Nevrokirurgi i Malawi
Oslo universitetssykehus (OUS) har nyleg inngått ein langsiktig samarbeidsavtale med Fredskorpset og sjukehuset Queen Elizabeth Central Hospital, Blantyre, for å skipa den fyrste nevrokirurgiske avdelinga i Malawi.

Av Haldor Slettebø, Overlækjar,
Nevrokirurgisk avdeling, OUS
I fjor haust var ei lita gruppe frå OUS på synfaring. Me såg at sjukehuset i Blantyre kunne hysa ei nevrokirurgisk avdeling og fekk lovnad om støtte frå Helsedepartementet, Universitetet i Blantyre (College of Medicine), sjukehusleiinga og frå den norske ambassadøren, Asbjørn Eidhammer.
Nyutdanna malawisk nevrokirurg
Samarbeidet kom i stand etter eit initiativ frå den malawiske nevrokirurgen Patrick Kamalo (39) ved sjukehuset Queen Elisabeth Central Hospital i byen Blantyre. Han har gjennomført spesialistutdanninga si ved eit sjukehus i Durban, med økonomisk støtte frå Norad.
Malawi har altså ein ung og heilt nyutdanna nevrokirurg som ynskjer hjelp til å skipa ei sjølvgåande nevrokirurgisk avdeling, den fyrste i landet, ved Queen Elizabeth Central Hospital, Blantyre.
Patrick er utdanna medisinar frå Medical School i Blantyre. Han har to born. Sonen hans fekk tidleg hydrocephalus og måtte til Uganda for å bli operert. Etter operasjonen har han utvikla seg heilt normalt og er i dag ein frisk 9-åring som går på vanleg skule. Faren såg kor nyttig den enkle operasjonen var. Han bestemte seg for å medverka til at andre hdyrocephalusborn frå Malawi skulle få det same tilbodet. Difor valde han å spesialisera seg i nevrokirurgi.
Litt om Malawi
Landet Malawi er eit fattig jordbruksland som var britisk koloni fram til 1964. I våre augo manglar landet det meste av det som velferdsstaten har å by på.
Landet har kring 17 millionar innbyggjarar og mangelfullt utbygd helseteneste. Dei har likevel nokre store sjukehus, og eit av dei beste ligg i byen Blantyre. Helsetenester er gratis og for ein stor del finansierte av bistandsmidlar. Malawi har vore hovudsamarbeidsland for norsk bistand sidan 1997. Landet er utan nevrokirurgisk tilbod.
Spebarnsdødeligheten ligg på 76 /1000 levandefødde. Mødredødeligheten er også høg, 460 pr. 100.000 fødslar. Forventa levetid er 52 år. Kring 10% er HIV-positive.
Det er altså ikkje eit land som first og fremst treng høgspesialisert nevrokirurgi. Men på eit stort sjukehus kan eit enkelt nevrokirurgisk tilbod likevel bety ein god del for å redda unge liv og førebyggja invaliditet.
Sjukehuset Queen Elisabeth Central Hospital i Blantyre
Vart bygd i 1954, har 1100 senger, er eitt av tre regionale sjukehus i Malawi. Byen Blantyre har 1 mill. innbyggjarar, medan den kringliggjande regionen har 6 mill. Det vil difor bli god tilgang på nevrokirurgiske pasientar når tilbodet er etablert om nokre år.
Vanskelege tilhøve i dag
Patrick er alt gang med nevrokirurgiske inngrep i Blantyre. Utstyret han bruker er ikkje det beste, for å seia det mildt.
To dagar i veka gjer han eller teknikaren (sokalla Clinical Officer) Jonathan enkle nevrokirurgiske inngrep, for det meste shuntoperasjonar. Årleg blir det operert kring 200 born for hydrocephalus. Jonathan har 11 års røynsle med slike inngrep. Resultata er ikkje dårlege, men biletdiagnostikken, operasjonsmetodane og utstyret bør forbetrast. Patrick har også operert pasientar med godarta sulstar, men det har vore vanskeleg og tidkrevjande sidan utstyret han nyttar ikkje er laga for nevrokirurgi, men for ortopedi.
På barneposten er det eit eige rom (foto) der 10-12 shuntborn ligg tett i tett.
Nyopererte vaksne må ta til takke med seng eller flatseng på vaksenposten for menn eller på vaksenposten for kvinner.
Den nevrokirurgiske visitten blir difor ei lang vandring kringom på ulike avdelingar. Sjukepleiarane får lita eller inga røynsle med faget sidan dei berre sporadisk ser nevrokirurgiske pasientar.
Det store sjukehuset tek årleg imot ca 150 pasientar med alvorlege hovudskadar, mange av desse etter trafikkulukker på den store vegen til hovudstaden Lilongwe. Ingen av pasientane får CT-undersøkjing, dei blir berre vurderte klinisk og eventuelt undersøkte med vanleg oversiktsrøntgen. Meir enn 2/3 av pasientane med alvorlege hovudskadar døyr på sjukehuset. Det burde difor vera mogeleg å gjeva pasientane eit betre tilbod enn det dei får i dag.
Utveksling tek til i haust
Patrick vonar på hjelp til å skaffa grunnleggjande nevrokirurgisk armamentarium, og på inspirasjon og støtte frå kolleger i Noreg med opplæring og kollegial assistanse. Utanom utstyrspakken blir langsiktig opplæring det viktigaste. Til det trengst mange gode krefter: lækjarar og sjukepleiarar innan nevrokirurgi og anestesi, i hovudsak frå OUS, viljuge til å arbeida ved Queen Elisabeth-sjukehuset i nokre månader. Samstundes vil kolleger frå Malawi reisa andre vegen for å hospitera ved OUS eit halvt år om gongen. Fyrste pulje frå Malawi kjem til OUS i november 2013, medan dei fyrste norske utsendingane dreg sørover i april 2014.
Langsiktig plan
Føremålet med utvekslinga er å utdanna nevrokirurgar til sjukehuset i Blantyre, dessutan sikra at avdelinga får spesialutdanna sjukepleiarar og anestesipersonell. Slik ynskjer me å utvikla ei avdeling der pasientane ikkje berre får gode operasjonar, men også best mogeleg hjelp før og etter eit inngrep.
Nevrokirurgien skal vera konsentrert om tilstandar der enkle operasjonar kan gjeva relativt stor helsegevinst, det vil seia utvalde tilfelle av hovudskadar, hydrocephalus, hjerneinfeksjonar og godarta svulstar.
Det mest presserande i dag er å få CT-skanneren i dagleg drift og å skaffa avdelinga høvelege areal på sjukehuset slik at fagpersonar og pasientar kan samlast på eitt område.
Kontaktpersonar:
Haldor Slettebø,
Nevrokirurgisk avdeling, OUS;
haslet@ous-hf.no
Kristin S. Hanche-Olsen,
Internasjonal avdeling; OUS;
uxkrnc@ous-hf.no
Cecilie Johansen,
Nevrokirurgisk avdeling, OUS;
cecimj@otmail.com
Terje Hanche-Olsen,
Anestesiavdelinga, OUS;
hancheolsen@hotmail.com