Samhandlingsbesvær

Eg er på veg inn til «Bjørg», ei 84 år gamal kvinne som ligg på sengeposten på eit sjukehus i hovudstaden. Ho har vore innlagd for planlagd undersøking med påfølgande blokking av kransårene, og etter vellukka røyrleggjararbeid er ho klar for å reise heim.

Av Håvard Ravnestad,
lege i spesialisering, kardiologisk avdeling, Rikshospitalet. Styremedlem i Yngre legers forening

Etter å ha gått gjennom resultatet av behandlinga snakkar eg med Bjørg om medisinane ho skal bruke framover. Ho sukkar over den etter kvart lange lista over pillar ho tek kvar dag. Sidan ho vart enke har det vorte vanskelegare å halde styr på alt, så i fjor foreslo fastlegen at dei skulle gå over til multidose. Ho trekk opp ein lang rull med små plastposar av veska, i kvar pose ligg alle pillane ho skal ta til eitt bestemt doseringstidspunkt på ein bestemt dag. Heile rullen held i 14 dagar. Korleis tenker eg at me skal få oppdatert posane slik at det stemmer med dei nye medisinane?

Det som følger er eit eksempel på at nyvinningar i vår elektroniske sjukehuskvardag ikkje bidrar til at jobben vår vert enklare, men heller tvert i mot. Den elektroniske medikamentkurva som helseforetaket held seg med kommuniserer (nesten) ikkje med verken pasientjournalen eller reseptformidlaren. Lista i epikrisen, med informasjon om alle dosejusteringar, seponeringar, nystarta medikament og årsaken til samtlege endringar, må førast eller dikterast manuelt. Deretter må eg skrive resept på alle nye medikament. Eg skal også opne reseptformidlaren og manuelt trekke tilbake reseptane på alle medikament som Bjørg ikkje lenger skal bruke, helst med grunngjeving. For at apoteket som produserer multidose skal kunne oppdatere pillerullen må eg no lage eit separat journaldokument med oppdatert medisinliste, som skal faksast til apoteket. Då gjeld det berre å finne ut kva for eit apotek som produserer multidose for innbyggjarar i Bjørg sin kommune. Er eg heldig får eg god hjelp frå ein sekretær som kan oppspore apoteket og fakse lista dit for meg. I dette tilfellet gjer eg jobben sjølv. Etter litt klur med faksen går lista over. 20 minutt seinare pip det i callingen. Det er apoteket. Skal dei nye medikamenta skrivast på blå resept? I så fall, kva for refusjonskode skal nyttast?

«God kvalitet i tenestene avheng av at me har korrekt informasjon tilgjengeleg, og at informasjonsutveksling mellom dei ulike nivåa i helsetenesta går saumlaust og glatt»

Bjørg og heile hennar historie er heilt oppdikta, problemstillingen og logistikken rundt er heilt reell. Som sjukehuslegar møter me kritikk frå både kollegaer og andre for at me ikkje gjer ein god nok innsats for å sikre god samhandling. Vår arbeidskvardag vert meir hektisk for kvart budsjettår. Det same gjeld for våre kollegaer i primærhelsetenesta. God kvalitet i tenestene avheng av at me har korrekt informasjon tilgjengeleg, og at informasjonsutveksling ­mellom dei ulike nivåa i helsetenesta går saumlaust og glatt. Difor må me kunne forvente at nye funksjonar i journalsystema våre lettar samhandlingsarbeidet, ikkje det motsatte. Ei elektronisk kurveløysing som verken snakkar med journalsystemet eller reseptformidlaren burde vera utenkeleg. Når det skal skaffast nye eller ­gjerast endringar i eksisterande journalsystem, må legane ha ei avgjerande rolle i utforminga. Den rolla må me krevje. Og me må ta den når den vert tilbudt.