk Medisinstudentforening. Eg vil at fleire legar skal engasjere seg og få dei samme positive opplevingane i ­Legeforeningen. Og for at det skal skje må me saman skape fremtidas legeforening.

Du har kritisert Legeforen­ingen for å være passive og omtalt foreningen som en spydspiss som blir liggende i skuffen. Hva er det Legeforen­ingen ikke har lykkes med?

Eg meiner legestanden er spydspissen i det norsk helsevesen. I eit pandemiår der beredskap, kapasitet, intensivmedisin og vaksiner har blitt daglegtale for heile befolkninga, er det naturleg å forvente at vår organisasjon skulle stå på barrikadane for at min sikkerhet som lege blei ivaretatt. Då arbeidsgivar ikkje valde å prioritere vår sikkerhet, skulle fellesskapet vårt i Legeforeningen vere vår trygge havn. Me har apparatet, og me har 37 660 medlemmar, der dei fleste sit i samfunnskrit­iske nøkkelposisjonar rundt om i heile landet. Eg meiner me kan oppnå meir, med dei ressursane me har.

Hva er det Legeforeningen har lykkes med de siste årene?

Den fagmedisinske aksen i Legeforeningen får kontinuerlege gjennomslag og er premissleverandørar innanfor sine fagfelt. Dei bidreg til at norsk helsevesen er effektive og samtidig gjev behandling av høg kvalitet. Døme på dette er arbeidet med SKIL. I fagforeiningsdelen har arbeidet rundt ei auke av LIS1-stillingar vore ein milepæl og er forhåpentlegvis byrjinga på ei meir samanhengande spesiali­sering for unge legar.

Bjørg Bakke

32 år

Utdanning
Cand.med og bachelorgrad i samanliknande politikk, Universitetet i Bergen Studerar til bachelorgrad i Økonomi og administrasjon, BI Oslo

Yrkeserfaring
Tidlegare arbeidserfaring frå indremedisinsk avdeling på Ahus og kirurgisk avdeling ved Arendal sjukehus. Jobbar som fastlege i Lakselv, Finnmark. Erfaring frå den norske FN-delegasjonen i New York og som journalist i VG. Fulbright summer scholarship.

Verv i Den norske legeforening
Tidlegare leiar av Norsk Medisinstudentforening, styremedlem Hordaland Legeforening, sittet i Turnusutvalget og Internasjonalt utvalg i Legeforeningen, lokalt tillitsvalgt i Arendal og Lakselv. Erfaring frå studentpolitikken ved Universitetet i Bergen.