Sjukehussjuka
Nok eit nytt sjukehus var for dårleg planlagt og må byggjast om. Kjersti Toppe i Senterpartiet vil ha ein granskingskommisjon for nye sjukehusbygg.

Den nye sjukehuset i Stavanger vart teke i bruk i november i fjor. Foto: Sven Lunde / Stavanger universitetssjukehus

Av Eva Aalberg Undheim, journalist i Dag og Tid. Denne saken ble første gang publisert i Dag og Tid 20.3.202
Ved det nye universitetssjukehuset i Stavanger må einerom på inten-sivavdelinga byggjast om til dobbeltrom, berre månader etter innflyttinga. Årsaka er at eineromma krev ekstra bemanning og er dyrare i drift. Sjukepleiarar har også fortalt at store utstyrssøyler i romma gjer det vanskeleg å kome til på alle sider av intensivpasienten.
Men feildimensjonerte intensivrom er ikkje den einaste utfordringa ved det nye sjukehuset. Stavanger Aftenblad har følgt byggjeprosessen og fortalt at sjukehuset er planlagt utan pasienthotell, utan nok parkeringsplassar til dei tilsette, utan kontorplass nok til legane og utan nok garderobeskap til dei som jobbar der.
Med berre einerom skulle sjukehuset fjerne behovet for korridorpasientar, men alt andre veka etter opning måtte enkelte pasientar plasserast på gangen. Det er også meldt om utfordringar med røyrpost, sengelagerheisar og varelager- heisar som ikkje har fungert som dei skulle.
Samla er det snakk om forteljingar som kan overgå sjølv dryge molbuhistorier. Samstundes er dei ikkje eineståande. Det ser ut til å ha vorte norma i Noreg å byggje nye sjukehus som ikkje er tilpassa behova dei skal fylle.
Feil og manglar
Akershus universitetssjukehus vart erklært for lite berre få år etter at det stod ferdig. Sjukehuset på Kalnes i Østfold har hatt korridorpasientar frå det opna. Det vart bygd med berre einerom, men brukar i dag mange av dei som dobbeltrom. Ein evalueringsrapport laga etter fem års drift fortalde at det også er lite plass i arbeidsstasjonar for tilsette, for lite lagerplass, og at einsengsrom er meir ressurskrevjande å drifte og har kravd ekstra bemanning.
Nye Kirkenes sjukehus, som opna i 2018, er eit anna døme. Der òg må enkeltrom brukast som dobbeltrom, og tilsette har fortalt at det manglar fellesareal for pasientane og pauserom for personalet, og det er for få kontor og for lite lagringsplass også der.
Og mykje av det same er tilfellet ved nye Drammen sjukehus, som opna i fjor: Det manglar eigne pauserom for dei tilsette, og det er så lite plass i akuttmottaket at tilsette har omtala det som kaotisk, ifølgje NRK.
Kritisert modell
Det er fleire og samansette årsaker til dette sjukehusuføret. At sjukehusa sjølv må spare og låne til oppføring av eigne bygg, er ei av dei. Sjukehusutvalet som i 2023 la fram rapporten Fellesskapets sykehus, skreiv at krava til eigenkapital og likviditet bidreg til at sjukehusa vert bygde for små.
Og er dei økonomiske rammene stramme, så er det areal til støttefunksjonar, personalfasilitetar og fleksibilitet som ofte vert pressa fyrst, fortel Espen Olsen, som er professor i organisasjon og leiing ved Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger. At eit heilt nytt sjukehus no må byggje om, meiner han også vitnar om manglande endringskompetanse og medverknad lokalt, og at konsekvensanalysar er gjorde for seint i prosessen.
Ei tredje forklaring, som både Olsen og sjukehusutvalet har peika på, ligg i dei sentrale føringane nye sjukehus vert bygde etter. Olsen seier det er snakk om relativt standardiserte konsept og arealnormer som legg sterke premissar for kva rom og lokale sjukehusa vert planlagde med, arealeffektivitet og standardløysingar.
Sjukehusutvalet skreiv at det er retta ein del kritikk mot modellen som vert brukt til å rekne ut framtidig kapasitetsbehov ved sjukehusa: Han fangar ikkje opp den medisinsk-faglege utviklinga godt nok, byggjer på til dels urealistiske føresetnader og tek for lite omsyn til arealbehovet i nye sjukehusbygg. «Etter utvalgets mening fører dette til at framtidig kapasitetsbehov blir undervurdert og at mulighetene for effektivisering i driften av nytt sykehusbygg blir overvurdert», skreiv utvalet i 2023.
No vil Senterpartiet ha Stortinget med på å krevje endring i denne modellen for å sikre at framtidige sjukehusbygg får nok kapasitet til pasientbehandling og naudsynte arbeidsrom og areal for dei tilsette. Det går fram av eit representantforslag som er til handsaming i Stortingets helse- og omsorgskomité.
– Modellen sjukehusa vert bygde etter i dag, overdriv effektiviseringspotensialet og gjer at vi endar opp med sjukehusbygg som er for små for mange pasientgrupper. Dei er heller ikkje bygde for beredskap. Skjer det ein togkollisjon eller anna, kjem ikkje desse sjukehusa til å ha plass til å ta inn mange skadde, seier Sp-politikar og leiar i helse- og omsorgskomiteen, Kjersti Toppe, som står bak forslaget.

Leiar i helse- og omsorgskomiteen, Kjersti Toppe.
Effektivisering
Det er helseføretaket Sjukehusbygg, eit nasjonalt kompetansemiljø for sjukehusplanlegging og -bygging, som har utarbeidd modellen som vert brukt til å rekne ut framtidig aktivitet og kapasitetsbehov i nye sjukehus. Modellen tek utgangspunkt i befolkningsframskrivingar og eksisterande aktivitetsdata, men justerer for venta endringar i sjukdomsbiletet og behandlingsmetodar, og for endringar som er venta på grunn av teknologisk utvikling, omstilling og effektivisering.
Då det nye sjukehuset i Stavanger vart planlagt, tilsa den demografiske framskrivinga at såkalla liggjedagar ved sjukehuset – som er dagar frå innlegging til utskriving – ville auke med 30 prosent frå 2021 til 2025. Samstundes vart det lagt til grunn at teknologiutvikling, omstilling og effektivisering skulle bidra til 23 prosent færre liggjedøgn: Fleire skulle få dagbehandling i staden for døgnbehandling, og fleire skulle få behandling i kommunehelsetenesta i staden for på sjukehus. I tillegg vart det planlagt for auka opningstid i poliklinikkar, dagbehandling og på operasjonssalar.
Sjukehuset som no er teke i bruk, er bygd for 640 senger, men opna med like mange sengeplassar som det gamle sjukehuset hadde, 430. Og medan det gamle sjukehuset hovudsakleg hadde fleirsengsrom, har det nye berre einerom med eige bad.
Prosjektdirektøren for utbygginga har sagt til Stavanger Aftenblad at einerom er standard i alle nye sjukehus, og at sjukehuset er bygd slik det vart bestilt frå Helse Stavanger og i tråd med framskrivingsmodellar og føringar frå Sjukehusbygg HF.
Tilsette har åtvara
Tillitsvalde ved sjukehuset i Stavanger har derimot åtvara både mot einerom og andre av løysingane som no skapar utfordringar.
Alexander Seldal er overlege på ortopedisk avdeling og varaføretakstillitsvald for overlegeforeininga ved sjukehuset. Han vart invitert med i planleggingsprosessen for det nye sjukehuset tidleg, og seier det frå start var lagt nokre premissar det ikkje gjekk å rokke ved. Legane reagerte mest på at dei ikkje skulle ha eigne kontorplassar.
– Det vart snakka om nye arbeidsmetodar og fleksibilitet, vage og uforpliktande formuleringar som gjer at ingen veit kor ille løysingane vert før ein ser det ferdige resultatet, seier han, og syner til at mange legar i dag dreg heim eller til det gamle sjukehuset for å finne eigna arbeidsstad når dei skal skrive spesialisterklæringar, prioritere tilvisingar eller ha forskingsdag. Tillitsvalde i Norsk Sykepleierforbund har på si side åtvara mot å byggje berre einerom.
– Einerom er flott, gjev mindre smitte- fare og gjer det enklare for pasienten å ha besøk, men bemanninga vert meir utfordrande. Det er lettare for éin sjuke- pleiar å ha oversikt over to, tre, fire og fem pasientar på same rom enn å halde oversikt over fleire enkeltrom samstundes. For nokre pasientgrupper kan det også kjennast tryggare å dele rom, seier Gunn Elin Rossland, som er føretakstillitsvald i forbundet.
Atle Døskeland, som er hovudtillitsvald i Sykepleierforbundet, seier det kliniske miljøet ved sjukehuset ikkje har vorte godt nok høyrt.
– Den fysiske ramma og samla kvadratmeter sette nokre avgrensingar. Så kom føringane frå arkitektane og Sjukehusbygg sine rettleiarar, og vi fekk berre vite korleis romma skulle vere. Nokre fagmiljø sa frå om at det ikkje passa for dei, men vart ikkje høyrde. Og no ser vi resultatet, seier han.
Han fortel om korridorar som er så smale at to senger berre så vidt kan passere kvarandre, og om medisin- og utstyrsrom som er for små og uføremålstenleg innretta. I tillegg har både operasjonsavdelingar og sengepostar hatt utfordringar fordi varelagerheisen og andre teknologiske løysingar ikkje fungerer godt nok enno.
– Arkitekten vil seie at bygga er fine for pasientane, men dei er ikkje tilpassa jobben som skal gjerast der, seier Døskeland.
Alexander Seldal er inne på noko liknande. I ein artikkel i Rogaland legeforenings medlemsblad Syd-Vesten skriv han at det nye sjukehuset kan opplevast som eit større framsteg for dei som er interesserte i arkitektur og interiørdesign, enn for dei som er opptekne av funksjonalitet og kompakte og fleksible arbeidsforhold. Sjukehuset er bygd med berre einsengsrom, sjølv om tilsette har åtvara om at det vil krevje meir bemanning.
Pasientar med bjølle
Sjukehuset er heller ikkje ideelt for alle pasientane, ifølgje dei tillitsvalde. Rossland seier korridorpasientar er eit dagleg fenomen. Og sidan det ikkje er planlagt for dette, vert dei liggjande på skrå ut i gangen, mot store vindaugs- flater som gjev innsyn, i skarpt lys frå taket som ikkje kan skruast av, og med ei bjølle som alarm. Personaltoalett er gjorde om til gangpasienttoalett, og dusj må lånast på romma til andre.
Frå akutten har det også vorte varsla om kapasitet på brestepunktet, lange ventetider og risiko for alvorlege hendingar, og ei forklaring som er gjeven, er at storleik og arbeidsmengd på mottaket ikkje står i forhold til personalet. Og frå intensivavdelinga har tillitsvalde fortalt at det – for å sikre nok bemanning til eineromma – er brukt personale frå postoperativ avdeling, noko som igjen har ført til at operasjonar har vorte utsette.
Ifølgje Rossland har ikkje sjukehuset så langt fått den gevinstrealiseringa det er planlagt med, og mange tilsette er slitne og frustrerte. Ho seier det i løpet av dei to fyrste månadene i år vart registrert 150.000 timar overtid og meirarbeid, 8200 brot på arbeidsmiljøloven frå sjukepleiarar ved sjukehuset og høgt sjukefråvær.
Foto: Stavanger universitetssjukehus
– Kan tilpasse ved behov
Viseadministrerande direktør Elisabeth Farbu ved Stavanger universitetssjukehus fortel at det nye bygget er planlagt innanfor dei økonomiske rammene sjukehuset har, og i tråd med nasjonale føringar, og at sjukehuset i hovudsak fungerer bra.
I e-postsvar til Dag og Tid skriv ho at utfordringar knytte til logistikkløysingar som røyrpost og heisar er i ferd med å betre seg, og at det også er sett i verk tiltak – i dialog med tillitsvalde – for å utnytte kontorareala på sjukehuset betre.
Eineromma er sjukehusleiinga også nøgde med, og det er ifølgje Farbu ingen planar på kort sikt om å byggje om fleire rom enn på intensivavdelinga.
– Men det nye sjukehuset er bygd med robuste og fleksible løysingar. I praksis betyr det at ein kan gjere tilpassingar av bygget etter behov, skriv ho.
– Det vart åtvara mot å byggje berre einerom, fordi det krev auka bemanning. Kva tenkjer de om valet i ettertid?
– Vi har bygd i tråd med nasjonale føringar og tilrådingar frå Sjukehusbygg. Det vil sjølvsagt vere både fordelar og ulemper med einerom. For pasientane er det store fordelar mellom anna knytt til privatliv og varetaking av teieplikta og risikoen for smitte, svarar ho.
Usamde i kritikken
Sjukehusbygg HF reknar ikkje inn ekstra bemanning ved bygging av berre einerom. Det fortel avdelingsleiar Silje Marie Johnsen i helseføretaket i e-post. Ho skriv at både forsking og evalueringar av nye sjukehus syner at einerom er løysinga som best varetek både pasienttryggleik, smittevern, konfidensialitet, driftseffektivitet og fleksibilitet.
Silje Marie Johnsen, leiar for avdeling for rådgjeving og tidlegfase i Sjukehusbygg HF
– Kunnskapsgrunnlaget viser at bemanningseffekten ikkje er eintydig, men avheng av logistikk, løysingar og utforming som understøttar god oversikt, skriv ho, og legg til at einsengsrom også påverkar bemanninga positivt ved at pasientane får meir ro, betre nattesøvn og kan ha pårørande til stades utan å oppleve å vere til bry for andre.
På spørsmål om korleis Sjukehusbygg HF vurderer det at sjukehuset i Stavanger no riv einerom på intensivavdelinga, syner ho til at utforminga av rommet er viktig. Ho peikar også på at intensivavdelinga på St. Olavs hospital sidan 2009 har hatt einsengsrom som er samankopla to og to, og at dei er godt nøgde med den løysinga.
Nokon grunn til kritikk mot modellen som vert brukt til å rekne ut framtidig aktivitet og kapasitetsbehov i sjukehusa, ser Johnsen heller ikkje. Modellen vart revidert i 2022 etter kritikk om at han la til grunn for sterk reduksjon i liggjetid, men ein historisk gjennomgang av modellen, målt mot faktisk aktivitet, syner at faktisk reduksjon har vore større enn det modellen estimerte, seier ho.
Leiaren i helse- og omsorgskomiteen er også for å effektivisere, men meiner modellen går for langt.
– Vi skal sjølvsagt ha effektivisering som kjem naturleg. Kjem det eit nytt apparat som måler blodtrykket og legg det rett inn i journalen, vil det vere effektiviserande, men no vert det lagt opp til effektiviseringsvinst langt over det som skal effektiviserast. Det er grenser for kor mykje vi kan effektivisere vekk i tenester der helsepersonell skal møte pasientar, utan at det går ut over pasienttryggleik og beredskap, seier Kjersti Toppe.
– Eg meiner vi treng ein granskingskommisjon for dei nye sjukehusa og modellen bak, slik at vi får rydda opp, legg ho til. •

